Til venstre er Berge Ohm under finalen i TV 2-programmet Norske Talenter i 2011. Bildet til høgre blei tatt då han og Astrid Haaland Pollestad gifta seg i juli i fjor.
Til venstre er Berge Ohm under finalen i TV 2-programmet Norske Talenter i 2011. Bildet til høgre blei tatt då han og Astrid Haaland Pollestad gifta seg i juli i fjor. Foto: Kyrre Lien (NTB) / privat

Tidleg i tenåra blei han eit kjend ansikt etter andreplassen i Norske Talenter. Året etter kom han til «superfinalen» i Melodi Grand Prix junior.

Sjølv kallar han desse åra som barnestjerne for baluba.

Den tidlegare anonyme guten frå Vindafjord fekk speleoppdrag, møte med plateselskap og blei kjend igjen på gata.

– Eg plar seie eg har levd to liv. Det er ikkje samanliknbart med noko anna eg har gjort, seier han.

Seinare, då ungdomsskuleåra var over, ville han bli fotballproff. På eit tidspunkt var han inne på rekruttlaget til FK Haugesund.

Berge blei eit kjend ansikt i Norske Talenter og kom til «superfinalen» i Melodi Grand Prix jr.
Berge blei eit kjend ansikt i Norske Talenter og kom til «superfinalen» i Melodi Grand Prix jr. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I dag lever han eit ganske alminneleg familieliv på Bryne. På Universitetet i Stavanger fann han kjærleiken med brynebuen Astrid Haaland Pollestad.

– Det har vore viktig for meg å sikre ei stabil inntekt, og eg har alltid visst at nålauget for å leve av musikken har vore ekstremt lite.

Musikk eller fotball?

I desse dagar er Ohm heime i pappapermisjon.

Etter ein sesong med Voll idrettslag i fjor, har han foreløpig lagt fotballskoa på hylla. No går det stort sett i masterskriving i forbindelse med lærarutdanninga, og oppfølging av sonen Einar på to år.

– Men gitaren står framme i stova. Sonen min elskar å høyre på når eg speler, og det verker som han har musikkspire i seg han også, då han har begynt å synge og etterlikne det eg gjer, seier Ohm.

Småbarnsfaren drar gjerne fram gitaren og speler litt for sonen sin.
Småbarnsfaren drar gjerne fram gitaren og speler litt for sonen sin. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Spennet mellom musikk og fotball er ikkje der lenger.

– Då eg var yngre, var det veldig nære at eg gjekk «all in» for musikk. Men så var eg også fotballgut av heile mitt hjarte. Alle kompisane mine gjorde det same, og der følte eg tilhøyrsle.

– Eg prøvde så godt det let seg gjere å satse på begge delar, men i etterpåklokskapens namn burde eg ha gått for ein av delane. Hadde eg gått for musikk, hadde eg drive meir med det i dag, seier han.

Draumen om ei artistkarriere på heiltid forsvann likevel aldri heilt.

– Det er framleis noko eg tenker på. Om moglegheita hadde bydd seg, hadde eg nok ønska det, ja.

Gir ut ny, men gammal låt

Dei seinare åra har Ohm reist rundt på enkelte speleoppdrag med broren Olav Ohm, som også har blitt musikar. Han har samarbeidd litt med ulike artistar, og testa ut forskjellige musikksjangrar.

Som musikklærar har han også fått drive noko med det han elskar på jobb.

Med jamne mellomrom har han gitt ut eigne låtar.

Berge Ohm under finalen i TV 2-serien Norske Talenter i 2011.
Berge Ohm under finalen i TV 2-serien Norske Talenter i 2011. Foto: Foto: Kyrre Lien / NTB

Fredag 10. april slapp han si nyaste.

– Med denne låta har eg funne litt meir tilbake til meg. Den laga eg faktisk i dei åra då eg var på TV og det var stor ståhei, seier han.

– Eg har alltid visst at eg skulle gi den ut, men har ikkje visst timinga, legg han til.

Med hjelp av produsent Julian Svindal Luna i Bergen får Ohm endeleg vist fram låta «Moving On», som blei til på guterommet for mange år tilbake.

– Den handlar om det at du er med nokon du er veldig glad i, men så er det ikkje alltid det fungerer, seier han.

Astrid Haaland Pollestad og Berge Ohm gifta seg i juli i fjor. I dag er det familielivet og masteroppgåve som får størst fokus, men musikken har framleis plass.Foto: Privat – Tenkte Jæren var bondeland

Haugalendingen håpar å nå ut til eit jærsk publikum også. Det er trass alt her han har busett seg.

– Eg begynner å finne meg godt til rette no, så eg trivst eigentleg veldig godt, seier han.

Då han budde på heimplassen, hadde han berre spelt fotball på Bryne, og kjende ikkje så godt til området.

– Eg tenkte det var bondeland, men det er ein veldig kjekk, liten by og du har alt du treng her, smiler han.

– Jærbuane er kjekke og stødige folk, har eg inntrykk av.