Frå 12. oktober snur Kolumbus traseen for skuleskyssen mellom Skareberget og Undheim skule.
Då vil 3.-klassingen Olav og 5.-klassingen Eivind frå Mossigebakken sleppa å kryssa Undheimsvegen i 80-sona for å komma seg til busstoppet om morgonen.
5.-klassingen Sigurd Undheim, som bur langs same trafikkerte veg, i ei 70-sone, skal også kunna gå på bussen på si side av vegen om morgonen.
Det kan skje fordi bussen framover vil starta ved Tunheim, køyra Mossigebakken, Garborg og Skareberget – før den snur og køyrer same veg til Undheim skule. Då kan elevane gå på bussen utan å måtte kryssa Undheimsvegen, ifølge Kolumbus.
Denne løysinga la fylket sitt transportselskap fram i samferdselsutvalet sist onsdag.
Det var som svar på eit spørsmål frå Venstre sin representant, Kjartan Alexander Lunde. Han hadde reagert på saker i Jærbladet om ungane sin situasjon.
Kjartan Alexander Lunde frå Venstre ville vita om omlegginga av skuleskyssen på Undheim faktisk har redusert køyringa og kostnadene. Det fekk han ikkje svar på. Foto: Javad Parsa, NTB
Spørsmål frå fylkespolitikar
«Hvordan har Kolumbus vurdert sikkerheten når barn må krysse Undheimsvegen i en 80-sone for å ta bussen?» spurte han.
«Trafikksikkerhet er et viktig hensyn ved planlegging av skoleskyss», skriv Kolumbus i svaret til Lunde.
Dei har brukt innspel frå føresette og skulen som grunnlag for endringa, opplyser dei. Men legg til:
«Endringer i ruter og stoppesteder kan samtidig få konsekvenser for reisetid, ruteføring og tilbudet til andre elever».
Sønene til Ingrid Ropeid på Mossige skal sleppa å kryssa den farlege Undheimsvegen på veg til busstoppet om morgonen. Men ho er framleis ikkje trygg for dei. Foto: Ingeborg Eliassen
Protesterte mot ny ordning
Heilt til dette skuleåret er Olav og Eivind blitt henta av taxi på tunet heime i Mossigebakken fordi dei elles ville måtta kryssa den farlege Undheimsvegen for å komma til busstoppet.
Den same ordninga har Sigurd Undheim hatt. Han bur litt nærmare skulen langs den same vegen.
– Men sidan skulestart i haust har taxien som før henta heime i tunet, ikkje dukka opp. Me foreldre har ikkje fått informasjon frå Kolumbus om endring i skysstilbodet eller om kva som er tilbodet nå, eller kva haldeplass guten skal stiga på bussen og når, seier Knut Undheim, far til Sigurd.
Kolumbus sin transportør, Vy, har skifta underleverandør nyleg. På Mossige fekk foreldra til Olav og Eivind beskjed om at gutane nå måtte gå til stoppet nede i Undheimsvegen, der bussen ville sperra vegen for annan trafikk og dermed gjera kryssinga deira trygg.
Foreldra protesterte på dette.
Nå fortel mor til Olav og Eivind, Ingrid Ropeid, at ho har fått melding om den nye endringa som gjer at gutane slepp å kryssa, og at den startar 12. oktober.
Gler seg til å ta bussen
Dette har også Knut og Sigurd Undheim fått opplyst.
Sigurd gler seg til å ta bussen. For dei første to månadene har foreldra køyrt han til skulen på veg til sine jobbar, og då har han komme fram ein halv time før skulen startar. Det har blitt ein del venting på kameraten Torje, seier han.
– Det er positivt at det ligg føre ei løysing der bussen køyrer slik at elevane kan gå på og av på rett side av Undheimsvegen, meiner Knut Undheim.
Men plassen sonen skal stå og venta, har ikke busslomme, skilt eller lys. Sjølv om Sigurd går i 5. klasse, er han ikkje betrygga over situasjonen.
– Viss dette skal vera standarden, må den også gjelda for yngre elevar. Det er fort gjort å ikkje sjå barn som står langs vegen. Viss noko går gale, kan det ha store konsekvensar, seier han.
Helst vil han ha tilbake den gamle ordninga med taxi, som han seier fungerte fint i mange år.
– Dette gjeld såpass få ungar at det ikkje kan vera nødvendig å køyra store bussar, meiner Undheim.
Ennå utrygt, meiner foreldre
Heller ikkje Ingrid Ropeid kjenner seg trygg.
– Me vurderer det som litt farleg også å stå på denne sida av vegen og venta på bussen. Det er eit uoversiktleg kryss, og ungane vil gå litt ut i vegen for å sjå om bussen kjem. Eg står og held dei igjen, seier Ropeid.
Ho trur det same vil skje på den «rette» sida av vegen for dei.
– Det går an å sjå bussen når den kjem viss ein står lenger oppe i Mossigebakken, ifølge Ropeid.
– Men dei er ikkje mogne nok til å forstå faren og at dei ikkje må gå heilt ned til vegen, fryktar ho.
Viss sikta skal bli betre, må ein jamna ned jorda på staden, ifølge Ingrid Ropeid.
Kolumbus har løyst problemet med kryssing av vegen, ser ho.
– Men me synest ikkje opplegget er trygt nå når dei ikkje blir henta. Så me kjem til å fortsetja å køyra dei ned til stoppet og venta til bussen kjem.
Vil ha ny veg merka som «farleg»
Etter påtrykk frå foreldre vil Time kommune kartleggja skulevegane i kommunen på nytt.
Kartet som gjeld, og som påverkar kven som får skuleskyss, er frå 2017. Dei som var skulebarn då, er det ikkje lenger. Men langs enkelte vegar som den gongen ikkje hadde elevar, bur det ungar i dag – med foreldre som meiner at skulevegen definitivt er farleg.
– Me vurderer å be kommunen vurdera også Mossigebakken som farleg. Den har ikkje lys, den er smal og utan fartsgrense. Det går ikkje to bilar i breidda. Viss det kjem ein stor bil opp bakken, så må ungane hoppa i grøfta, seier Ropeid.
Slike bilar kjem til gardane, fortel ho: Mjølkebilar, kraftforbilar, slaktebil.
Vil ha innsyn i korleis ting er bestemt
Knut Undheim har på si side bedt både Kolumbus og Time kommune om innsyn i all skriftleg korrespondanse, eventuelle vedtak og grunnlag for vedtak, om endringar i individuelt tilrettelagt skuleskyss for Lye og Undheim.
Han vil også vita kva vurderingar som har vore gjort av trafikksikkerheit langs vegen.
– Såpass alvorleg må ein ta skuleskyssen, at ein i alle fall drar ut og ser på forholda for å avklara om dei er trygge nok. Løysinga dei kjem med, er betre enn å kryssa vegen. Men om det er trygt nok for dei minste, er eg ikkje sikker på.
Han kjenner seg kraftig underinformert.
– Me vil ha ærlege svar, heller enn flosklar. Viss saka er at Kolumbus ikkje har pengar til skuleskyssen slik han var, må dei seia det, og så får politikarane prioritera annleis. Dei må ta oss og ungane på alvor. Det synest eg me fortener, sjølv om me bur på landet, seier Knut Undheim.