– Her er det akkurat som i hovudet mitt!
Ragnvald Wernøe stiller opp til ein fotoseanse i eit lagerrom på Storstova og lar seg ikkje affisera av rotet.
Rett ved sida av flygelet han sit bak, er veggen full av straumtavler.
– Og her kjem energien frå!
Wernøe smiler nøgd.
Maur i rumpa
Har du vore på ei tilstelling i Hå dei siste ti-tjue åra har du nesten garantert sett han. Leiaren for kulturskulen i Hå er med på det meste, anten det er Juleparken, Tall Ships Races, konsert på sjukeheimen, barnet ditt har time ved kulturskulen eller ministeren kjem til opninga av ein ny rasteplass langs fylkesvegen.
Kan henda har du sett han med ein løyen hatt på hovudet, spelande på nasefløyte, lirekasse eller trekkspel, gjerne med ei stortromme på ryggen. Eller kanskje han har hatt på seg sirkusuniform.
Om dei ikkje har treft han andre stader, vil dei fleste unge håbuar kjenna Ragnvald Wernøe nettopp slik: Han sirkusfyren.
Dei siste ti åra har Hå kulturskule i samarbeid med Hå kommune reist rundt til skulane i Hå og fått andreklassingane til å setta opp sirkusførestillingar for førsteklassingane. Her er rom frå alt frå klovnar til musikantar (men òg sauar og hestar), balansekunstnarar og verdas sterkaste mann, for å nemna noko.
– Det er tut og køyr og leik og baluba. Ungar er sveltefôra på denne typen leik i skulen. Å få komma ut til dei og sjå at desse ungane med maur i rumpa får lov til å skina. Det er fantastisk. Det er motiverande, seier Wernøe.
I Sirkus Vaudeville, som det heiter, er Frank Robert Andreassen sirkusdirektør medan Ragnvald Wernøe har rolla som musikar, songar og tryllekunstnar.
Å la folk skina
Det hender, når han jobbar med ferietilboda Barn i Juli og Ung i Juli (Wernøe er som sagt over alt), at han treff på ungdom som synst dei har sett han før ein plass. Då hender det han spør om dei har vore på sirkus. Svarar dei ja, så handlar det gjerne om tre skuletimar for åtte år sidan.
– Då spør eg om dei var sau eller hest, og så svarar dei «hest» og så går dei opp sånn, seier Wernøe og går sjølv opp i det som alle andreklassingar i Hå tydelegvis kjenner som klassisk hestepositur.
– Å kunna laga augeblinkar som sit i folk sju-åtte år etterpå, er fantastisk, seier han.
På slutten av dagen går alle ungane heim med kvar sin raude klovnenase.
– Det er noko eige me å sjå dei på sparkesykkelen med vind i håret og raud nase, klare for livet og på veg ut i verda, seier Wernøe.
For nokre år sidan gjorde dei ein litt større variant av sirkuset, der 60 barn frå kulturskulane i Hå, Time og Klepp hadde framsyning i Storstova.
Nå jobbar Wernøe med å sjå på om dei kan laga ei liknande førestilling, men med utviklingshemma i alle rollene.
– Å la folk skina innafor andre rammer, å kunna gje dei gode opplevingar, det er det som driv meg, seier Wernøe.
– Alle er meir enn éin ting
Wernøe vaks opp i det han kallar «ein møblert heim» i Bergen. Far hans var impresario for nokre av dei største namna innan klassisk musikk i Noreg, men sat òg i styret ved ein heim for folk med psykisk utviklingshemming, og sørga for at sonen vart involvert i juleførestillingar, musikalar og andre framsyningar i regi av heimen.
– At eg vart eksponert for dei som budde der, og fekk gjera ting i lag med dei ... – i ettertid tenker eg at det har vore med på å prega meg. Det spennet mellom å leiga Carnegie Hall til Leif Ove Andsnes og å spela julesongar på Helgeseter med utviklingshemma. Alle er meir enn éin ting, seier Wernøe.
Wernøe studerte musikk ved Griegakademiet i Bergen og jobba med samtidsmusikk i BIT 20-Ensemble i Bergen då han trefte Tove, som seinare vart kona hans.
Ein gong då dei var på Jæren for å besøka familie, trefte dei den dåverande rektoren i Hå musikkskule. Ho meinte paret burde flytta til Jæren, og oppmoda Wernøe til å kontakta skulesjefen og seia kva han kunne. Då skulesjefen svarte «Kom» på den opne søknaden hans, var saka meir eller mindre avgjort.
– Du er ikkje diagnosen din
I 1998 flytta Wernøe til Hå og vart kombinert musikklærar i grunnskulen og lærar ved kulturskulen. Sidan 2012 har han vore leiar av Hå kulturskule (i Hå heiter det ikkje rektor – Me vil ikkje vera så «skulske», seier Wernøe).
– Eg er veldig takknemleg. Dei har gjeve meg rom til å vera den beste versjonen av meg sjølv. Det er ein bra plass å jobba, seier Wernøe.
Og jobba gjer han. Som nemnt innleiingsvis, Wernøe er over alt, gjerne i eit heseblesande tempo. Han skriv julesongar og barneførestillingar, og lagar alt frå klassisk musikk til viser. Under pandemien laga han eit kortspel som skal læra ungar notar.
Då har me ikkje ein gong nemnt alt han gjer i det daglege.
– Eg har ikkje av-knapp, innrømmer han.
I vaksen alder fekk han diagnosen ADHD.
– Men, seier Wernøe og gjentar eit poeng han kjem tilbake til fleire gonger i løpet av samtalen:
– Du er ikkje diagnosen din.
Wernøe trur mykje av energien han legg ned i jobben, skapartrongen og dopaminjakta, kan knytast til det at han har ADHD. Det same kan den tydelege kjærleiken til leik, speloppar, ablegøyer, løgne instrument og rols.
Men, gjentar Wernøe:
– Alle er meir enn éin ting.
Treng tid til ettertanke
Av omsyn til heimelivet har Wernøe stort sett prioritert ned turnear og private spelejobbar på kveldstid. Han får framleis skapa og uttrykka seg og jakta dopaminrushet det gjev, men gjer det stort sett i regi av jobben. Der går det til gjengjeld i full fart, og heilt sikkert langt over dei hundre prosentane han er tilsett i.
Men Wernøe har òg behov for ettertanke og ro, å ta ting ned eit hakk og to og kopla av. Då set han seg gjerne ved pianoet og speler.
Stort sett er spelinga nok i seg sjølv, men timane med pianoet bruker han òg i eit av ytst få prosjekt han har gåande utanfor jobben. Wernøe komponerer musikk for songaren Britt-Synnøve Johansen.
I 2022 kom plata «Mørk salong» til strålande kritikkar.
Denne veka kjem Britt-Synnøve Johansen med ei ny plate: «Kveldslys». Også her er all musikken signert Ragnvald Wernøe.
Plata er, ifølge komponisten, «meir nedpå» enn den førre, og femnar om tema som livet, lys og håp, sorg og sakn.
– Den nye plata talar veldig mykje til meg, med dette litt såre. Det var ein gong nokon som sa til meg at når gleda berre er stor nok, går ho over til moll, seier komponisten.
Wernøe trur melodiane han har gjort for Johansen ligg litt nærare den han «eigentleg» er, reint musikalsk. Med mykje av det han driv med til dagleg, til dømes med Sirkus Vaudeville, tar han på seg ei rolle. Når du jobbar med ungar, er det ikkje til å unngå at det vert mykje tøys og høgt tempo.
– Å då få lov til å vera meir ettertenksam, tiltalar meg. Det er meir ærleg. Eg kunne godt tenka meg å gjera meir av det, seier han.
«Kveldslys» kom ut 23. januar. Britt-Synnøve Johansen og band kjem til Ogna scene 13. mars og Storstova på Bryne 8. oktober.