Kan dei vera kasta ut av eit køyretøy?

Det lurer turgjengaren på etter å ha lufta hundane laurdag.

Slik såg det ut ved undergangen på Braut, ifølge turgjengaren.
Slik såg det ut ved undergangen på Braut, ifølge turgjengaren. Foto: Foto: Privat

– Ved undergangen på Braut oppdaga eg tre samanknytte matavfall-posar. Eg gjekk nærmare for å sjå og for å ta dei med og kasta dei i organisk avfall heime, skriv Wulvig i ein e-post til Jærbladet.

Den tanken slo ho ifrå seg då ho såg kva posane inneheldt: Føter stakk ut av minst ei av posane, og gjennom emballasjen kunne ho sjå at det var fugl, kanskje høns.

– Eg var redd dei kunne vera sjøldaude, altså utsett for eit virus eller noko. Frå tid til anna finst det jo fugleinfluensa, seier Hanne Wulvig til Jærbladet.

Jærbladet har vist bilda til Mattilsynet. Der meiner også Gunn Kristin Osaland, sjef for seksjon produksjonsdyr sør, at i alle fall den eine posen ser ut til å innehalda ei høne.

Det var lurt av Wulvig å la vera å plukka opp posane og kasta dei, meiner ho.

– Det kan vera lurt å la vera om vedkomande ønsker å sikra bevis, og det kan vera lurt å halda seg unna posane med tanke på potensiell fugleinfluensa-smitte, meiner seksjonssjefen.

Mattilsynet er rett instans å melda til viss ein mistenker ein smittsam sjukdom, opplyser ho.

Politiet er rett adresse ved mistanke om noko kriminelt.

Når det gjeld kadaverhandtering, er kommunen rett instans å melda til, ifølge Osaland.

Tre posar med daude høns låg strødd ved fotgjengar-undergang på Braut
Tre posar med daude høns låg strødd ved fotgjengar-undergang på Braut Foto: Foto: Privat

For tida er det ikkje meldt om fugleinfluensa i distriktet, opplyser Atle Barkve, landbrukssjef i Klepp.

Då ville folk heller ikkje ha handtert det på den måten, trur han.

– Eg ser ikkje for meg at dei som driv med hønsefuglar som næring, ville gjort noko slikt, seier Barkve, som ikkje har høyrt om dette funnet eller noko liknande før.

Ansvar for å handtera små kadaver, er det kommunen som har, stadfester Oddgeir Bjånes, driftsleiar på kommunalteknikk i Klepp.

Han har ikkje høyrt at funnet er meldt til kommunen før Jærbladet ringer. Men dette skal dei ta seg av, forsikrar han.

– Me kjem innom og plukkar det opp, seier Oddgeir Bjånes.

Nokre minutt seinare melder han at dei er på veg.