Når Time vil ha svar på korleis det står til med bassenga på Bryne, ringer dei til ekspertane i Norconsult.

Kommunen gjorde det i 2019, men utsette å gjera noko fordi dei ville unngå å stå utan eitt av bassenga i ein lengre periode.

Planen var å ha klar ein ny symjehall i Hetlandsgata før bassenget i Sivdamheimen vart renovert.

Det var ei kalkulert gambling, men hausten 2024 var det bråstopp.

Sivdambassenget måtte gjennom ei langvarig renovering, men på grunn av stram økonomi, stod ikkje det klar nokon ny symjehall til å ta imot badegjestane.

Denne gongen vil eigedomssjefen gjera det annleis, og han har igjen henta inn Norconsult for å saumfara symjehallen på Bryne ungdomsskule.

– På bakgrunn av at det kan sjå litt vanskeleg ut økonomisk for kommunen å få gjennomført eit nytt basseng i den nærmaste framtida, har eg anbefalt å gå for ei fullverdig rehabilitering og nye 20 år for dette bassenget, seier Riska.

Blir aldri som nytt

Anbefalinga er i tråd med rapporten frå ekspertane. Dei har ingen problem med å finna manglar ved dagens anlegg, men meiner det vil vera uklokt å forsøka å utbetra alle.

Dei bygningsmessige konstruksjonane nærmar seg 60 år, og vil aldri bli så gode som nye. Klokka tikkar for gode gamle Bryne symjehall:

«Uansett vil det neppe være realistisk å se for seg en levetid på mer enn 20 år, selv med en omfattende rehabilitering.»

Ekspertane anbefaler å ha eit «pragmatisk forhold» til at anlegget ikkje lever opp alle forventningane som blir stilt til nye anlegg.

Vasskvaliteten er i dag tilfredsstillande og bassenget er i dagleg bruk. Slik kan det vera ut levetida, som – avhengig av investeringsviljen i kommunen – kan bli rundt 20 år eller ein del kortare.

Fukt oppetter veggene, i trappa opp frå garderoben til bassengrommet. Generelt manglar det membran under golvflisene, trur bassengekspertane.
Fukt oppetter veggene, i trappa opp frå garderoben til bassengrommet. Generelt manglar det membran under golvflisene, trur bassengekspertane. Foto: Foto: Norconsult

Vasstett betongbasseng

Ekspertane finn lite teikn til lekkasjar frå betongbassenget, sjølv om det ikkje er bygt med membran. Betongen som byggingeniøren ein gong på 1960-talet håpte skulle vera vasstett, er faktisk det.

Tilstanden på fuger og fliser er mindre god, men ikkje dårlegare enn at ekspertane ser at det er mogleg å behalda dagens fliser og berre erstatta dei lause. Fugene må uansett fornyast.

Kostnaden er estimert til beskjedne 500.000 kroner, men ulempa er at løysinga held i mindre enn 20 år.

«Funksjonelt kan en sitte igjen med 80% resultat til 10% eller mindre av prisen for en full rehabilitering», skriv ekspertane.

Ei større bassengfornying er estimert til seks millionar. Det er den klart største enkeltkostnaden i prosjektet.

Promenadedekket er av nyare dato, men er dårlegare stilt enn bassenget. Her leier mangelen på membran til lekkasjar, og ei dumt plassert vaskerenne gjer at spylevatnet fort hamnar i bassenget under reingjering.

Det vil kosta éin million å fiksa promenadedekket. Det er mest aktuelt dersom kommunen går for ei større bassengfornying.

Promenadedekket er golvet rundt bassenget. Plasseringa av vaskerenna imponerer ikkje ekspertane. – Stor risiko for at vaskevatn kan hamna ned i bassenget, noterer dei seg i rapporten.
Promenadedekket er golvet rundt bassenget. Plasseringa av vaskerenna imponerer ikkje ekspertane. – Stor risiko for at vaskevatn kan hamna ned i bassenget, noterer dei seg i rapporten. Foto: Foto: Norconsult

Regnar inn gjennom taket

Sjølv om betongbassenget held tett, har det i fleire år vore eit problem at taket lek over bassenget og garderobane.

Det skulle vore utbetra allereie, meiner ekspertane.

Taket verkar å vera i god stand. Men det lek fleire stader, og har gjort det i lengre tid.
Taket verkar å vera i god stand. Men det lek fleire stader, og har gjort det i lengre tid. Foto: Foto: Norconsult

Kommunen har jobba med det ei god stund allereie, svarer Sveinung Riska.

– Utfordringa har vore at det kjem inn vatn berre ved spesielle vindforhold og av den grunn er krevjande å søka etter lekkasjen. Så vurderinga her er at ein må gå grundigare til verks for å finna problemet.

Norconsult anbefaler å fiksa lekkasjane før ein bruker 2,5 millionar på full rehabilitering av garderobane, som har synlege fuktskadar.

Garderobane treng full overhaling. Ekspertane anbefaler ny himling og nye fliser på golv og vegger. Nærbilde viser at golvet ber prega av mykje lapping for å halda anlegget i drift. Toalett og badstove bør rehabiliterast saman med garderobane.
Garderobane treng full overhaling. Ekspertane anbefaler ny himling og nye fliser på golv og vegger. Nærbilde viser at golvet ber prega av mykje lapping for å halda anlegget i drift. Toalett og badstove bør rehabiliterast saman med garderobane. Foto: Foto: Norconsult

32 millionar totalt

I det store og heile viser ikkje rapporten store endringar i forhold til 2019. Slik sett er det godt nytt, meiner Riska.

Sivdambassenget frå 1990-talet kosta rundt 20 millionar kroner å utbetra. I det perspektivet tykkjer eigedomssjefen det er akseptabelt med ein pris på nærmare 40 millionar for symjehallen frå 1968.

Investeringskostnaden for kommunen blir mindre – cirka 32 millionar – når ein trekk frå meirverdiavgift og legg til spelemidlar.

– Eg har føreslått å legga det inn i komande økonomiplanperiode. Grunnen er at me då kan styra når me gjennomfører dette, seier Riska.

Økonomisjef Sami Munawar seier at budsjettprosessen held på for fullt og vil ikkje seia om Bryne symjehall ligg inne i økonomiplanforslaget kommunedirektøren presenterer 27. oktober.

Symjehallen i Hetlandsgata på Bryne er blitt skuven ut av økonomiplanen. I 2023 var kostnaden estimert til 367 millionar kroner. Dersom prosjektet ikkje hadde stoppa opp, kunne hallen stått klar denne vinteren.
Symjehallen i Hetlandsgata på Bryne er blitt skuven ut av økonomiplanen. I 2023 var kostnaden estimert til 367 millionar kroner. Dersom prosjektet ikkje hadde stoppa opp, kunne hallen stått klar denne vinteren. Foto: Foto: Asplan Viak

Må stenga i eitt år

Ved førre renovering starta planlegginga etter at Sivdambassenget var tatt ut av drift. Nå vil eigedomssjefen vera i forkant.

Norconsult meiner heile renoveringa kan gjerast unna i løpet av eitt år. Det er målet, seier Riska.

– Me har ikkje lyst å dela dette opp, med risiko for at me då må stenga bassenget over fleire periodar. Me får då eit basseng som er sikrare driftsmessig, økonomisk gunstigare å driva og sist, men ikkje minst, HMS-driftsmessig mykje betre å driva reint teknisk.

Kommunestyret vedtar budsjettet for neste år og økonomiplanen 2027–2030 på årets siste møte, den 9. desember.

Sanda stammar ikkje frå skitne barneføter, men frå eitt eller fleire av sandfiltera som vart installerte i 2018. Året etter begynte lekkasjane, som kommunen har vore i kontakt med leverandøren om. Inntil lekkasjane blir reparerte, må driftsteknikaren ofte gjera reint bassenget.
Sanda stammar ikkje frå skitne barneføter, men frå eitt eller fleire av sandfiltera som vart installerte i 2018. Året etter begynte lekkasjane, som kommunen har vore i kontakt med leverandøren om. Inntil lekkasjane blir reparerte, må driftsteknikaren ofte gjera reint bassenget. Foto: Foto: Norconsult