Anders Christensen er turneringsleiar for Norgesmeisterskapen i gatefotball. Han er sjølv tidlegare rusavhengig.
Anders Christensen er turneringsleiar for Norgesmeisterskapen i gatefotball. Han er sjølv tidlegare rusavhengig. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Jæren har tatt veldig godt imot oss.

Det seier Anders Christensen, turneringsleiar for Norgesmeisterskapen i gatefotball.

Årets arrangement skjer fredag og laurdag på Kåsen Idrettslag sine banar, i regi av Frelsesarmeens rusomsorg og gatefotball i Stavanger.

OVer 300 spelarar frå heile landet har kome for å konkurrere på Kåsen i helga.
OVer 300 spelarar frå heile landet har kome for å konkurrere på Kåsen i helga. Foto: Foto: Audun Skadberg

Etter første dag gjennomført kan han fortelje om fornøgde spelarar.

– Det har vore gøy, med litt sol og litt regn, og godt fellesskap på kryss og tvers av landet.

320 innlosjert rundt omkring på Jæren

Frelsesarmeens gatefotball er eit lågterskeltilbod for bustadlause, personar med rusproblem, tidlegare innsette og andre sårbare grupper, heiter det i ei pressemelding.

Norgesmeisterskapen samlar årleg fleire hundre gatefotballspelarar frå heile landet. Første NM skjedde i 2007, og landslaget i gatefotball blei etablert to år før, i 2005.

22 herrelag og 10 kvinnelag er påmeldt.
22 herrelag og 10 kvinnelag er påmeldt. Foto: Foto: Audun Skadberg

Det er ingen lokale lag som deltar i år, men turneringa samlar spelarar frå Harstad i nord til Kristiansand i sør, kan Christensen fortelje. 22 herrelag og 10 kvinnelag konkurrerer.

– Me er litt i overkant av 320 stykke, og har booka Bryne Kro & Hotell og Hotel Jæren, og så bur nokon på Jæren folkehøgskule.

– Gir meg meistringskjensle og lagkjensle

– Kva betyr det for dei som er med på dette å vere delaktige i dette?

– Der vil ein nok få veldig mange individuelle historier. Eg er sjølv tidlegare rusavhengig, så for meg som har gått frå å vere spelar til no å vere turneringsleiar, er dette gulrota i året. Det betyr at eg har tilhøyrsle ein plass, det er ein arena som gir meg meistringskjensle og lagkjensle på kryss og tvers av dei enkelte laga, fortel Christensen, og legg til:

– Me plar seie at me er eit stort lag. Alle som er her har same mål; å oppleve meistring og gode, rusfrie opplevingar.

Norgesmeisterskapen starta fredag føremiddag, og avsluttar med finalar laurdag ettermiddag. Turneringa rundar av med ei sports-gudsteneste etterpå.
Norgesmeisterskapen starta fredag føremiddag, og avsluttar med finalar laurdag ettermiddag. Turneringa rundar av med ei sports-gudsteneste etterpå. Foto: Foto: Audun Skadberg

I pressemeldinga seier Signe Haukvik Haugen, som er landslagssjef for kvinnelaget i gatefotball, at gatefotballen gir enorm effekt på psykisk helse, sosial helse og åndeleg helse – som Frelsesarmeen også er opptatt av.

Landslagssjefen for herrelaget, Rune Isegran, seier at dei gjennom den vekevise aktiviteten med gatefotball, og landslaget, ønskjer å vere der til rett tid med eit godt tilbod.

Dei ønskjer å vere ei hjelp og ein moglegheit for dei spelarane som treng det der og då – og som er motiverte til å bruke dette som ein moglegheit til å løfte seg ut av ein vanskeleg situasjon:

– Kanskje få trua på seg sjølv, litt meir tru på framtida, sjå kva ein faktisk kan få til viss ein går saman med andre og set seg et mål.