Bursdagsbarnet Andreas Vollsund fann sin eigen veg inn i politikken.
Bursdagsbarnet Andreas Vollsund fann sin eigen veg inn i politikken. Foto: Asgeir Ueland

I desember 1991 går ein fem år gammal Andreas Vollsund rundt på byggefeltet på Lye saman med ei jente i same alder. Dei ringer på dørene. Når det vert lukka opp, tilbyr dei folk å kjøpa barneteikningar, lyng eller tørka strå. Inntektene, litt over 200 kroner, har dei gitt til Redd Barna. Det er fyrste gong den noverande ordføraren i Time dukkar opp i avisspaltene til Jærbladet.

Andreas Vollsund sin debut i Jærbladet sine spalter.
Andreas Vollsund sin debut i Jærbladet sine spalter. Foto: Foto: Utsnitt frå Jærbladet 16. desember 1991

16. juli fyller han 40 år.

Rolla Andreas Vollsund fyller i dag, gjer naturleg nok at han er oftare i media, enn den gongen han var ute i gata for snart 35 år sidan. Noko er det likevel att frå den tida. Han var eit barn som var særs aktiv, og ikkje hadde ro til å sitje heime.

Byggefeltsungen

Heime var Lyefjell. Ein stad som tok form på høgda nokre år før han kom til verda. Faren kom frå Sunnmøre, kor etternamnet stammar frå. Mora kom frå Ganddal.

Andreas har to søsken, som begge er eldre enn han. På mange måtar var han ein klassisk byggefeltsunge.

Rundt i regionen er det mange som kan fortelje liknande soger om oppveksten, som Andreas Vollsund. Byggefelta var stort sett prega av unge familiar, kor det kjem ei mengd med ungar som grovt sett er like gamle. Dei store barnekulla veks opp, og med tida sel «urinnvånarane» seg ut, og flyttar inn i leilegheiter.

– Det har skjedd ei utskifting på Lyefjell dei seinare åra, seier han til Jærbladet.

Folk som ein gong kalla Lyefjell heim, forsvinn ut i verda. Andreas Vollsund vende attende til staden han vaks opp, men for nokre år sidan flytta han til Bryne.

Oppveksten var prega av friidrett, fotball, og ein idrett han dreiv det langt i – innebandy. For gjennom ungdomsåra og inn i vaksen aldrar vart det skapt eit miljø i ein idrett dei fleste berre kjende som ei kjekk avlasting i gymtimane.

– Bror min, Endre, bana vegen for meg inn i miljøet, og me spelte oss gradvis opp i divisjonane og hadde nokre sesongar i eliteserien.

Læraren

Det var idretten som var det store for Vollsund lenge.Foto: Snorre Standish Norheim

I lange periodar er det på 2000-talet er det gjennom idretten at han pregar avisspaltene. Unntaket er då han gjekk i 8B i 1999. Lye-elvevane vart flytta til Bryne, då skulen deira måtte vølast om.

Den unge Vollsund hadde sitt å melde til journalist Kjell Olav Stangeland, no ein politisk rival:

«Det er for få vikarar, lærarane får for lita løn slik at ingen vil vere vikarar. Læraryrket må få ein høgare status», sa han den gongen til Jærbladet.

Om det var frustrasjonen over manglande vikarar, som sette spor er han usikker på i dag. Men lærar vart han.

Han kom inn i lærargjerninga gjennom vegen med fag. Han begynte med økonomi, plussa på med matte og har hatt kroppsøving og historie. Med eit kort unntak i Agder og pedagogikk, har han stort sett budd i heimlege strøk.

– Eg begynte å jobba på Bryne skule medan eg var student. Så jobba eg meg opp der og vart til slutt inspektør.

– Eg likte å utfordra elevane å finne på litt ting som var litt annleis og løgne. Når eg treffer igjen gamle elevar i dag, er dei alltid på hels, og skal snakka.

Han såg òg inntoget til smarttelefonar og nettbrett i skulen.

– Det er ein del bra med nettbrett, men eg er særs skeptisk til smarttelefonar på skulen. Her har eg kanskje vorte meir konservativ med åra. Eg trur eg er ein av få foreldre som held igjen lengst på det feltet no, seier han.

Ordførarskulen i heimen

På mange måtar såg livet ut til å segla roleg fram i offentleg sektor på Bryne skule.

I ungdommen, medan han gjekk på Bryne vidaregåande, hadde han alltid vore engasjert. Han gjekk inn i styre og stell i innebandygruppa, men den politiske gløden hadde minka litt gjennom åra som student.

I oppveksten var rett nok gamleordføraren i Time, Arnfinn Vigrestad, ein kjend gjest i heimen på Lyefjell.

– Som ein spøk vart det sagt at eg ein gong skulle ta over etter han.

Oppvakninga

Den politiske oppvakninga hans begynte rundt stortingsvalet i 2013. Det som tende gløden, var eit nytt ord som hadde kome inn i det norske språket: naving.

– Dette var noko som irriterte meg, og eg begynte å lese alle partiprogramma. Eg var aldri ein del av nokon politisk ungdomsorganisasjon. I programmet til Høgre fann eg ting som tiltala meg. Det handla om krav og forventingar. Tydelegheit og større krav, og eit parti som var for næringslivet.

Han ser at han kanskje gjekk mot det som har vorte klisjeen av tilsette i offentleg sektor.

– Eg meiner bestemt at folk må ta ansvar, så skal med sjølvsagt ta vare på dei som treng det. Eit godt næringsliv gjer at me får råd til å kunne tilby betre tenester til folk.

Han legg til:

– Talet på eldre aukar, og fleire av dei må ta større ansvar for eigen alderdom. Difor har me lagt vekt på mange lågterskeltilbod for eldre, seier han.

Ein intervju med ordføraren glir naudsynt fram og tilbake mellom privatliv og politikk. Han tar i mot Jærbladet på kontoret, i ei tid prega av ferie og romlege dagar. Og vegen inn i politikken, etter innmeldinga?

– Etter at eg melde meg inn, kom eg raskt med i styret. Eg trur det var Bjørn Moi som ringde meg då me var på ute på ein bortekamp i innebandy.

Med tidlegare statsminister Erna Solberg i 2022.Foto: Brit Romsbotn

Teknologipioneren

Etter å ha drive valkamp under stortingsvalet i 2013, begynte han ein aktiv kampanje før kommunevalet to år seinare. Han stod ikkje på topp 10 på Høgre si liste.

– Eg var særs aktiv, var mykje ute, og nytta sosiale medium før valet, fortel han.

Det førte til at han vart vald inn med god margin.

Vollsund hadde bestemt seg for ein ting, etter at kommunestyret vart konsolidert: Han skulle ta ordet.

– Eg hugsar at eg var dritnervøs då eg gjekk opp på talarstolen fyrste gong.

Samstundes peiker han at han fekk god draghjelp frå dei som hadde erfaring i kommunestyret.

For dei som sit utanfor kommunestyresalen, kan det verka som om dei lokale folkevalde lever ei eit slags permanent hatforhold på tvers av parti og kollisjonsliner.

– I Time tar me mannen og ikkje ballen, seier han.

Han oppdagar raskt at det gamle uttrykket vart snudd på hovudet, og snur det til ballen og ikkje mannen.

– Etter møta samlast med og et smørbrød og talar om ting. Men eg er av den oppfatninga at du skal står for meiningane dine. Det gjeld òg ting som er upopulære.

Ordførarvervet kom brått på i 2020. Foto: Snorre Standish Norheim

Koalisjonen

At han vart ordførar, var ikkje gitt. Då Reinert Kverneland gjekk av, var han inne i sin andre periode. Det hadde gått eit knapt år sidan valet, og då han vart spurd om å ta over var han berre 34 år.

– Det var særs viktig for meg at eg skulle ha støtte frå dei andre partia før eg sa ja. Det fekk eg. Eg gjekk òg naturleg nok i dialog med dei heime før eg takka ja til ordførarvervet.

Ei sak som det har vore mykje debatt om dei seinare åra, er nedlegginga av Hognestad skule. Hognestad var ein gong hovudpulsåra i Time kommune, før stasjonsbyen Bryne vaks fram etter at Jærbanen var grunnlagt i slutten av 1870-åra.

– I den saka har det vore viktig å vere tydeleg. Det er klassar der kor det er få elevar på trinnet. Samstundes kjem det avgrensingar frå Oslo som gjer at me ikkje kan bygga ut der heller. Eg er sikker på at spørsmålet om Hognestad skule kjem opp att i valkampen før valet i 2027.

Vekst er noko han er opptatt av. Og i dei periodane som Vollsund har sete i kommunestyret, frå 2015 til i dag, har Bryne tatt steget til å vere meir urbant enn det det var. På mange måtar har han vore politisk aktiv i ei tid kor Bryne har gått frå å vere ein liten stad kor alle kjenner alle, til ein stad kor det har kome mange tilflyttarar.

Lyefjell er inne i ein vekstperiode, det har Kvernaland og vore, og delvis Undheim. Samstundes er ha opptatt av at han skal vere synleg over heile kommunen, og ikkje berre på Bryne.

Brynebuen

Dei gamle lektorslektene, som hadde opphavet i det gamle landsgymnaset på Bryne, og som ein gong stod for mykje av styre og stell i kommunen, er kanskje ikkje så synlege i lokalsamfunnet som dei ein gong var. Som born av innflyttarar, og med oppveksten utanfor bykjernen, ser han kanskje ting litt annleis.

– Det eg ser no, er at Bryne har eit levande liv på kveldstid. Det er ikkje lengre slik at folk kikkar rart på deg om du er ute på ein torsdag.

Sjølv er han opptatt av å vere synleg. Han har ein sjølvpålagt regel om at han skal vere mindre på kontoret enn ute blant folk og i næringslivet.

Næringslivet, eller det komande næringslivet, har òg skapt ein viss storm i siste periode. Utbygginga på Kalberg er eit døme på det:

– Det er to krav der, kor me har sett hardt mot hardt. Det handlar om omkøyringsvegen og handsaming av spillvarme. Om det ikkje vert ei ordning på det, tviler eg at det vert noko av det, seier han.

Den mykje omtala brakkebyen på Lyefjell i samband med utbygginga av datasenteret på Undheim, meiner han nesten var uunngåeleg. Det handlar om at alternativet som låg nærare ikkje vart godkjent av Statsforvaltaren.

– På Lyefjell må dei òg bygga ein viss infrastruktur, som me kan nytta på litt sikt når me skal bygga ut, seier han.

Avgrensingar

Men korleis har møtet med dei store teknologiselskapa vore? Veit ein til dømes kven som skal inn i datasentera?

– Eg har ikkje hatt nokre møte med store teknologiselskap enno. Og me veit ikkje sikkert kven som skal flytta inn der. Samstundes er det ikkje slik at om nokon bygger ein industrihall på Håland, så kan me gå inn og overstyra kven eit privat selskap leiger ut til. Skal med gjera det, må det koma nye lovar og reglar frå Stortinget.

Likevel håpar han at det kan verta ein dialog når selskapa er etablerte. For uansett står verda føre ein enorm omvelting som følge av KI-revolusjonen som no er under oppsegling.

Dei tunge teknologiselskapa er likevel på ein litt annan planet, og med større budsjett enn det Time kommune rår over. Budsjett og kutt har vore mantraet i kommunen over tid, jamvel om ein no har klart å snu på resultata:

– Eg tykkjer at administrasjonen og dei ulike avdelingane gjorde ein formidabel jobb då me måtte kutta. Det var ein god dialog med alle, og det kjem folk til oss for å sjå på korleis me handsama det.

Ordføraren har alt sagt at han stiller til gjenval neste haust.Foto: Asgeir Ueland

Vreide mot Statsforvaltaren

Jamvel om han er litt programforplikta til å skryte over eiga befolkning, så er Vollsund ein optimist på Time sine vegner.

– Det er nokre gonger det har enda med mykje støy frå nokre få i sosiale medium. Det er òg nokre tilfelle kor det har gått utover familien. Det er ikkje greitt i mi bok. Eg toler konstruktiv kritikk, men det er betre at folk kjem innom kontoret og tar det med meg enn å berre klaga i sosiale medium, seier han.

Ein trend som har prega tida hans i kommunestyret og som ordførar, er noko han stadig let ser irritera over.

– Det er ein tendens at Statsforvaltaren og byråkratiet vert meir og meir aktive med detaljstyring i kommunane. Dette er ei trend eg òg høyrer som medlem av styret i KS. (Kommunesektorens organisasjon).

Er det høgremannen eller jærbuen Vollsund som talar no? For kanskje er det noko i den jærske kulturen med stein på stein, og lita von om at nokon skal koma utanfrå og berga deg, som pregar kvardagen hans som ordførar i Time kommune.

– På meg verker det stort sett som om folk er nøgde. Eg er optimist og det er mykje gode folk som bur her, seier han.

Og kva så med livet etter 40? Ein mann som kom inn i politikken gjennom eiga grunning på partiprogram. Lokkar Stortinget der i horisonten?

– No har eg sagt ja til ein periode til i Time, og så lenge ungane er små, så fristar det ikkje. (Han har tre born mellom fem og ti). Men så får me sjå kva som skjer seinare.

Eit år til valkamp

Seinare er etter 2031, men før det skal han nyte 40-årsdagen.

Om eit års tid er valkampen for neste periode i gang att. Andreas Vollsund har framleis kraft.

Og 40-årskrisa?

– Den kom for eitt års tid sidan, ein legg fort på seg som ordførar. Kuren var å begynte å springa, så eg spring ein del.

Om eitt års tid kjem han igjen og ringer på dørene rundt i Time. Men då er det verken barneteikningar eller lyng han har i handa. Då er det partiprogram og von om nye fire år som ordførar. Så får me sjå kor mange røyster han klarar å samla inn når timebuen går til val att.