– Eg er oppvaksen på Klepp Stasjon. No kjem eg heim igjen til Jæren, på eit vis.

Førli er busett på Ålgård, men har dei siste tolv åra jobba som seniorrådgivar i Stavanger kommune.

Der har ho hatt forskjellige oppgåver, mellom anna å følgje opp heimebaserte tenester.

Ho trer inn som verksemdleiar i Klepp 23. november, og overtar stillinga etter Signe Hagen, som blir rådgivar i helse og velferd.

Det var 13 søkarar, i tillegg til éin som trakk seg.

Hadde sin første jobb i Klepp

Førli er sjukepleiar i botn og har ei masterutdanning i helseleiing.

Sin aller første sommarjobb hadde ho i Klepp kommune. Sidan har ho jobba i administrasjonen i Hå og som avdelingsleiar i Sandnes kommune. Som nyutdanna sjukepleiar arbeidde ho på sjukehuset, før ho gjekk over til heimebaserte tenester i Gjesdal i tolv år.

Som verksemdleiar skal ho ifølgje stillingsutlysinga «Lede og utvikle virksomheten for hjemmetjenester og legevakt i Klepp kommune, med ansvar for drift, personal, fag og økonomi».

Ein sentral del av jobben inneber å bidra til at innbyggjarane i Klepp kan bu trygt heime lengst mogleg.

– Ideell kombinasjon

– Kvifor søkte du på stillinga i Klepp?

– No har eg jobba tett opp til heimetenesta i Stavanger. Eg kjende på at det freista igjen å vere med og leie, seier ho, og held fram:

– Eg har fasilitert for store omstillingsarbeid i heimebaserte tenester i Stavanger, og har også vore innom legevakta der. Denne stillinga var ein ideell kombinasjon av den erfaringa.

Ho utdjupar at helse- og omsorgssektoren står overfor store utfordringar framover.

– Det er motiverande å begynne å sjå kva som skal til for å møte dei utfordringane, og utvikle tenestene. Der har eg mykje å bidra med frå Stavanger. Det er fleire måtar å få folk til å bu trygt heime lenger, og den erfaringa tar eg med meg, seier ho.

– Å jobbe innanfor heimebaserte tenester har vore hjartet nærast dei siste åra.

– Den byråkratiske vegen er ikkje så lang

Den påtroppande verksemdleiaren meiner det er forskjell på å jobbe i store og små kommunar, og at det er fordelar og ulemper med begge delar.

– Den byråkratiske vegen er ikkje så lang i mindre kommunar, og det er kjekt å kunne kommunisere opp og ned raskare. Det er også ein del av motivasjonen, seier ho.

Ho ser fram til å vere med å bidra inn i det interkommunale samarbeidet mellom jærkommunane.

– Eg har høyrt mykje positivt om Klepp kommune som arbeidsgivar, og gler meg til å bli kjent med nye kollegaer i ein av Noregs best drivne kommunar, avsluttar ho.