– Dette er eit fantastisk område. Det blir mykje brukt, men bruken avgrensar seg når det begynner å bli mørkt, seier Per Bergstad i Jæren Sparebank.
– Dette er eit fantastisk område. Det blir mykje brukt, men bruken avgrensar seg når det begynner å bli mørkt, seier Per Bergstad i Jæren Sparebank. Foto: Snorre Standish Norheim

Den nyslåtte banksjefen i Jæren Sparebank har overtatt ideen om å lysa opp stien rundt Melsvatnet frå forgjengaren.

Per Bergstad innrømmer at han ikkje veit kva prisen blir, men slår fast at det ikkje nyttar å springa halvvegs.

Derfor lovar han at banken, gjennom gåvefondet, skal ta heile kostnaden for lysløypa, inkludert opparbeiding.

– Å få ei eller anna form for belysning rundt vatnet, vil vera fantastisk og opna opp for langt fleire brukarar.

Ekstremt positiv ordførar

Det er Jæren Friluftsråd som forvaltar det populære turområdet, og som snart må ta stilling til gåva frå banken.

– Me har ikkje landa dette ennå. Me ventar på friluftsrådet, seier Bergstad, som seier at han «heiar på friluftslivet».

Time-ordførar Andreas Vollsund vil også heia – på den lokale banken, folkehelsa og tilbodet om ei gratis lysløype.

Løypa vil ikkje berre gagna timebuen, seier han, men også vera «ideell» for innbyggarane i Klepp, Hå og Gjesdal.

Melsvatnet ligg ved Ålgårdsvegen mellom Bryne og Ålgård.
Melsvatnet ligg ved Ålgårdsvegen mellom Bryne og Ålgård. Foto: Foto: Vebjørn Olsen (arkiv)

Jærkommunane har nærmare 80.000 innbyggarar som kan nytta tilbodet, og dei er fire av åtte medlemskommunar i friluftsrådet.

Vollsund posisjonerer seg nå – før styret i Jæren Friluftsråd behandlar gåva onsdag 10. juni – og vil rydda vekk skepsisen til lys.

– Eg er ekstremt positiv, seier ordføraren til forslaget om å lyssetta løypa på dryge fire kilometer.

– Løypa er mykje brukt, og ligg midt i ei naturperle. Alt er lagt til rette, me har turstien, dofasilitetar, dagsturhytta og nye gapahukar. Det er så mykje som kan skje her, men me bur på ein plass der det er mørkt halve året.

Vil ha fakta på bordet

– Eg gjer det styret til slutt bestemmer seg for, men fakta på bordet, må me ha, seier dagleg leiar Øystein Dahle.

Derfor er forslaget hans til vedtak å greia ut gåva vidare.

Konsekvensane for naturmangfaldet, inkludert fuglelivet, må bli klarare.

Dahle vil også ha synspunkt på det å lyssetta naturen, frå publikum generelt, og frå naboar.

– Me vil høyra om dette er eit sterkt ønske frå veldig mange, eller om det er nokre få. Dette vil jo ha ein konsekvens for dei som liker å gå på tur utan lys. Dette er eit veldig mørkt område, og det gå der under stjernehimmelen har òg ein verdi.

Sidan friluftsområdet er statleg sikra, er tiltaket med lysløype avhengig av ei godkjenning frå staten.

– Det er ei sterk tilrettelegging rundt Melsvatnet allereie, med både turveg, dagsturhytte og gapahukar, som jo er bra. Så er spørsmålet om det skal leggast endå meir til rette. Her er det mange omsyn å ta, seier Dahle.

– Dei som overnattar i gapahukane, vil få belysning rundt seg. Det er ikkje så kjekt. Og dei som vil gå tur i eit område utan lysforureining, vil mista den moglegheita, viss det kjem lys rundt Melsvatnet.
– Dei som overnattar i gapahukane, vil få belysning rundt seg. Det er ikkje så kjekt. Og dei som vil gå tur i eit område utan lysforureining, vil mista den moglegheita, viss det kjem lys rundt Melsvatnet. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Vil auka bruken

– Det er nok av område å gå viss du vil ha det mørkt og sjå stjernehimmelen. Du skal ikkje lenger opp enn til Åsen. Dette området passar perfekt for ei rundløype med lys, meiner ordførar Vollsund.

Sjølv om Melsvatnet er ei perle, er han ikkje med at løypa går gjennom urørt natur. Løypa og fasilitetane rundt, er allereie opparbeidde, og ligg nær parkeringsplassar og bilveg.

Vollsund vil gjera løypare tryggare for barn og unge, men også vaksne, som føretrekker ikkje å gå eller jogga i mørkna.

– Dette kan auka bruken, og er det éin ting eg har vore opptatt av lenge, så er det folkehelse. Når banken kjem og seier at dei skal ta heile rekninga, og la det bli lys, så begeistrar det meg.

For å koma i møte dei som fryktar lysforureining, har han spurt banken om å bla opp for låge lyspullertar og tidsstyring.

Både Bergstad og Vollsund viser til Tjødnå på Bryne, som er svært mykje brukt etter at løypa rundt heile vatnet vart lyssett. – Du får fleire med, fordi terskelen for å koma seg ut i naturen, blir lågare.
Både Bergstad og Vollsund viser til Tjødnå på Bryne, som er svært mykje brukt etter at løypa rundt heile vatnet vart lyssett. – Du får fleire med, fordi terskelen for å koma seg ut i naturen, blir lågare. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Spørsmål om drift

– Me må gjera ei avveging: Skal me ha det mørkt eller ikkje? Eg forstår det med naturen, men det kan me ta omsyn til med teknologi. Derfor meiner eg Jæren Friluftsråd må sjå at dette er noko som kan gje større bruk, seier Vollsund.

Øystein Dahle meiner det er for tidleg å konkludera, sjølv om bruken av turløypa rundt Melsvatnet kan gå opp.

– Det er sjølvsagt positivt viss fleire går tur, og du får ein folkehelseeffekt. Men me må oppsummera alt dette, og ta eit val

Viss valet blir eit ja, har Jæren Sparebank tatt på seg investeringskostnaden.

Kostnadene med drifta lysløypa må nokre andre ta, og det er ei utfordring, seier Dahle.

– Me kan ikkje berre ta på oss nye og nye oppgåver, me må ha ei finansiering. Eitt alternativ er at kommunen driv det.

Frå før har Jæren Friluftsråd erfaring med å drifta lysløype i Brekko i Gjesdal kommune.
Frå før har Jæren Friluftsråd erfaring med å drifta lysløype i Brekko i Gjesdal kommune. Foto: Foto: Gjesdalbuen (arkiv)