– Eg får jo høyre kor gildt det er å gå i barnehagen her.
Torsdag formiddag har småbarnsfar Simon Odland har tatt turen til Markå barnehage.
Ei januarnatt i 2023 brann den gamle barnehagen ned. Fram til ungane flytta tilbake i gjenoppbygga lokale i desember, heldt kvardagen deira til i den gamle barnehagen på Tu.
Olivia og Elias, ungane til Odland, begynte noverande barnehageår der, og var med på returen i slutten av året.
Familien bur i Kleppestemmen.
– Det er ikkje langt til verken Kåsen eller ned her, så det gjekk fint der også, men det er heilt nydeleg å få dei til Klepp igjen, seier Odland.
Nokre endringar
Den nye barnehagen rommar seksti ungar. Den er også tilrettelagt for å byggast på seinare, dersom politikarane ønskjer det.
Gjenoppbygginga er hovudsakleg finansiert av forsikringspengar, utanom at kommunen dekka mellomlegget for at den skulle kunne huse like mange ungar som før, og samtidig vareta dagens krav.
Den har også gått over frå privat til kommunal drift.
Innviinga blei feira med talar, eigen song om Markå og skodespel av dei tilsette i barnehagen – til jubel frå dei yngste.
– Håpar de har det litt magisk kvar dag
Ordførar Kjetil Maudal fann fram gullsaksa, og fekk klippe den obligatoriske raude snora – etter ein trylleformel av ungane i barnehagen, sjølvsagt.
– Det har blitt ein utruleg flott barnehage, kanskje ein av dei finaste i Klepp, sa han i talen i forkant.
– Her blir det lagt eit viktig grunnlag for tryggleik, vennskap og nysgjerrigheit. Eg håpar at de som går i barnehagen her, og de som arbeider her, har det litt magisk kvar einaste dag. Det trur eg er viktig.
Også kommunedirektør Torild Lende Fjermestad fekk ordet. Ho rosa både føresette og tilsette for innsatsen deira i dagane etter brannen.
– På måndagen veka etterpå kunne me opne barnehagen på Tu. Det vil eg takke dykk alle for, for ein innsats, sa ho.