Slik bildet frå Torkel Maulands veg på Bryne viser, er det ikkje nødvendigvis nok å skilta med parkering forbode.
Slik bildet frå Torkel Maulands veg på Bryne viser, er det ikkje nødvendigvis nok å skilta med parkering forbode. Foto: Renovasjonen Næring IKS

Han jobbar som renovatør og køyrer bil 588 for Renovasjonen Næring IKS, som hentar hushaldningsavfallet i Time og Hå.

Rett som det er møter han og kollegaane feilparkerte bilar, som gjer det trongt og vanskeleg å koma fram med lastebilen.

Før sommaren gjorde dei Time kommune merksame på problemet, og bad kommunen vurdera tiltak for å betra situasjonen.

Feilparkerte bilar gjer arbeidskvardagen vanskelegare, og kan gjera at bebuarane i området ikkje får tømt avfallet til planlagt tid.

Dalgård seier at det verkar som at bileigarane ikkje alltid tenker på at breie renovasjonsbilar skal koma forbi.

– Det gjer jobben vår tyngre. Me må få dei til å flytta bilen, og viss me ikkje får tak i dei, får me ikkje tømt i dei gatene.

Ønsker greie forhold

Bjarte Sætevik på kommunalteknikk seier at Time kommune innimellom får innspel om bilar som står i vegen.

– Viss Renovasjonen har problem med å koma til og det er ei feilparkering, kan parkeringsselskapet handheva det. Men viss bilane står lovleg, kan dei koma med innspel til skiltinga, seier han.

Slike innspel har dei kome med i Torkel Maulands veg på Bryne, der renovasjonsbilen nesten ikkje kom forbi.

– Bilen stod i utgangspunktet lovleg der, men me ønsker at det skal vera greie forhold for Renovasjonen å koma fram. Viss det ikkje allereie er gjort, så er det planar om å gjera eit skiltgrep der.