– Me er veldig heldige i Norge som får ein ny konge som er ein flott person. Eg er sikker på at han vil forvalta gjerninga si like godt som faren og bestefaren gjorde, seier statsforvaltaren i Rogaland til Jærbladet.
Over mange år, som helseminister og som statsforvaltar, har Bent Høie hatt med kongen å gjera. Det har alltid vore ein «høgtideleg, men nær» situasjon, seier han.
– Kong Harald var ein heilt unik person i evna til å komma i kontakt med folk. Han var nær og folkeleg, seier statsforvaltaren.
Høie var helseminister under pandemien, ei lang krisetid utan manus. Styresmaktene innførte historisk inngripande tiltak i folk sine liv.
– Det betydde mykje for meg og for andre som sto på i den tida at kongen og familien hans var opptatt av det som skjedde og at dei brydde seg om alle som sto på. Me hadde fleire møte med dei kongelege for å gi dei direkte informasjon. Støtta dei gav var svært viktig. Varmen i denne støtta frå kongen hadde mykje å seia, seier Høie til Jærbladet.
Av alle hans minne om kongen og kongefamilien vil besøket til Stavanger i fjor – til markeringa av starten på utvandringa til Amerika for 200 år sidan – stå i eit spesielt lys.
– Kongen valde å ta med seg heile familien, og det var ei sjeldan oppleving. Markeringa fall saman med dronning Sonja sin bursdag. Det var spesielt å sjå familien i den offisielle rolla, samstundes som me òg såg at dei feira bestemor, seier Høie.
– Haakon greier det nok
Bike for peace-aktivisten Tore Nærland frå Bryne møtte dåverande kronprins Haakon Magnus på Skaugum i 1980, då han besøkte kongegarden i samband med arbeid for funksjonsnedsette og svaksynte. Den gongen var Norges nye konge berre sju år.
– Eg lærte han litt blindeskrift, seier Nærland.
– Har du nokre råd til Haakon, nå som han har tatt over trona?
– Han må halda den same, flotte folkelege anda som faren. Harald var den store kongen. Det blir nok ikkje lett å følga han, men Haakon greier det nok, han.
– Han er godt opplært
I 1991 døydde Olav, far til kong Harald. Den gongen var den nå avgåtte statsforvaltaren Tora Aasland stortingsrepresentant for SV og sat i Stortinget sitt presidentskap. Dermed følgde ho tronskiftet på nært hald.
– Når ein konge døyr, er heile folket i sorg. Det er likevel ikkje slutt. Det kjem med ein gong ein ny konge. Det blir sjølvsagt ei vidareføring av det som har vore, men samtidig blir det spennande for heile landet å sjå korleis den nye kongen vil praktisera virket sitt, seier Aasland.
Haakon, som fredag blei kong Haakon VIII, har ein solid arv med seg. Som fylkesmann har Aasland treft han fleire gonger og fått sjansen til å bli godt kjend med han.
– Han er godt opplært. Og så lenge me har eit kongedømme som fungerer bra, er det ein god ting for ein konge å ta med seg, seier ho.