Svein Arve Nygård og Anniken Tuen Nygård
I neste veke gjev Anniken Tuen Nygård den eine nyra si til ektemannen Svein Arve Nygård. Foto: Håvard Ovesen

– Nå kan han i alle fall ikkje hiva meg ut etterpå, seier Anniken og ler.

Etter eit halvt år med prøver og analysar er det klart at nyra hennar ser ut til å vera ein god match for ektemannen Svein Arve, som står i kø for transplantasjon av ei ny nyre.

– Så lenge eg er for organdonasjon, kan eg ikkje berre venta på at andre skal gjera noko. Skal eg meina noko med det eg seier, må eg kunna gjera det sjølv, seier Anniken.

OPPDATERT: Operasjonen deira har vorte utsatt til torsdag 19. oktober.

– Knyter oss nærare kvarandre

Der andre ektepar går med ring som eit teikn på kjærleiken dei har til kvarandre, kjem Svein Arve i tillegg til å gå med nyra han har fått i gåve frå Anniken.

– Kva trur de at dette gjer med dykk som ektepar?

Dei to trekk litt på svaret. Ekteparet har nok først og fremst tenkt at dei gjer det som trengst.

Svein Arve svarar at det er kjensler han trur dei vil kjenna meir på etter at transplantasjonen er eit faktum. Anniken trur det vil knyta dei nærare kvarandre.

Ho fortel at dei pleier å vitsa litt om det seg i mellom:

– Me tullar om at dei dårlege eigenskapane mine ikkje må følga med nyra.

Anniken trur donasjonen òg kan få konsekvensar utanfor heimen.

– Eg trur mange rundt oss har begynt å tenka meir på donasjon når dei har sett kva me står oppe i, seier ho.

– Dette er nok ei sak me vil kjempa litt for når operasjonen er over, seier Svein Arve.

Organtransplantasjon er ingen spøk, men Svein Arve Nygård og Anniken Tuen Nygård finn likevel mykje humor i situasjonen.
Organtransplantasjon er ingen spøk, men Svein Arve Nygård og Anniken Tuen Nygård finn likevel mykje humor i situasjonen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Nyresvikt

Som Jærbladet tidlegare har skrive, lev Svein Arve Nygård, Framstegspartiet sin påtroppande varaordførar i Hå, med kronisk nyresvikt. Nyrene hans greier ikkje å skilja avfallsstoff ut i urinen. I staden hopar dei seg opp i blodet.

Det siste halvanna året har Nygård gått til dialyse tre gonger i veka. Dialysemaskinen reinsar blodet hans for dei farlege avfallsstoffa. Det er ei løysing Nygård har levd greitt med, sjølv om ho er tidkrevjande og fører til ein del avgrensingar i kvardagen.

Den beste løysinga ville vore transplantasjon, altså å operera inn ei ny nyre. Tidlegare har ikkje det vore aktuelt fordi kroppsmasseindeksen til Nygård har vore for høg – Nygård har rett og slett vore for stor.

Men dialysebehandlinga har gjeve resultat, og mykje av vatnet som hadde hopa seg opp i kroppen hans, er no ute. Det har gjeve motivasjon til fleire livsstilsendringar. Sidan mars i fjor har Nygård gått ned 30 kilo.

Heilt sidan slutten av fjoråret har Nygård vore kvalifisert for transplantasjon. Men det å finna ein donor er ikkje heilt lett. Det er ikkje så mange av dei, og i tillegg må organet «matcha» med donoren sin kropp.

I Noreg er det over 450 nordmenn som ventar på eit livgivande organ. Dei fleste organ må kjem frå nyleg avdøde personar som har gitt samtykke til donasjon på førehand, men akkurat nyrer kan òg donerast frå levande, friske donorar.

Sa nei til ungane

Nygård stilte seg i køen, samtidig som han begynte å sjekka med dei rundt seg. For om du sjølv klarer å skaffa donor, går prosessen mykje fortare.

– Far min er for gammal. Ungane tilbaud seg, men det nekta eg. Det er ein tøff operasjon. Det ville eg ikkje hatt hovude til, fortel Svein Arve.

Sjølv om undersøkingar viser at dei aller fleste nyredonorar i ettertid meiner at donasjonen var ei positiv oppleving og at dei ville gjort det igjen, hender det at donasjon får enkelte negative konsekvensar. Det kan blant anna dreia seg om tap av krefter i lenger tid enn venta, eller vanskelege kjensler knytt til takknemlegheitsgjeld eller lojalitetskonfliktar.

Då Anniken sa at ho gjerne ville donera ei nyre, var ikkje Svein Arve så happy for det, nettopp fordi han var redd for helsa hennar. Til slutt lét han seg likevel overtala.

Anniken fortel Jærbladet at ho vil gje han nyra, for at dei to skal få eit enklare liv. Sjølv om dialysen har fungert godt for Svein Arve, har han òg avgrensa fridomen deira. Dei kan ikkje berre gjera som dei vil, når dei vil. Tre dagar i veka, frå halv to til halv ni, har Svein Arve vore til behandling.

– Det er ikkje slik at me berre har sete heime og halde hender, men når Svein Arve får ny nyre, kan me finna på meir ting. Då kan me ta lengre feriar i lag, seier Anniken.

– Tok til vettet

Prosessen starta i desember i fjor. Kroppen til Anniken har, som ho seier, «vore gjennom ein full EU-kontroll». I juli vart alt klart. Sidan har dei berre venta på dato. Anniken si nyre er ein god match for Svein Arve.

Likevel var han skeptisk. Han var jo i god form, og ville ikkje utsetta Anniken for last om det ikkje trengtest. Helst ville Svein Arve berre halde på plassen sin i køen, så kunne Anniken si nyre eventuelt vera ein plan B.

Anniken fortel til Jærbladet at ho er glad legen tok Svein Arve til sides og «snakka han til vettet».

– Eg kjenner meg jo frisk nå, men legen sa at det er umogleg å vita korleis det vil vera i morgon. Etter ein god samtale med legen, fann eg ut at eg ville gå vidare saman med Anniken, seier Svein Arve.

Etter at Svein Arve gav grønt lys, fekk dei dato for sjølve transplantasjonen: Mandag 16. oktober. Allereie torsdag reiser dei til Rikshospitalet.

Torsdag og fredag skal dei to gjennom grundige testar og analysar for å sjå om dei er klare for operasjonen eller må sendast heim igjen («me har øvd oss på å ikkje hosta», vitsar Svein Arve), før Svein Arve laurdag skal gjennom det som venteleg vert den siste dialysen han vil trenga. Går alt som det skal, vil den nye nyra fungera omtrent frå den augneblinken ho vert sett inn.

Ekteparet drøymer om ein lengre ferie saman, heilt utan dialyse.
Ekteparet drøymer om ein lengre ferie saman, heilt utan dialyse. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han vert frisk – ho vert sjuk

Søndag har paret ein dag fri saman, før dei mandag legg seg under skalpellen. Resultatet vert litt paradoksalt:

– Eg kjem inn i operasjonen som ein sjuk mann og går ut derfrå som frisk. Anniken kjem inn som frisk, men kjem ut som sjuk. Akkurat det er litt ringt. Det er ikkje så godt fordelt, seier Svein Arve.

Sjølve operasjonen tar om lag fire timar. Dei begynner med å operera ut den eine nyra til Anniken, før dei opererer nyra inn i Svein Arve.

Anniken må vera på sjukehuset til observasjon i ei veke. Deretter vert ho sendt heim til Sirevåg, sjukmeldt og med forbod om å løfta tungt i to månadar.

Som eigar og dagleg leiar av Pauserommet passar det i utgangspunktet dårleg, men ho har funne ei løysing:

Fram til nyttår vert opningstidene halverte, med ope laurdag og søndag på dagtid. Etter nyttår vert opningstidene som vanleg igjen, med ope fredag kveld, heile laurdag og dagtid på søndag.

– Det har vore litt kabal for å få det til å gå i hop med folk, seier Anniken og legg til at ho har fått nok folk til å hjelpa til med alt det ekstra som skjer i desember.

Svein Arve reknar med å vera oppegåande etter ein dag eller to etter operasjonen. Då ventar det to veker med observasjon på sjukehuset før han flytter over til hotell med jamlege kontrollar på sjukehuset.

Vil rett i jobb

Totalt ventar Rikshospitalet at han held seg i Oslo i seks veker. Sjølv er han ikkje like sikker. Om han er i form til å reisa fram og tilbake til Oslo mellom kontrollane, skil det jo ikkje sjukehuset kor han bur, meiner han.

– Planen min er uansett å vera i jobb etter kort tid. Eigentleg har eg ikkje lagt opp til å vera ute av drift lenger enn mandagen. Alt eg treng for å jobba, er eigentleg ein PC og ein telefon, så eg kan jobba anten eg er her eller der. Og så må eg jo ha noko å gjera når eg er der, seier Svein Arve.

Torsdag 19. oktober møtest det nye kommunestyret i Hå for første gang. Der skal dei blant anna velja varaordførar, eit verv som Svein Arve er innstilt til. Han kjem til å spørja sjukehuset om han får lov til å reisa og vera med, men ventar at svaret vert nei, og at han difor må melda forfall.

– Eg reknar med å vera sjukmeldt som varaordførar i to veker, men kjem til å ha dagleg kontakt med Andreas (Bjorland, påtroppande ordførar for KrF, journ. anm). Han og eg har allereie lagt nokre planar, seier Nygård.

Allereie torsdag i neste veke kjem fleire kompisar av Svein Arve til Oslo i samband med ei byggmesse. Optimist som han her, håpar Nygård å kunna treffa dei ute i byen i løpet av dagen.

– Eg tenker det er betre for sjukehuset om eg treff dei ute i byen enn at alle dei galningane kjem til sjukehuset. Det er i alle fall eit mål, flirer han.

Same dag mellomlandar også nokre taiwanske kundar av Svein Arve, som er assisterande salsdirektør i Pelagia, til Oslo. Dei skal han, etter planen, ut og eta med.

– Eg vel å vera optimist. Men finn eg ut at det ikkje går, så forheld eg meg til det, seier han.

I samband med operasjonen må dei to bu på kvar sitt rom. Så vert Anniken sendt heim etter ei veke, medan Svein Arve må vera igjen til observasjon i fem veker til. Dei to gruar seg til å vera frå kvarandre.
I samband med operasjonen må dei to bu på kvar sitt rom. Så vert Anniken sendt heim etter ei veke, medan Svein Arve må vera igjen til observasjon i fem veker til. Dei to gruar seg til å vera frå kvarandre. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kan ikkje løfta barnebarna

Familien rundt har litt ulike reaksjonar på at ekteparet skal gå gjennom ein såpass omfattande operasjon. Foreldra deira gruer og grublar litt.

– Men me har sagt til dei at dette går godt, seier Svein Arve.

Ungane deira er rolegare men, seier Anniken:

– Det kan jo vera at dei tenker litt meir enn dei gjev uttrykk for.

Det vanskelegaste er på mange måtar dei to barnebarna på fire og eit og eit halvt år. Spesielt han yngste er litt for liten til å forstå konsekvensane av operasjonen.

– Det vert vanskeleg når eg ikkje kan løfta dei på to månadar, seier Anniken.

Det er ikkje gitt at operasjonen går bra. Ikkje berre finst det ei lang rekke med potensielle biverknader, men kroppen til Svein Arve kan òg støytta nyra frå seg. Då må han i så fall tilbake til dialysen og eventuelt stilla seg i kø for ein ny transplantasjon.

– Kan gå gale

Svein Arve er innforstått med at det ikkje nødvendigvis går godt.

– Det kan òg gå gale. Det finst ingen garantiar. Men sjansane er store for at det går godt, seier han.

Med få dagar igjen før operasjonen, medgjev Anniken at ho er spent.

– Eg grugledar meg. Eg kjenner det litt i magen. Mykje slapp taket då eg fekk planlagt korleis me skal gjera det med Pauserommet, men framleis er ikkje søvnen hundre prosent, seier ho.

Svein Arve er av typen som gruar seg til det meste, anten det er tannlegen, doktoren eller noko anna.

– Men berre eg kjem dit eg skal vera, så er det ikkje så gale. Eg trur det vert godt å komma til Oslo. Då er det slutt på å sitta heime og venta. Og så gleder eg meg til å vakna etter operasjonen, seier Svein Arve.

Feriedraum

Dei to har ein draum om å ta ein månad lang ferie saman i Asia. Den draumen kan dei realisera om transplantasjonen går bra. Anniken fortel at Svein Arve datt litt saman då dei fekk beskjed av sjukehuset om å venta med reisa i eitt år etter operasjonen.

– Me skulle aldri ha sagt det, seier han, men har trøysta klar til både seg og kona:

– Me får ta nokre mindre feriar her heime.