I Engelsvoll barnehage er det ikkje lenger tabu å snakka om fråvær og kva alle kan gjera for at fleire er meir på jobb. Det har ført til meir nærvær, seier styrar Inger Ølberg Lode.
I Engelsvoll barnehage er det ikkje lenger tabu å snakka om fråvær og kva alle kan gjera for at fleire er meir på jobb. Det har ført til meir nærvær, seier styrar Inger Ølberg Lode. Foto: Ingeborg Eliassen

– Skal du jobba med fråvær, må du jobba med nærvær, seier Inger Ølberg Lode, styrar i Engelsvoll barnehage i Klepp.

Sidan omslaget i 2021, då fråværet i staben var over 20 prosent, har barnehagen hatt periodar der dei har vore nede på seks og sju prosent. I fjor endte dei på 7,28.

Det kom ikkje av seg sjølv.

Redninga var eit prosjekt i regi av Nav arbeidslivssenter Rogaland, «nærværsløftet». Fire kommunale barnehagar i Klepp med høgt sjukefråvær – ein med nær 30 prosent – blei plukka ut til å delta. Dei andre var Storhaug barnehage, Orstad naturbarnehage og Klepp friluftsbarnehage. Barnehagesjefen, HR i kommunen og tillitsvalde frå Fagforbundet og Utdanningsforbundet var òg med.

Bratt nedgang

I fjor endte barnehagesektoren i Klepp på 7,94 prosents fråvær, ned frå 9,16 prosent året før, ifølge barnehagesjef Alvhild Aksnes. I dette talet ligg også barnehagar som ikkje har hatt spesielt høgt fråvær. Men også Orstad naturbarnehage, der fråværet i fjor var på 5,19 prosent.

- Kun éin barnehage i kommunen hadde fråvær som var høgare enn 10 prosent i fjor, seier Aksnes.

Undervegs i prosessen i Engelsvoll barnehage måtte styraren ut av komfortsona.

– Eg måtte bli tryggare som leiar, tørra å stå i det og våga å snakka sant om livet: «Når du er borte, går kvaliteten på arbeidet vårt ned». Det var å trø folk på tærne, seier Inger Ølberg Lode.

'Når du er borte, går kvaliteten på arbeidet vårt ned'. Slik kommuniserte styraren i Engelsvoll barnehage til den enkelte tilsette med høgt fråvær. I starten var det å trø folk på tærne, seier ho.
'Når du er borte, går kvaliteten på arbeidet vårt ned'. Slik kommuniserte styraren i Engelsvoll barnehage til den enkelte tilsette med høgt fråvær. I starten var det å trø folk på tærne, seier ho. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Små og store behov

Ei lita hand tar tak i hennar i leikeområdet og vil berre halda. – Inger! roper ein annan tass. Han vil visa henne plassen han hadde vondt i går, men som ikkje gjer vondt lenger.

Og her kjem ein ny smårolling stabbande med godt grep om handa til mora, det er besøksdag i barnehagen og mange kjem for å få eit inntrykk av kva som ventar dei.

Rett innanfor porten helser barne- og ungdomsarbeidar Kjersti Søberg fleire små aspirantar velkomen. Ein meir erfaren barnehagegut haler og drar i henne for at ho skal bli med han.

Fokus: Kva me klarer

Sjukefråvær-prosjektet har endra kulturen i barnehagen, meiner Søberg, som har jobba i Engelsvoll barnehage i 14 år.

– Det har vore veldig bra. Me har fått fokus vekk frå kva me ikkje klarer, til kva me klarer, seier ho.

Folk er blitt meir positive til å prøva seg på jobb om dei er litt rusjne, i staden for å tenka at dei kanskje blir heime, meiner ho.

– Det er takhøgd for at me kan gå viss me ikkje klarer å vera her. Men ofte går det bra, seier Kjersti Søberg.

Barnehagar er krevjande arbeidsplassar med generelt høgt fråvær. Men i Engelsvoll barnehage har styrar Inger Ølberg Lode og dei tilsette tatt grep som har gjort at folk er mindre vekke enn før.
Barnehagar er krevjande arbeidsplassar med generelt høgt fråvær. Men i Engelsvoll barnehage har styrar Inger Ølberg Lode og dei tilsette tatt grep som har gjort at folk er mindre vekke enn før. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

20 prosent fråvær

Inger Ølberg Lode har det øvste ansvaret for at barnehagens 83 smårollingar, med minst like mange konstante behov, skal bli sett og få det dei treng av dei tilsette.

Til det trengst at alle som er i stand til å jobba, kjem på jobb. Men sånn har det ikkje alltid vore.

– I 2021 hadde me over 20 prosent sjukefråvær. Det la eit stort press på meg som leiar og på dei tilsette som var igjen, seier Ølberg Lode, som har styrt barnehagen i 15 år.

Tre rundar med omgangssjuke

Onsdag morgon fortalde ho om snuoperasjonen i Engelsvoll barnehage til eit godt besøkt frukostseminar på Nav for bedrifter i alle slags bransjar.

Arbeid i barnehage er generelt krevjande. Det fortel den nasjonale statistikken over sjukefråværet for yrkesgruppa barnehagelærar ein del om: Ingen yrkesgrupper har like høgt fråvær over 14 dagar, ifølge Statens arbeidsmiljøinstitutt.

I barnehagar heng korte og lange sjukefråvær ofte saman, seier Alvhild Aksnes, barnehagesjef i Klepp.
I barnehagar heng korte og lange sjukefråvær ofte saman, seier Alvhild Aksnes, barnehagesjef i Klepp. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Barnehagetilsette går i mykje smitte, påpeiker barnehagesjef Alvhild Aksnes. På nyåret i år hadde fleire barnehagar heile tre rundar med omgangssjuke, fortel ho.

Langt sjukefråvær heng ofte saman med desse korte, meiner Aksnes.

- Når du går med vonde skuldrer og får dette på toppen, kan det gjera utslaget. Folk i barnehagar er generelt utsette for slitasje. Dei kan ikkje ta heimekontor. Dei må vera til stades og yta fullt kvar dag, seier ho.

I tillegg er arbeidsmarknaden svært pressa, og det er vanskeleg å få tak i vikarar, legg ho til.

- Me spurte alle kva som vippar dei til å bli heime, og kva som vippar dei til å gå på jobb, sa Inger Ølberg Lode i presentasjonen til bedrifter frå Klepp og Time.
- Me spurte alle kva som vippar dei til å bli heime, og kva som vippar dei til å gå på jobb, sa Inger Ølberg Lode i presentasjonen til bedrifter frå Klepp og Time. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

«Nå tar eg meg ei sjukmelding»

For styraren i Engelsvoll barnehage kom Nav-prosjektet som ei gåve frå himmelen, fortalde ho. I jamlege møte med dei andre styrarane fekk ho hjelp til vita kva det er lov til å seia til medarbeidarar og kor grensene går.

– I samfunnet seier folk «nå tar eg meg ei sjukmelding», og me høyrer ennå i blant at nokon seier dei har nokre eigenmeldingsdagar «igjen» og at dei vil ta dei på slutten av året. Kva haldning er det?

Nærværsamtalen

Det aller mest nyttige verktøyet i prosessen viste seg å vera «nærværssamtalen», to individuelle samtalar i året med kvar tilsett.

– Der spurte eg alle kva som vippar dei til å gå på jobb, sa Ølberg Lode. Svara handla ofte om godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.

Ho spurte òg om kva som vippar medarbeidarane til å ikkje gå på jobb. Då var svaret det motsette – og at dei var trøytte.

– Når eg då spurte kva me kan gjera for å vippa dei tilbake, og om når dei vil vera frisk nok til å vera på jobb, fekk me interessante samtalar, sa Ølberg Lode.

Den farga fråværskalenderen var omstridt først, men i dag er den noko tilsette etterlyser, ifølge Inger Ølberg Lode, styrar i Engelsvoll barnehage.
Den farga fråværskalenderen var omstridt først, men i dag er den noko tilsette etterlyser, ifølge Inger Ølberg Lode, styrar i Engelsvoll barnehage. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Fråværsdagar farga i kalenderen

Eit anna grep i samtalane var å kartlegga fråværet til den enkelte bakover i tid på kalenderen – gjerne mange år den første gongen, nå det siste året – og gi ulike typar fråvær forskjellige fargar: Raudt for sjukmelding, grøn for eigenmelding, gul for sjukt barn, oransje for permisjon.

– Nokre var skeptiske, men dei fleste syntest det var spennande. Nokre var mindre borte enn dei hadde trudd, andre meir. Ein person hadde 67 prosent fråvær eit år. Då er det ganske raudt på kalenderen. Men det var fakta, og me må snakka sant om livet.

Prosjektet var eigentleg slutt i 2023, men samtalane og fråværsfargane har dei framleis. Den farga kalenderen er blitt noko medarbeidarar etterlyser, ifølge Ølberg Lode.

Blir aldri ferdige

I februar i år var sjukefråværet i Engelsvoll barnehage 15,7 prosent.

– Det går opp og ned. Det varierer mellom årstidene, og nye folk begynner å jobba i barnehagen. Dette er ferskvarearbeid, me blir aldri ferdige. Men nå kan me snakka om det utan å trø kvarandre på tærne, meiner styraren.

I fjor hadde arbeidstakarar i Rogaland det nest lågaste sjukefråværet av alle norske fylke, 4,9 prosent. Eit felles mål for barnehagane i Klepp er derimot å komma under åtte prosent i år, ifølge Alvhild Aksnes.

– Me forventer ikkje å komma ned i 4-5 prosent i snitt i år, kanskje om nokre år. Folk har lov å ha ei helse, her er det snakk om å finna ein balanse. Det skal vera så kjekt å gå på jobb at ein heller vil det, enn å vera heime, seier barnehagesjefen.