– Det er ei tikkande bombe, med kort veg frå parkeringsplass og rett ut i sekstisone.
Anita Bilstad har mobilisert til Jærbladets intervju. Med Stian Høydal Sunde og Linn Tjøtta Liene på laget vil ho vise at det er brei einsemd blant foreldre og tilsette i og :
Tryggingstiltaka langs Nordsjøvegen er ikkje gode nok, meiner dei. Trafikken går berre meter frå gjerda som omringar barnehagen, og er ei ferdselsåre ungar og tilsette må bruke når dei skal til stranda eller skogen.
Styrar Karen Norstein Danielsen stiller seg bak.
– Det er ein skummel veg. Me er redde for at det skal skje ei ulukke, seier ho.
– Fartsgrensa må ned
Gjengen er ivrig etter å illustrere problemet. Samtidig som dei står i grøftekanten, peiker dei på kor langt barnehagen må følgje hovudvegen for å kome til naturperlene.
Skal dei for eksempel til Borestranda, må dei sykle 1,2 kilometer på vegen i sekstisone.
Barna sit då på fastmonterte sitjeplassar framme, eller så sit dei i store vogner og blir trilla på tur.
– Når me skal til Bore syklar me midt i vegen, då det ikkje er nokon plass å køyre til sida, seier styrar Danielsen, som meiner dei er heldige som har stranda som sitt leikeområde.
Det er kombinasjonen av ei smal sekstisone med for lite belysning, mykje trafikk, ingen gang- og sykkelsti, og det dei skildrar som knappe grøftekantar som bekymrar dei.
Mange køyrer visstnok for fort, og foreldre skal ha opplevd farlege forbikøyringar på strekket. Dei seier trafikken er prega av tungtransport heile dagen.
– Enten må fartsgrensa ned eller så må me få fortau og belysning, seier styraren.
Dei vil ha 40-sone forbi barnehagen, med god margin i begge retningar. Det er snakk om eit strekk på omtrent 1,5 kilometer, frå innkøyringa til Borestranda og litt forbi Borsheim.
– Det er heller ikkje merka særleg med barnehage, så mange veit ikkje at den er her, seier Tjøtta Liene.
Tidleg ettermiddag på fredag 7. november, gjennomførte politiet trafikkontroll i nærleiken av barnehagen. Sju sjåførar fekk fartsbot, der den høgaste hastigheita blei målt til 84 kilometer i timen.
Gjeld også skuleungar
Det er ikkje berre barnehageungane som blir tatt til orde for. Også ungar som skal til Bore skule kjem i farlege situasjonar når dei ventar på bussen langs vegen, meiner gjengen Jærbladet møter.
– Det er ofte bilar som køyrer forbi bussen samtidig som det spring ungar over vegen, seier Bilstad.
Ho legg til at elevane ofte står i mørket utan refleks.
– Eg har hjartet i halsen kvar dag når eg køyrer til jobb. Det står skuleungar i vegkanten, og ungar kan vere uføreseielege, seier styrar Danielsen.
FAU vil kontakte fylkeskommunen om bekymringane sine, med støtte frå barnehagen. No håpar dei at også foreldra til skuleungane hiver seg på.
– Grunnen til at me tar opp saka no er at det er høyring for trafikktryggleik i Klepp, og me har sendt inn uttale frå SU. Fartstavle er ikkje nok. Det gjer kanskje at folk køyrer seksti kilometer i timen, men me treng å få farten ned, seier styraren.
Kommunen har sendt ut nytt forslag til trafikksikringsplan for 2026–2031. Planen skal vere grunnlaget for trafikksikringsarbeidet i Klepp, og bygger på nasjonale målsetjingar om nullvisjonen, at ingen skal døy eller bli hardt skadde i trafikken.
Då lista over tiltak blei behandla i hovudutval for samfunn og kultur tidlegare i haust, fekk Åslaug Årsland Grude (Sp) einstemmig gjennom at administrasjonen skal vurdere å sette opp ei fartstavle på Nordsjøvegen ved Borsheim barnehage.
Fylkeskommunen: – Naturleg å sjå på ønska
Aksel Grunnreis er seksjonssjef vegforvalting i Rogaland fylkeskommune, og skriv til Jærbladet at han forstår at foreldre ved Borsheim barnehage opplever situasjonen som utrygg.
– Det er heilt naturleg at slike bekymringar blir løfta. Samtidig er det viktig å presisere at fylkeskommunen ikkje kan saksbehandle konkrete tiltak gjennom media.
For å vurdere forhold som fartsgrense, skilting, belysning eller andre trafikktryggingstiltak, må dei først innhente fakta, gjennomføre eigne vurderingar og sjå dette opp imot gjeldande retningslinjer, skriv han.
– Det inkluderer også dialog med Klepp kommune for å avklare om området er omtalt eller prioritert i deira trafikktryggingsarbeid.
Han oppfordrar FAU til sende ein skriftleg førespurnad til fylkeskommunen, slik at saka kan journalførast og vurderast på ordinær måte.
Ifølgje Ann Kristin Herredsvela, fagansvarleg for samferdsel i Klepp, spurde kommunen om å setje ned fartsgrensa til førti kilometer i timen i 2023. Svaret frå fylkeskommunen skal ha vore slik:
«Fartsgrense 40 km/t kan brukast utanfor tettbygde strøk dersom eit stort antal barn/unge kryssar vegen til og frå skule. Ved Borsheim barnehage vurderer me at dette ikkje er tilfelle, og det blir derfor ikkje sett ned fartsgrensa på strekninga».
– Det stemmer at me mottok ein samleførespurnad frå kommunen om fleire strekningar, men ikkje frå barnehagen, i september 2023. Der har me berre svart ut temaet fart, skriv han.
– Eg tenker det er naturleg at me ser på ønsket om nedsett fartsgrense igjen, saman med dei andre ønska frå FAU.
Kommunen kan kome med innspel
Barnehagen er kommunal. Ifølgje Herredsvela i Klepp er det fylkeskommunen som gjer vurderinga når det gjeld tiltak på og langs på fylkesveg, men kommunen kan sende inn innspel dei får frå FAU, naboar, foreldre og andre.
Når det gjeld tilvisingsskilt til barnehagar langs fylkesveg, må kommunen søke til fylkeskommunen om tillating til å setje det opp.
Det er kommunen som betalar for skilt, medan fylket bestemmer plassering og set det opp.
– Kommunen stiller seg bak fylket sine faglege vurderingar. Dersom me ser at det er lokale forhold som fylket ikkje nødvendigvis er like tett på, spelar me dette inn som ein del av vurderingsgrunnlaget, skriv ho.