Innkjøpsleiar Kjersti Øgaard skal pensjonera seg, og 22. mars gjekk fristen ut for dei som vil bli erstattaren hennar.

– Innkjøpsleiaren vil få ei viktig rolle med å legga til rette for at kommunen sine midlar blir nytta best mogleg og bidra til at anskaffingsregelverket blir etterlevd, står det i stillingsannonsen.

Rolla er både operativ og koordinerande, skriv kommunen, og inneber tett samarbeid med andre fagmiljø og verksemder i kommunen for å sikra kvalitet, kostnadseffektivitet og gode prosessar.

Innkjøpsleiaren vil òg ha ansvaret for kommunen sin innkjøpsstrategi.

780 millionar ut i fjor

Fagteam Innkjøp består av ein innkjøpsleiar med fag- og oppgåveansvar for ein medarbeidar, og handterer både bygg- og anleggsanskaffingar og ein brei portefølje av varer og tenester.

Økonomisjef Sami Munawar opplyser at kommunen handla for om lag 580 millionar kroner i 2025, på driftssida.

Beløpet inkluderer alt, inkludert tilskot til private barnehagar, kjøp frå IKS, andre kommunar, staten og liknande.

I tillegg vart det på investeringssida kjøpt varer og tenester for om lag 200 millionar kroner.

Innkjøp er ein støttefunksjon for heile kommuneorganisasjonen og har ansvar for anskaffingsrådgiving, konkurranseutsetting og kontraktsinngåingar.

Fagteamet er ein del av økonomiavdelinga i Time, som har 13 medarbeidarar.

Åtte søkarar

Den nye innkjøpsleiaren startar i slutten av august, opplyser økonomisjef Munawar.