Arild Hølland og Renata Kucinskaite Hølland var oppe klokka ni for å støtta opp om den energiske naboen sin på Varhaug.
For tredje sundagen på rad har Magnus Skretting Helvig (34) invitert alle som vil med på jogging, sauna og sosialt samvær.
– For min del er det det sosiale som er viktigast, seier Arild.
Seks dryge kilometer
Ruta startar og sluttar på parkeringsplassen ved Holmavatn. Dei spring cirka tre kilometer nedover, før dei snur og spring opp att.
Sundag 6. september møtte fire opp på kort varsel. Førre sundag var dei tre som sprang, og denne sundagen var dei seks.
To varme badstover
Det bles friskt, dei 40 minutta joggarane var ute, men dei var heldige og slapp regnet.
Det gjorde ikkje dei tre ungdommane og den eine vaksne frå mottakssenteret på Nærland, som starta å jogga litt seinare.
Heldigvis er Magnus Skretting Helvig ein optimist og hadde fyrt opp i begge badstovene, som har plass til åtte-ti personar i kvar.
Drøymer om førti mann
Starttidspunktet kan ha vist seg å vera for ambisiøst, og kan bli endra, men konseptet Social Sauna Run er kome for å bli.
Skretting Helvig seier han tilpassar tempoet etter nivået til joggarane, og har allereie løysinga når oppmøtet tar seg opp.
– Viss me blir mange nok, utvidar me med endå eit tidspunkt.
Joggeturen er gratis, mens det kostar litt for å vera med inn i badstova, som firmaet Jæren Sauna held varme og reine.