I slutten av september reiste ho og ein vennegjeng på ferietur til Sveits.
Der skulle dei besøke venninna Malena Njærheim, som budde i Lausanne, og gå turar i storslått natur saman.
Frå opplevingane sine delte dei bilde og videoar. Mellom anna frå ei hending litt utanom det vanlege.
– Då me køyrde kom det plutseleg mange kyr mot oss. Det skjedde sikkert 3–4 gonger på strekninga, forklarer Jakobsen.
Det merkverdige, var at kyrne var pynta med blomeoppsatsar på hovudet.
– Det var ei kjempeoppleving. Det var veldig gøy og litt irriterande, for me måtte stå og vente på dei. Dei gjekk i kø i lange strekningar.
Redde for leigebilen
Kuparaden dei var vitne til, er del av den sveitsiske tradisjonen Alpabfahrt, fann reisefølget ut i etterkant.
Når kyrne skal ned frå sommarbeitet i fjellet, pyntar bøndene både seg sjølv og buskapen, og inviterer til folkefest.
Njærheims video som har gått viralt på TikTok, viser Jakobsen som går ut av bilen og forsøker å manøvrere kyrne bort frå bilen deira.
– Me køyrde leigebil, og det hadde blitt kjempedyrt om den skulle blitt øydelagd. Dette er sikkert tredje eller fjerde gongen eg går ut, seier ho.
– Dette er frå ein episode på nokre minutt. Gardseigarane var snille, og gav meg brus på vegen.
Ifølgje stadsmarkeringa i videoen, var dei i kommunen Airolo.
– Interessant at folk frå andre land engasjerer seg
Videoen har fått nesten 728.000 likarklikk, og over 700 kommentarar.
I kommentarfeltet er det mange som har engasjert seg i at Jakobsen gjekk ut av bilen. Nokon meiner det er heilt unødvendig, og skriv at kyrne sjølv kan sjå kor dei skal gå, medan andre synest det er heilt forståeleg med tanke på leigebilen.
– Eg synest jo heilt ærleg det berre er morosamt og nesten litt interessant at folk frå andre land engasjerer seg, seier Jakobsen sjølv.
At det var akkurat denne videoen som skulle gå viralt, blant alt dei posta av den flotte naturen der nede, er ho overraska over.
– Me tenkte det kunne vere morosamt for næraste vennar å sjå. Dette skulle vere ein tullevideo, og at det var denne som skulle bli populær var litt ironisk, ler ho.