17. mai vart siste tog for gjengen i Varhaug skulemusikkorps. Korpset blir lagt på is grunn av lite rekruttering over fleire år. I år tel korpset, med stort og smått, ti musikantar i alderen ni til 18 år.
– Det er trist at det er slutt, slår Ole Elias Bergersen (18) fast.
– Idrettsdominert plass
Ole Elias og tvillingsystera Hanna Tomine Bergersen (18) er dei to eldste i korpset og har marsjert taktfast i 17. mai-tog på Varhaug i ti år. Dei kjem til å sakna øvingane og samhaldet, men forstår at det vart for tungt å drifta korpset når rekrutteringa sviktar.
– Varhaug er ein idrettsdominert plass. Eg opplever nok at folk ikkje sidestiller musikk med idrett. Det blir sett litt ned på, seier Ole Elias.
Han har fleire gonger fått høyra at musikk er for tidkrevjande å driva med i ein elles travel kvardag.
– Det er jo ikkje det. Ikkje meir enn andre ting, smiler 18-åringen og tek eit godt tak i trombonen sin. Den har vore ein fast følgjesvenn i mange år og var også avgjerande då Ole Elias valde vidaregåande skule. I dag går han i andre klasse på musikklinja på Vågen vgs.
Tvillingsyster Hanna Tomine går også på Vågen, men på kunstfag. Ho fortel også om gilde år i korpset.
– Det blir litt spesielt i år sidan det blir siste gong. Og kva i all verda skal me gjera på 17. mai neste år? Me kan jo ikkje bare stå og sjå på? Det blir veldig rart, seier ho.
Spørsmålet får fleire av dei andre i rommet til å tenkja seg om.
– Det blir frykteleg rart å bare stå på sida, skyt Maren Aanestad (16) inn.
– For stress å tenkja på
Korpset har også eit anna tvillingpar, Anna og Lena Lye (12). Dei har allereie sikra seg plass i Nærbø skulekorps.
– Det har vore korpsturane som har vore aller kjekkast, og så liker me å opptre, seier Anna.
– Ja, applaus. Det er gildt, skyt systera inn.
Dei to vil bare ta dette 17.-mai-toget som alle andre tog.
– Det er for stress å tenkja på at det er siste gong, så det vil me eigentleg ikkje, seier dei to jentene, som begge speler saksofon.
Med tangentar i toget
Korpset på Varhaug har fungert som eit storband dei siste åra. Det vil seie at dei har hatt inne litt andre instrument enn det ein typisk finn i eit skulekorps.
I år er Arvid Feed Jakobsen med på synthesizer. Tangentinstrumentet er godt innpakka i ein trekasse. Den spesialbygde trekassen kviler på ein forsterkar. Under det heile er det fire hjul.
Dirigent Lars Ole Bergersen plasserer stortromma stødig på magen og tek eit godt tak i handtaket til trekassen på hjul med eine handa. I den andre har han stortrommeklubba. I eit lite korps som Varhaug, får ikkje dirigenthendene kvila i 17.-maitoget. Her må alle trå til. Også for dirigenten blir det ein spesiell 17. mai.
– Men me har kome så langt ned nå at me måtte stikka fingeren i jorda. I år har me to juniorar. Me bør eigentleg ha minst fem per år for å oppretthalda korpset, seier han.
Skulekorpset vil bli lagt i dvale og ikkje offisielt avslutta. Detter på grunn av alle verdiane som trass alt finst i eit korps med instrumenter og uniformar. Håpet er at nokon skal sjå syn på å blåsa liv i korpset igjen ved eit seinare høve.