– Eg kan ikkje sjå at me har mottatt fleire tips i etterkant av programmet, seier politioverbetjent Thomas Thue til Jærbladet tysdag formiddag.
Mandag kveld fokuserte TV 2s Åsted Norge på fire brannar på Jæren dei siste vekene, som politiet trur er påsette:
- I ei trillevogn for ein funksjonshemma 9-åring i eit vindfang i ein bustad på Nærbø seint om kvelden 8. februar.
- I ein bossdunk ved ein husvegg i Snorres gate på Bryne tidleg natt til 9. februar.
- I ein bossdunk ved ein annan husvegg i Snorres gate på Bryne berre litt lengre utpå natta.
- I ein bossdunk nokre meter frå ein husvegg i Amtmann Aarrestadsgate på Bryne natt til 15. februar.
TV 2-programmet «ønsker å gjøre Norge tryggere» og mellom anna hjelpa politiet å oppklara uløyste kriminalsaker.
I sendinga måndag viste dei fram dei fire stadene på Nærbø og Rosseland der folk blei skaka opp nattetid av at barnevogna, bossdunken eller husveggen sto i flammar.
– Det er takka vera snarrådige vitne at det ikkje fekk ta vidare fyr i kledningar eller hus enn det gjorde, sa politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon i reportasjen.
Der viste dei òg ein video laga av den forbipasserande mannen som oppdaga den første bossdunk-brannen på Bryne, og som filma mens han dunka på døra og ropte for å vekka bebuarane – og fekk spylt vatn på flammane med hageslangen.
Frå huset der den andre bossdunken sto i fyr og fekk godt tak i husveggen før den blei oppdaga, viste Slettebø at nokon hadde dratt dunken vekk frå sin vante plass langs eit gjerde og inn til husveggen.
– Det er tenkt tanken om at ein vil ramma og gjera skade her, åpenbart, kommenterte politioverbetjenten.
Politiet driv enno kartlegging for å finna ut kva som har skjedd, opplyser politioverbetjent Thomas Thue til Jærbladet tysdag formiddag. Dei meiner at alle brannane er påsette, og ser dei i samanheng.
– Det gjer me ettersom brannen på Nærbø skjedde kort tid før det brann to gongar på Bryne, seier Thue.
Politiet prioriterer desse sakene høgt, har kollegaen Slettebø forsikra publikum om. Etterforskinga deira er koda som «fremkalling av fare for allmennheten brann». Straffelova sin paragraf 355 har denne formuleringa:
«Med fengsel fra 2 år inntil 15 år straffes den som forårsaker brann, oversvømmelse, sprengning, sammenstyrtning, sjøskade, jernbaneulykke, luftfartsulykke eller lignende ulykke, som lett kan medføre tap av menneskeliv.»
Politiet håpar fleire kan ha sett ting enn dei som til no har meldt seg.
– Ingenting er for lite, sa Morten Slettebø til TV 2.
– Berre ta kontakt. Så kan heller politiet sila ut informasjonen me treng.