På eit møte i juni erklærte styret at Jæren Friluftsråd er positiv til initiativet frå Jæren Sparebank, som har tilbydd seg å ta rekninga for å lyssetta den fire kilometer lange turstien rundt Melsvatnet.

Nåverande banksjef Per Bergstad, som arva prosjektet frå forgjengaren, deler visjonen om å opna opp for fleire brukarar.

Derfor mobiliserte han då det før sommaren herska tvil om friluftsrådet ville takka ja.

Saman med ein joggefrelst småbarnsfar og ordførar, Andreas Vollsund (H), argumenterte banksjefen for at fordelane med å utvida dagen er større enn ulempene for naturen.

– Me var skeptiske, fordi me har fått i oppdrag å ta vare både på friluftsliv og natur. Men styret sa at me skal setta i gang prosessen, for å finna ut om dette går an, fortalde Øystein Dahle onsdag formiddag.

Han var invitert til Time formannskap for å fortelja om arbeidet til Jæren Friluftsråd.

Oppdrag frå styret

Melsvatnet er eit statleg sikra friluftsområde og underlagt ein forvaltningsplan som avgrensar kva som er lov å gjera her.

Friluftsrådet må hindra at nye tiltak for friluftsliv leier til «unødige inngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyreliv», forklarte Dahle.

I tillegg til å signalisera at styret er positiv til initiativet frå banken, bad styret administrasjonen om å avklara om det faktisk er mogleg å realisera prosjektet.

Oppdraget var å sjå på potensialet i auka bruk i eit folkehelseperspektiv, men også greia ut moglege negative konsekvensar, både for naturmangfaldet, naturopplevinga og lysforureining.

Ekspertane har svart

Nå er analysen frå ekspertane i Ecofact klar, fortalde Dahle til formannskapet.

Spesielle lysstolpar og å sløkka lyset utover kvelden – i 22–23-tida – skal syta for fisk, insekt, fugl og annan type dyreliv fungerer.

– Dei seier at viss me gjer desse avbøtande tiltaka, og dei er ikkje så mange, så er det ingen problem med å laga lysløype.

Så la han til:

– Men det vil kosta litt.

Godsnakka med banken

Banksjef Per Bergstad innrømte at han ikkje veit kva prisen på lysløypa blir, då Jærbladet møtte han i sommar, men slo samstundes fast at det ikkje nyttar å springa halvvegs.

I løpet av éin månads tid får han truleg besøk frå Øystein Dahle, som vil presentera tiltaka og kva dei vil kosta.

Med dei ekstra tilpassingane er den tidlegare skeptikaren positiv til lysløypa.

– Då er det eit godt tiltak, og eg trur også det er lurt for banken. Då kan dei seia at dei legg til rette for friluftsliv og folkehelse, men me øydelegg ikkje naturen. Nå vil alle stå trygt i dette.

– Dette var brekkstonga me trong. Nå skal berre godsnakka med banken, kommenterte ein fornøgd ordførar etter orienteringa.