Time bruker opp mot ein halv million kroner på ein gjennomgang av alle undervisningsbygga i kommunen.  Bildet er av 1922-bygget på Bryne skule.
Time bruker opp mot ein halv million kroner på ein gjennomgang av alle undervisningsbygga i kommunen. Bildet er av 1922-bygget på Bryne skule. Foto: Vebjørn Olsen

Etter eit tilsyn på Hognestad skule vart det i januar oppdaga brannavvik det vil kosta to millionar kroner å retta opp.

Dei mest alvorlege avvika, med tilstandsgrad 3, må utbetrast straks og har ein kostnad på ein halv million.

Tilsynet baud på overraskingar, men at det er eit betydeleg vedlikehaldsetterslep på skulen, er godt kjent.

Norconsult leverte den førre tilstandsrapporten i 2022. Før det hadde miljøretta helsevern påvist manglar på Hognestad.

Nå bestiller kommunen ein full gjennomgang av alle sine undervisningsbygg – totalt ti skular og åtte barnehagar.

– Det blir spennande. Det har me ikkje hatt tidlegare, fortel eigedomssjef Sveinung Riska. Han minner om at politikarane fleire gongar har etterlyst ein slik gjennomgang.
– Det blir spennande. Det har me ikkje hatt tidlegare, fortel eigedomssjef Sveinung Riska. Han minner om at politikarane fleire gongar har etterlyst ein slik gjennomgang. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

58.000 kvadratmeter

Det er sett av 500.000 kroner i budsjettet for 2026 til å «utarbeida ein oppdatert og langsiktig vedlikehaldsplan for skular, SFO og barnehagar som sikrar at bygg og uteområde vert vedlikehald på ein helsemessig tilfredsstillande måte»

Fristen for å levera tilbod er 8. april, med sikte på at vedlikehaldsoversikta kan vera kommunen i hende 30. august.

Kommunen har invitert Veni, Jærtakst og COWI til å gje tilbod.

Nesten 50.000 kvadratmeter skulebygg og over 8000 kvadratmeter barnehage, skal saumfarast. Uteområda er ikkje ein del av oppdraget.

Rapportane for kvart bygg skal vera enkle og kortfatta, og kommunen skal sjølv planlegga vidare plan for vedlikehald.

Skadar utover normal slitasje skal dokumenterast med bilde.

– Det er klart at det vil koma fram nokre ting om dei eldste bygga våre – som Undheim skule, Lye skule og ikkje minst Hognestad skule. Men me veit jo om at dei er litt dårlege, og er førebudde på det kan koma eitt eller anna, men har ikkje tenkt på kor mykje det kan bli, seier eigedomssjef Riska.

På kort og lengre sikt

– Om me ikkje kjem i gang i april, så håper me at det skjer ikkje så lenge etterpå, for å koma i mål. Me har sagt at me ønsker han tidleg i haust, med tanke på budsjettet. Då vil me ha moglegheita viss det dukkar opp noko kritisk, til å legga det inn allereie til neste år, seier Riska.

Rapportane skal dokumentera:

  • Branntryggleik: Brannvarslingsanlegg, sprinklaranlegg, branntetting og rømmingsvegar.
  • Inneklima: Tekniske anlegg som luftkvalitet, temperatur og lys.
  • Slitasje på bygningsmasse: Utvendig og innvendig vurdering av heile bygget, ròte- og fuktskadar på overflater.
  • Energivurdering av bygget: Oversikt over energiforbruk.

Rapportane skal samlast i ein sluttrapport, der det klart skal koma fram på overordna nivå kva som har høgast prioritet.

Sluttrapporten skal visa behovet for vedlikehald på kort sikt (0-2 år), og behovet på lang sikt (0-10 år), inspirert av mellom anna Sandnes og Stavanger kommune.

Time kommune ber samstundes om pris på kva det vil kosta å få eit kostnadsoverslag for vedlikehald av eit utval prioriterte bygg.

Pengane som er sette av til måling av Hognestad skule, er blitt omdisponerte til å gjera strakstiltak etter branngjennomgangen. Skulehuset frå 1934 er det eldste nåverande skulebygget i Time.
Pengane som er sette av til måling av Hognestad skule, er blitt omdisponerte til å gjera strakstiltak etter branngjennomgangen. Skulehuset frå 1934 er det eldste nåverande skulebygget i Time. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Prioriterte i 2024

I 2024 vedtok kommunestyret ei prioritering av utbetring av skulebygg, som skal følgast opp i komande økonomiplanar.

Skulebruksplanen seier at Undheim skule kjem først. Deretter kjem Lye ungdomsskule, Lye skule og Bryne skule.

Samstundes vart det vedtatt at skulen med det største vedlikehaldsbehovet, Hognestad skule, ikkje får tildelt midlar utover den årlege potten for mindre ombyggingar (1,5 millionar kroner i 2024, 2 millionar i år).

Same året vedtok kommunestyret ein barnehagebruksplan med følgande prioritering:

Først Ådalen barnehage på Kvernaland og Monsanut barnehage på Lyefjell, deretter Maurtuå barnehage på Bryne.

Skulebruksplanen skal fornyast i 2028. Barnehagebruksplanen, som skal fornyast i år, vil ta opp i seg tilstandsvurderinga.

Monsanut barnehage er den einaste kommunale barnehagen att i bygda. Barnehagen skal prioriterast, og i år er det sett av 1,4 millionar kroner for å gjera tilpassingar etter samanslåinga med Lyefjell barnehage.
Monsanut barnehage er den einaste kommunale barnehagen att i bygda. Barnehagen skal prioriterast, og i år er det sett av 1,4 millionar kroner for å gjera tilpassingar etter samanslåinga med Lyefjell barnehage. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Skremmeskot om Hognestad

Norconsult estimerte i 2022 at utbetring og tilbygg kjem på 50,8 millionar kroner – eit beløp kommunedirektøren meinte var for lågt.

Trygve Apeland innstilte i 2024 på at skulen skulle leggast ned, og fekk støtte frå Venstre og Høgre. Fleirtalet i kommunestyret (16 mot 11) vedtok å oppretthalda drifta.

Då Apeland i mars orienterte om branntilsynet på Hognestad, markerte Høgre at partiet ikkje har endra syn sidan 2024.

I formannskapet jamførte gruppeleiar Ole Jørgen Alstadsæter skulen med ein bil som fekk få gå fram til han ikkje lenger gjer det.

Han meinte situasjonen på Hognestad var varsla, og signaliserte at utbetringar til to millionar er meir enn det Høgre vil bruka.

Ole Jørgen Alstadsæter gjorde det klart kva Høgre meiner om framtida til Hognestad skule, i formannskapet 11. mars.
Ole Jørgen Alstadsæter gjorde det klart kva Høgre meiner om framtida til Hognestad skule, i formannskapet 11. mars. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim