Slik såg den eine døra ut ved Lyefjell barnehage mandag ettermiddag.
Slik såg den eine døra ut ved Lyefjell barnehage mandag ettermiddag. Foto: Vebjørn Olsen

Sundag i 12-tida fekk politiet melding om skadeverk på Lyefjell barnehage. Ifølge politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon var det fire vindu som var knust.

Politiet reiste ut for å sikra spor, men måtte ta ein ny tur til Lye allereie dagen etter, då det blei oppdaga at òg Lye skule hadde blitt ramma av ruteknusing.

– Der kan det sjå ut som om nokon har komme seg inn gjennom ei ulåst dør, seier Slettebø.

Slik såg det ut ved fleire dører ved det forlatne bygget mellom Lyefjell barnehage og skulen.
Slik såg det ut ved fleire dører ved det forlatne bygget mellom Lyefjell barnehage og skulen. Foto: Foto: Vebjørn Olsen

Etter det han veit, er det ikkje teikn til at uvedkommande har vore inne i barnehagen.

Slettebø oppmodar dei som kan ha relevant informasjon til å ta kontakt.

– Skadeverket har skjedd i løpet av helga. Er det nokon som har sett nokon i det aktuelle området, er me interesserte i tips, seier han.

Ut frå alle platene som har blitt spikra over vindauga i barnehagen, ser det ut til å ha blitt knust meir enn fire ruter.
Ut frå alle platene som har blitt spikra over vindauga i barnehagen, ser det ut til å ha blitt knust meir enn fire ruter. Foto: Foto: Vebjørn Olsen