Uteserveringane på Bekkis og Mellombels var fulle sundag formiddag, før portane opna på stadion.
Med song, raude og kvite drakter og flag var det nesten engelsk fotballstemning på torget.
Klokka var like før halv tolv då ein delvis maskert gjeng i mørkeblått kom inn frå Jernbanegata.
Politiet stod parkerte med ein bil i starten av Storgata og forsøkte å sperra, mens den mørkeblå gjengen yppa til bråk.
Kort tid etter, mens dei syng om «Stavanger by», finn nokon fram bluss og tenner på eit Bryne-skjerf.
– Me hate berre Viking, svarer Bryne-supportarar som starta å reisa seg frå uteserveringane.
Dei nærmar seg ikkje sperringane, men det blir ampert mellom grupperingane.
– «Amatør, amatør», syng dei raude, mens det blir kasta gjenstandar over politibilen.
Politiet melde om utfordringar med fotballsupportarare før kampen og var framleis på staden éin time før kamp.
«Vi har derfor sendt en del ressurser til stedet for å håndtere uro og holde gjengene fra hverandre».
Bryne FK oppmoda folk å koma tidleg til stadion.