Det gnistrar frå sveiseapparatet der Ali og ein kollega står og jobbar.
Ein kunne tru det var ein vanleg arbeidsplass.
Men i denne verkstaden er dørene låste. Utanfor vindauga med sprossar er det mur med gjerde oppå - og kveilar med piggtråd på toppen av det.
Dei låste dørene
Dette blei Ali van med i dei åtte månadene han sat på såkalla høgsikkerheit, som dei fleste innsette i Åna fengsel gjer.
– Å vera innelåst blei ikkje ei så stor utfordring som eg hadde trudd før eg kom hit, seier Ali.
Men då han blei overført frå høgt tryggingsnivå til eit av husa i «Rødgata», som har lågt tryggingsnivå, innsåg han at det hadde skjedd noko likevel.
– Eg kom dit på ein fredag. På laurdagen sat eg på rommet halve dagen og venta og venta på å bli låst ut. Eg tenkte ikkje eingong på å gå bort til døra, for eg var så van med at nokon andre måtte låsa opp. Men så var døra ulåst. Det traff meg hardt, seier han.
– Bestemte meg for å sjå framover
«Soningsskade», kallar Ali dette fenomenet.
Men sjølv har han bestemt seg for at han skal komma styrkt ut av fengselet etter tre år.
– Eg soner for første gong. Eg var nettopp blitt far, og dei første par månadene var tøffe. Men så bestemte eg meg for å sjå framover heller enn bakover. Eg fokuserte på å gjera noko positivt, å begynna å ta utdanning. Eg sette meg eit mål om å bli ingeniør, og sidan har eg jobba mot det målet, fortel han.
Tidlegare har han arbeidd i 12 år med fisk. Han hadde meir lyst på oljebransjen, seier han. Men med familie og faste utgifter er det vanskeleg å starta på ei utdanning.
Straff, men ikkje berre det
Fengsel skal sørga for å verna samfunnet mot kriminelle og at dei som blir dømt for lovbrot, soner straffene sine.
Men fengsel skal òg hjelpa kvar innsett til å bli klar for eit framtidig liv som lovlydig borgar.
– Me har eit dobbelt oppdrag, me skal både straffa og rehabilitera, seier Henriette Braut Brunes.
Få livet på kjøl - med hjelp
– Målet er at dei som slepp ut, skal ha ein stad å bu, eit arbeid eller skule å gå til, og noko å driva med på fritida. Målet er at dei ikkje skal falla tilbake til kriminalitet og rus, seier sosionomen, som er avdelingsleiar på servicetorget på Åna.
Saman med kollegaer i kriminalomsorga - fengselsbetjentar, miljøterapeutar, juristar og saksbehandlarar - pluss lærarane frå Bryne vgs., prøver ho å gi dei som vil, sjansene dei treng for å få livet på kjøl.
I september 2026 er Ali ein av 193 menn som sonar for straffbare forhold i Åna fengsel. 155 sit på høgt tryggingsnivå, 38 på lågt.
Forvaringsdømte på slutten av soning
Denne månaden tar fengslet også imot dei første innsette i ein heilt ny kategori: Inntil fire forvaringsdømte som er klarert for lågt tryggingsnivå i Rødgata - og som skal førebu seg på å bli sluppe fri.
Dette er personar som er dømt for visse alvorlege lovbrot som trugar liv, helse eller fridom, eller for gjentatt alvorleg kriminalitet.
– Men ingen innsette er betre kartlagt enn desse som kjem til Rødgata, seier assisterande fengselsleiar Morten Røer.
Med eller utan fotfeste: Alle skal ut
Dette er det einaste sikre, påpeiker leiinga: Kvar innsett skal ein dag sleppa ut.
Då blir dei nokon sin sambuar, far, son eller nabo.
– Me kunne jo stengt fengselet heilt så ingen kunne stikka av, halde dei innsette innelåst på cella og berre gitt dei mat. Men då hadde ingen visst noko om kva som ville skje etter soning, seier Leif Magne Viste.
Fengselsleiinga er overtydde om at dei då ville sleppa ut folk som var til større fare for samfunnet, enn det dei gjer i dag.
Jobb er vegen til eit betre liv
Dei har forskinga på si side:
Personar som er utan arbeid, har statistisk «betydeleg» høgare risiko for å havna i fengsel om igjen, viste ein analyse frå Statistisk sentralbyrå tidlegare i år. Jo eldre den enkelte er, dess større blir risikoen ved arbeidsløyse.
I 2014 anslo ein rapport frå Vista Analyse at samfunnet i løpet av 20 år sparer minst 15 til 21 millionar kroner for kvar person som kjem seg ut av eit liv med rus og kriminalitet - og som får seg ei nøktern skattbar inntekt.
– Gud ga meg ein ny sjanse
For Ali opna fengselsstraffen for mykje nytt.
– Gud ga meg ein sjanse til å starta på nytt. Det høyrest sjukt ut, men eg begynte å tenka på den måten, og alt blei lettare. Samvær med kona mi og babyen min betyr alt for meg. Dei er min største motivasjon, seier han.
Mens han har vore der, har dei to flytta til Jæren, fortel Ali. Dei venter på han.
Løpet han har lagt for seg sjølv, blir heia fram av lærarane frå Bryne vgs., som har ei stor avdeling på Åna.
Realkompetansen hans hjalp godt, så Ali tok VG2 på tre-fire månader. Nå er planen fagbrev, fagskule og ingeniørutdanning.
– Det er litt langsiktig, men eg trur eg skal få det til, seier han.
I januar signerte Ali kontrakt med Bryne vgs. og blei industrimekaniker-lærling. Kvar morgon klokka 07.40 stiller han på arbeid i verkstaden bak piggtrådgjerdet.
Avdelingsleiar Per Olav Haarr seier han har trua på Ali.
– Du er veldig etterretteleg, seier han.
Ali takkar.
– Mekaniske bedrifter som treff dei som har hjarta for dette arbeidet, kan få verdas beste tilsette, meiner Haarr.
– Vanskeleg å søka jobb sjølv
Det er ingenting gale med å jobba på verkstaden på Åna, seier Ali.
Men han vil svært gjerne ut i ei ekte bedrift.
– Om ein månad kan eg sleppa ut, til ein overgangsbustad - men berre viss eg har jobb og inntekt og kan forsørga meg sjølv.
Dette er ikkje berre enkelt, sjølv om skulen og NAV aldri så mykje vil bidra.
Inne i fengselet er det vanskeleg å søka jobb, for innsette har ikkje tilgang til internett.
– Ikkje alle er dårlege folk
Men når han har perm hos kona og barnet sitt, er det dette som gjeld, å få seg jobb. Då går han på Finn, skriv søknader og ringer rundt, fortel han.
Ali seier han veit at han ikkje kan forventa å bli tatt imot med opne armar. Men han skulle ønska at han fekk ein sjanse.
– Ikkje alle i fengsel er dårlege folk. Kanskje var ein eit dårleg menneske der og då. Men det betyr ikkje at ein er det heile livet, seier Ali.