Imponert over Erlings bragd. Espen Undheim, Alf Ingve Berntsen, Arne Larsen Økland, Reidar B. Thu og Einar Braut, delar tankar om søndagens kamp mot Brasil.
Imponert over Erlings bragd. Espen Undheim, Alf Ingve Berntsen, Arne Larsen Økland, Reidar B. Thu og Einar Braut, delar tankar om søndagens kamp mot Brasil. Foto: Arkivfoto

Det var ei natt, som verken Jæren eller Noreg kjem til å gløyme. Noreg slo Brasil 2–1 i ein kamp der begge laga hadde alt å vinne. Hovudpersonen vart, som kjend, ein viss Erling Braut Haaland frå Bryne.

Utanfor offisidefella, dei gamle trenarane til Erling Braut Haaland i Bryne kjende igjen fleire ting i kampen mot Brasil dei fyrst såg hos den unge utgåva av spissen.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Utanfor offisidefella, dei gamle trenarane til Erling Braut Haaland i Bryne kjende igjen fleire ting i kampen mot Brasil dei fyrst såg hos den unge utgåva av spissen. Foto: Fredrik Varfjell / NTB Foto: Foto: Fredrik Varfjell, NTB

Haaland vart rett nok supplert av ein sunnmøring som trygg sisteskanse. Ørjan Nyland berga landslaget for straffe imot og skumle skot frå dei gule og blåe.

Legenda imponert

Noreg er klar for sin fyrste kvartfinale i eit VM for fyrste gong i soga. Og i jærnåtta sat både gamle trenarar og markante fotballspelarar limt føre boksen søndag kveld.

Morgonen etter er fleire av dei framleis håse i stemma. Det vart seint for alle i nått, men sigersrusen er framleis intakt då Jærbladet tar ein ringerunde tidleg måndags morgon.

Imponert av duellspillet. Arne Larsen Økland.
Imponert av duellspillet. Arne Larsen Økland. Foto: Foto: Nils-Ove Støbakk

Arne Larsen Økland er rett nok på ferie på heimstaden Bømlo. Den gamle Bryne og landslagslegenda lar seg imponere av prestasjonen:

– Han viser alt før måla stor kraft i duellane med Arsenal-spelaren Gabriel Magalhães, og på headinga har brasilianaren ikkje sjanse i duellen. Den andre skåringa gjer han utan tilløp.

Berlin 1936: – Før mi tid

Økland kjenner landslaget godt. Han fortel at han har vore på nokre av samlingane. Der har han sett eit særs godt samansveisa gjeng.

– Me hadde jo dette bronselaget, men det var jamvel før mi tid, ler han.

Så legg han til: Erling er den beste spelaren som Noreg har hatt, sjølv om me i mi tid hadde skikkelsar som Tom Lund og Odd Iversen.

Økland skapte sjølv historie då han skåra hat-trick mot sjølvaste Bayern München i tida i Bayer Leverkusen.

Problemløysing med dynamitt

Så langt kom ikkje «Norda-Brauden», Einar Braut, i si karriere. Med hås røyst, sit han heime på garden i landslagsdrakt og freistar å finna ut kva som skjedde i går.

– Eg klarer liksom ikkje å ta innover meg kva som har skjedd. Han er ein arbeidshest og dette er heilt sjukt.

Kanskje dynamitt? Einar Braut.
Kanskje dynamitt? Einar Braut. Foto: Foto: Øystein Haara

Braut driv garden som ligg på sida av den garden som Erling si slekt stammar frå, dei har inkje noko nært slektskap:

– Me kjenner jo Haaland-sia, men eg har lurt på kva som finst i dei Braut-genane. Forfaren Erling kom jo frå nabogarden. Han var kommuneingeniør i Klepp, og han var kjent som ein mann som løyste problem med dynamitt. Kan det vere noko der?

Kjenner igjen rørslene til Erling

Erling Braut Haalands gamle trenarar, Espen Undheim og Alf Ingve Berntsen, ser framleis ting i spelet til Erling dei hugsar frå den gongen han var kledd i raudt og kvitt.

Kjenner att rørslene. Espen Undheim.
Kjenner att rørslene. Espen Undheim. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkivfoto)

– Eg såg på nokre gamle videoar av han nyleg då er han 11–12 år gammal. Alt den gong hadde han nokre av dei same rørslene som me ser på landslaget i dag, seier Espen Undheim.

Frå Berntsen kjem det kontant den same observasjonen:

– Det at han nesten aldri går i offside, er noko han lærte seg i ung alder. Når det er sagt så er hovudspelet han har no, ikkje noko han hadde den gong.

Hovudspelet er noko nytt. Alf Ingve Bernsten.
Hovudspelet er noko nytt. Alf Ingve Bernsten. Foto: Foto: Tarjei Sel

Espen Undheim legg til at han velde å sjå denne kampen åleine heime, etter å ha sett nokre av dei andre på torjå på Bryne.

– Det var godt det vart slikt, for eg hoppa høgare enn eg har gjort på lang tid då det andre målet kom.

Oppsummering frå Tubakken

Alle fire er samde i at dette har skapt noko heilt nytt for Noreg. Dei er opptattet av at dette er heile landslaget som framstår som eit sterkt kollektiv, og ikkje berre Erling.

I tur og orden drar dei fram andre prestasjonar til spelarar som stammar frå stader utanfor Jærbladets dekkingsområde.

Eit eventyr. Reidar B. Thu, her med kona Ruth.
Eit eventyr. Reidar B. Thu, her med kona Ruth. Foto: Foto: Trude Håland

Men kva så med Bryne FKs grand old man, Reidar B. Thu. Oppe i Tubakken tar han telefonen frå Jærbladet. Han summerer kort opp korleis dei fleste på Jæren opplevde søndagskvelden:

– Det er berre eit eventyr, og meir er det ikkje å sei om den saka, avsluttar Reidar B. Thu.