[Video: IMG 1630]

– Ut på tur aldri sur, seier ungdommane.

– Ha det på badet, din gamle sjokolade.

Nordmennene snakkar tydelegare enn vanleg, fordi dei prøver å læra bort frasane til sine nye vener.

Sjølv har dei fått sett om namnet sitt til ukrainsk, og nå svarer dei «hæ!» til alt på den ukrainske måten. Det høyrest ut som nynorskordet sjå.

«Hæ?» kjem godt med når ukrainarane stemmer ein komplisert s-lyd, og prøver å få fram korleis namnet på Borzna kommune skal uttalast.

Borzna, saman med Vysokhe og Baturyn, er venskapskommune med Time. Samarbeidsavtalane vart inngåtte i Ukraina for to år sidan, og nå er ein kontingent på tolv elevar og tre lærarar dratt den lange vegen til Norge, med buss og fly.

I løpet av 2025 vart dei fire kommunane samde om å arbeida for å gjennomføra ei ungdomsutveksling i 2026. Det vart søkt om – og innvilga – støtte til prosjektet Friendship in TIME gjennom EU-prosjektet Erasmus+ ungdom.

– Hæ? seier ungdommane i kor. Slikt blir det fort lått og løye av.
– Hæ? seier ungdommane i kor. Slikt blir det fort lått og løye av. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fann kvarandre med éin gong

Flyet landa på sundag. Då vart ungdommane innkvarterte i to hytter på Bore, og starta ei intensiv veke med middag og sosialt lag.

– Dei fann kvarandre med éin gong. Det var god stemning og mykje lyd, fortel Elisabeth Sandve Følgesvold, som leier ungdomsklubben på Bryne.

På måndagen fekk dei sjå Brynebyen, Møllekjellaren, den vidaregåande skulen og ungdomsskulen i Vardheia. På rådhuset vart dei tatt imot av ordføraren og kommunedirektøren, som minte dei norske ungdommane om bakteppet for besøket.

Sandve Følgesvold seier at det var godt at Andreas Vollsund og Trygve Apeland tok opp krigen med Russland under omvisinga. Ho trur ikkje dei norske ungdommane heilt har tatt innover seg alvoret ennå.

Time kommune er i likskap med andre kommunar blitt nøydde til å tenka beredskap på ein annan måte enn tidlegare. Men totalforsvarsåret 2026 er trass alt øving, mens kommunane i Ukraina verkeleg opplever at vatnet, straumen og internettilgangen forsvinn i dagar om gongen.

Oleksander Datsko bur i Borzna, etter å ha flykta frå Kharkiv i nordaust. På greitt engelsk, eit språk han har lært på eiga hand, fortel han at familien flytta tilbake til Kharkiv ein periode, men at dei måtte reisa igjen. Den nest største byen i Ukraina har lege utsett til ved frontlinja gjennom stort sett heile krigen.
Oleksander Datsko bur i Borzna, etter å ha flykta frå Kharkiv i nordaust. På greitt engelsk, eit språk han har lært på eiga hand, fortel han at familien flytta tilbake til Kharkiv ein periode, men at dei måtte reisa igjen. Den nest største byen i Ukraina har lege utsett til ved frontlinja gjennom stort sett heile krigen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tradisjonsrik kost

På kjøkkenet står lærarane frå Ukraina og førebur middagen, og får hjelp av så mange ungdommar som det er plass til. Felles matlagingskurs for 24 stykk er det ikkje plass til, og uansett starta førebuingane kvelden i førevegen.

Tidlegare på tysdagen har ungdommane fått steika lefse, kinna smør og smaka på kjernemjølk, på Vitengarden på Kvia.

På hytta på Bore førebur laget på kjøkkenet ukrainske potetlefser – deruni – og nasjonalretten borsj – ei raudbetesuppe med kjøt, kraft, kål, lauk og gulrot.

Den nøyaktige oppskrifta varierer frå familie til familie, og etter kor i landet dei kjem frå. Retten er til og med verdsarvlista av UNESCO, fortel Nataliia Poliakova på norsk.

Nataliia Poliakova (bakarst) jobbar i Time kommune og er frå aust i Ukraina, mens tysdagens borsj-oppskrift er frå nord, frå Tsjernihiv-regionen nær grensa mot Russland. Heller ikkje deruni-oppskriftene er like, potetene blir rivne annleis i nord enn i aust. Lærarane heiter Nataliya Fedoruk og Iryna Kryvoshei.
Nataliia Poliakova (bakarst) jobbar i Time kommune og er frå aust i Ukraina, mens tysdagens borsj-oppskrift er frå nord, frå Tsjernihiv-regionen nær grensa mot Russland. Heller ikkje deruni-oppskriftene er like, potetene blir rivne annleis i nord enn i aust. Lærarane heiter Nataliya Fedoruk og Iryna Kryvoshei. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Lite snakk om krigen

– Dette var så godt at me må laga det i Møllekjellaren! Me må få oppskrifta, seier Mar Leo Sigmundsen uoppfordra.

Han går kokkelinja på Bryne vgs., og høyrer til den eine halvparten av dei norske ungdommane som er plukka frå ungdomsklubben.

Den andre halvparten er plukka frå ungdomsrådet i Time. Dei kjem både frå ungdomsskulen og den videregåande skulen, og er valde ut fordi dei er samlande personar og ønsker å læra andre å kjenna.

Odin Bergli og Mar Leo Sigmundsen har vore mykje hjå Elisabeth Sandve Følgesvold, som styrer Møllekjellaren. Ved vindauget sit Brit Kristine Wiig, koordinator for ungdomsrådet i Time kommune.
Odin Bergli og Mar Leo Sigmundsen har vore mykje hjå Elisabeth Sandve Følgesvold, som styrer Møllekjellaren. Ved vindauget sit Brit Kristine Wiig, koordinator for ungdomsrådet i Time kommune. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Sigmundsen må dobbelsjekka med Nataliia at det verkeleg ikkje er kjøt i potetlefsene – berre potet, mjøl, salt og egg – og han blir letta då ho seier at i dag, (og berre i dag), er oppskrifta på borsj gratis.

Charlotte M. Haaland og Andreas A. Corneliussen fortel at dei ikkje har smakt ukrainsk mat tidlegare. Dei seier, som fleire andre av nordmennene, at det er meir smak enn i den norske maten.

Dei to fortel at dei ikkje har ønskt å ta opp krigen i Ukraina med ungdommane, fordi dei har merka at ukrainarane ikkje gjer det sjølve. Det kan verka som at det er godt å få han på avstand, for ei stund.

Ungdommane er ganske forskjellige, meiner Andreas A. Corneliussen. Særleg trekk han fram ulik døgnrytme, og at ukrainarane er flinkare til å snakka med nye folk. Ved bordenden sit Charlotte Madland Haaland og Maria Serigstad, og smaker på borsj.
Ungdommane er ganske forskjellige, meiner Andreas A. Corneliussen. Særleg trekk han fram ulik døgnrytme, og at ukrainarane er flinkare til å snakka med nye folk. Ved bordenden sit Charlotte Madland Haaland og Maria Serigstad, og smaker på borsj. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Songen vil visa dykk alt

Etter middagen og utvekslingar av språkelege vendingar, forsvinn ukrainarane over i den andre hytta. Dei skiftar til tradisjonelle, broderte skjorter, og fleire finn fram instrument.

Slik matretten dei serverte, er del av kulturarven dei kjempar for å bevara, gjeld det same for kleda og musikken.

Journaliststudent Diana Kolomijtsjenko pratar plettfritt engelsk, ho skal synga ein låt om familiar, men gjev opp å forklara meir.

– Eg trur at songen vil visa dykk alt, utan orda mine.

Også lærar Nataliya Fedoruk syng, men med tårer i auga. Songen handlar om sola og hovudstaden Kyiv, og blir akkompagnert Lev Dusha, som speler tradisjonell fløyte.

Diana Kolomijtsjenko har flytta til Kyiv for å studera journalistikk på universitetet. Ho kjenner seg korkje meir eller mindre trygg der enn heime, fordi ikkje nokon stad kjennest trygg for russiske åtak.
Diana Kolomijtsjenko har flytta til Kyiv for å studera journalistikk på universitetet. Ho kjenner seg korkje meir eller mindre trygg der enn heime, fordi ikkje nokon stad kjennest trygg for russiske åtak. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Som eit siste nummer syng ukrainarane «Slavna Ukraina», ein over hundre år gammal kampsong som er blitt viktig etter den russiske fullskalainvasjonen i 2022.
Som eit siste nummer syng ukrainarane «Slavna Ukraina», ein over hundre år gammal kampsong som er blitt viktig etter den russiske fullskalainvasjonen i 2022. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Viste fram talent

– Kjenslene de får fram i songen, om kjærleiken til landet dykkar, kulturen og folket. Det var veldig vakkert, seier ei norsk jente då applausen har lagt seg.

Fedoruk overraskar med å snakka lenge, og fortel at ukrainarane er eit syngande folk – både når dei er glade, og når dei er leie seg; når det er vanskeleg, og sjølv om det er krig.

Tidlegare hadde dei russiske songar òg, men dei blir ikkje sungne meir.

– Dei hadde ikkje forventa at me var her, fire år seinare, men me er framleis i live. Me held fram med å synga, dansa og gå til skulen. Sjølv om flyalarmen tre–fire gonger om dagen, går elevane ned i kjellaren, og har skule. Slik har me har me levd i fire år, men de kan sjå at me har vakre, smarte og talentfulle musikarar, som prøver å gjera sitt beste i livet, fordi me har berre eitt liv.

Sjølv om situasjonen er vanskeleg, sa ho, forsøker dei å visa verda at det er mogleg sjølv under krigen.

Læraren har mista mange kjære. Etter songen fortalde ho om kvardagen i heimlandet. – Kvar morgon, kvar time av dagen, minnest me livet til brørne våre, soldatane. Me prøver å hugsa dei når me vaknar og ser sola, fordi me veit kor mange som er drepne. Akkurat nå døyr ein mann eller ei kvinne, på grunn av krigen med Russland.
Læraren har mista mange kjære. Etter songen fortalde ho om kvardagen i heimlandet. – Kvar morgon, kvar time av dagen, minnest me livet til brørne våre, soldatane. Me prøver å hugsa dei når me vaknar og ser sola, fordi me veit kor mange som er drepne. Akkurat nå døyr ein mann eller ei kvinne, på grunn av krigen med Russland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Samla i gruppeklem

Etter framsyninga kjem det straks forslag om disco eller karaoke, og ungdommane er igjen ungdommar.

– Nå treng me dessert, seier Elisabeth Sandve Følgesvold til formannskapssekretær Tone Storesætre, som har laga sjokolademousse.

– Eg trur det gjekk opp eit lys for mange, seier dei på veg ut døra for å henta desserten frå nabohytta.

Då dei kjem tilbake, står ungdommane og held rundt kvarandre i ein stor gruppeklem.

Dei neste dagane skal ungdommane til Prekestolen, surfa på stranda og boltra seg i Melsvatnet, før heimreisa på sundag.

– Og me er altså berre på tredje dagen, seier Elisabeth Sandve Følgesvold.
– Og me er altså berre på tredje dagen, seier Elisabeth Sandve Følgesvold. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim