– Me har ikkje fått tatt i bruk den flotte plassen oppe, me har hatt nok med å installera oss her nede. Det blir neste fase.

Men døtrene, som sjølvsagt for lengst er vaksne, rakk å prøva takterrassen då dei hjelpte Jarle Braut og Astrid Nåvik med å flytta inn.

– Dei tykte det var veldig hyggeleg å vera der oppe om kvelden, med eit glas vin i solnedgangen, seier ho.

Det var utsikta på toppen som overtalte Jarle og Astrid, mens blokka ennå var eit råbygg. Då fekk dei vera med byggeleiaren opp.

– Då me stod der oppe og såg nedover, bestemte me oss for å kjøpa her. Takka vera arbeidsleiaren frå AS Betong, seier han.

Takterrassane følger leilegheitene og erstattar private bakkeareal som det ikkje er plass til på ei smal sentrumstomt. Dei var ei oppdaging Kjetil André Haver gjorde i København og spelte inn til arkitekten.
Takterrassane følger leilegheitene og erstattar private bakkeareal som det ikkje er plass til på ei smal sentrumstomt. Dei var ei oppdaging Kjetil André Haver gjorde i København og spelte inn til arkitekten. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kjekt lite prosjekt

For Kjetil André Haver begynte historia mens han rusla nedover Storgata. Det var 2018, året etter han flytta til Bryne.

– Bygget som låg på hjørnet her, nummer 23, var til sals. Det var eit kjekt lite prosjekt, tenkte eg.

Éi linje i prospektet fanga merksemda hans. Det stod at det var utarbeidd planar for ei full kvartalsutbygging.

I løpet av to år hadde han kjøpt tre bygg – både nummer 23, 25 og 27 – som skulle rivast og vika for eit prosjekt teikna av ArkVest.

– Dette måtte eg sjå nærmare på. Ballen begynte å rulla. Plasseringa er fantastisk – det kan ikkje finnast mange sånne prosjekt rundt, anten det er i Stavanger, Sandnes, eller på Bryne.

Heile tida har prosjektet vore noko han har hatt på si. Nå er dagleg leiar i Forus Areal, eit selskap som bygger verkstadbygg, tidlegare har han vore sals- og marknadssjef i Hinna Park og SVG Property. – Dette er noko eg gjer, i anførselsteikn, på kveldstid.
Heile tida har prosjektet vore noko han har hatt på si. Nå er dagleg leiar i Forus Areal, eit selskap som bygger verkstadbygg, tidlegare har han vore sals- og marknadssjef i Hinna Park og SVG Property. – Dette er noko eg gjer, i anførselsteikn, på kveldstid. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Endra ein by

Arkitekt Thorbjørn Fuglestad har sagt dette om prosjektet som Haver trekte fram frå skrivebordsskuffa, og til slutt realiserte:

– Prosjektet med å fornya tre adresser i Storgata til eitt stort, moderne bygg, vil prega byen i åra framover. Det er ikkje ofte ein får jobba med eit prosjekt som på mange måtar vil vera med å løfta ein heil by.

Det var eit stort løft, kan Haver skriva under på. Han fekk god respons då han lanserte det på marknaden i 2022, men så sa det stopp.

Seinfølger frå covidpandemien og sjokket etter Russlands invasjon av Ukraina, sende byggekostnadene til himmels.

Alle kalkylane sprakk for Haver, som såg seg nøydd til å kansellera kontrakten med alle kjøparane.

Ville prosjektet nokosinne bli noko av? spurte folk. Haver måtte visa at bygget skulle opp og stå, for å vinna folk sin tillit.

Han fekk med Faber Bygg som likeverdig partnar. Dei bestemte å gje gass., som det første prosjektet på Bryne etter pandemien.

Nominert til pris

– Eg er kjempegodt fornøgd med resultatet. Det er klart det er nokre ting du ser kunne vore gjort annleis, men bymessig og arkitekturmessig synest eg prosjektet er blitt bra, og det glir godt inn.

Den siste kommentaren gjeld storleiken, som Haver veit det er ulike synspunkt om. Han viser til at rammene i sentrumsplanen etterlyste ein kvartalsstruktur, som er det han har levert.

Valet av tre på fasaden har fått ros. Kledningen må i alle fall ha imponert eigarane av Hotell Jæren, som har gått for same uttrykk når dei moderniserer og bygger på hotellet.

– Saman med gågata, synest eg resultatet er blitt kjempefint. Dette er eit enormt løft for gata, meiner Haver.

Varaordføraren i Time, Gaute Stokka, er samd i det. Han har nominert prosjektet til den høgthengande byutviklingsprisen:

«Prosjektet har også blitt en pådriver for oppgradering av området ellers med en oppgradert Storgate. Spennende prosjekt som har våget å prøve ting med fasadene som ikke er helt A4. Veldig spennende utforming, og flott at noen tørr å utfordre det vanlige.»

Jær:bu sett frå Mølledammen.
Jær:bu sett frå Mølledammen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Angrar ikkje

Jær:bu-prosjektet var først til å bygga, men det gjekk ikkje mange månadene før fleire konkurrerande prosjekt òg vart sette i gang.

– Det gjorde noko med konkurransesituasjonen. Ein meklar kan sikkert dette betre enn meg, men eg tippar det normalt sett er 40 nysal i løpet av eitt år. Det er klart at når utbodet plutseleg er 100–120 i løpet av eitt, så vil det ta tid å selja ut desse.

Haver trur det kan fortare å få selt alle dersom folk kjem og ser korleis det er blitt, men trur sommaren 2027 er meir realistisk.

Han fortel at kontrakten for det totale byggearbeidet vart låst på eit gunstig tidspunkt, som gjorde at utbyggarane har kome greitt ut.

– Er du glad for at du gjekk i gang?

– Ja, det er eg. Eg er stolt over å ha levert eit godt prosjekt. Eg skulle sjølvsagt ønskt at me hadde selt ut og at folk låg i soveposekø, slik som på 2000-talet, men sånn er ikkje verda.

Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut flytta til Jær:bu frå eit arkitektteikna hus i Vardmyra på Bryne. Det steget er ikkje utbyggaren klar for ennå. – Eg har framleis ein åtteåring heime, seier Kjetil André Haver på spørsmål om han har vurdert å flytta frå huset sitt.
Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut flytta til Jær:bu frå eit arkitektteikna hus i Vardmyra på Bryne. Det steget er ikkje utbyggaren klar for ennå. – Eg har framleis ein åtteåring heime, seier Kjetil André Haver på spørsmål om han har vurdert å flytta frå huset sitt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kven skal bu i sentrum?

Planløysinga i Jær:bu måtte bli uvanleg, fortel Haver, som tok opp temaet under eit foredrag under Bykonferansen i fjor.

Til skil frå prosjekt som blir bygde på barmark utanfor Bryne, er Jær:bu låst til ei smal tomt mellom Mølledammen og Storgata.

Sentrumsplanen legg ytterlegare føringar: Leilegheitene kan ikkje ligga einsidig mot nord og må innfri krav om alt frå støy til storleik.

For å innfri forventningane i planen er dei fleste leilegheitene blitt relativt store, som gjer at totalkostnaden for kjøparen stig.

– Dei som har kjøpt her for å bu, er godt vaksne. Det har med leilegheitsmiksen å gjera, fortel Haver.

På Bykonferansen sa han at marknaden ønsker fleire mindre sentrumsleilegheiter, ettersom barnefamiliane vil bu andre stader.

– Det er for stort utval av rekkjehus og einebustader i randsona av sentrum. Derfor tenker eg me må få lov til dela opp til dei som vil bu i sentrum, som kanskje er dei yngre og dei eldre.

Kjetil André Haver under Bykonferansen i fjor.
Kjetil André Haver under Bykonferansen i fjor. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

– Eit svært oljemåleri

På kort tid har Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut innreidd ein heim. Etter berre to månader ser det ut som dei «alltid» har budd der.

Møblane i kjøkkenet og stova er med unntak av eit vitrineskap og ein skjenk, alle tatt med frå huset i Vardheia.

– Me tykte det var viktig å ha med møblane våre. Slik at me kunne kjenna oss att, seier Astrid.

– Ja, det var viktig. Dette er jo heimen vår, stadfestar Jarle.

I vinterhagen, som er vendt mot Storgata, har Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut hengt opp ikon og andre gjenstandar dei har kjøpt på reiser i inn- og utland. Det er blitt eit lese- og favorittrom.
I vinterhagen, som er vendt mot Storgata, har Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut hengt opp ikon og andre gjenstandar dei har kjøpt på reiser i inn- og utland. Det er blitt eit lese- og favorittrom. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Han har funne ein favorittplass ved vindauget, der han kan sjå til fossen ved Bryne Mølle i vest og til Lyefjell i aust.

– Det er gildt med naturen utanfor. Det blir som eit svært oljemåleri, seier han.

Frå barndommen hugsar han korleis den same åna vart måla raud av slakteavfall, i det som nå er eit park.

– Det seier noko om korleis utviklinga har vore på Bryne. Eg kjenner veldig på at dette er ein historisk plass.

Jarle Braut har fotografert utsikta frå favorittstolen. Her ser han glasmåleriet til Per Odd Aarrestad og dei lysette skulpturane til Fritz Røed.
Jarle Braut har fotografert utsikta frå favorittstolen. Her ser han glasmåleriet til Per Odd Aarrestad og dei lysette skulpturane til Fritz Røed. Foto: Foto: Privat

Urbant liv

– Me hadde eit veldig fint hus, men det vart for mykje. Nå er det kommunen som held hagen for oss, seier Jarle.

Han skryt av arbeidet opprustinga av gata og det kommunen gjer med å halda parken langs Mølledammen ved like.

Han har akkurat sett at dei var og tømte bossdunkane, slik Astrid har fått med seg kven som er ute og luftar hunden.

Dei bur tett på folk og liker det. Dei er ikkje plaga med støy, korkje i eller utanfor bygget – med mindre vindauga er opne.

– Me fekk ei eldprøve nå med Potetfestivalen og då høyrde me jo at det liv utanfor, men det er jo det me søker. Me vil ha liv. Me får både roa og det urbane livet her, som er det me vil ha, seier Jarle.

Med 123 kvadratmeter pluss hagestove, har Astrid Nåvik Braut og Jarle Braut framleis plass nok til å husa heile flokken sjølv om dei har flytta frå einebustad. – Det er stort nok til at me kan triksa det til.
Med 123 kvadratmeter pluss hagestove, har Astrid Nåvik Braut og Jarle Braut framleis plass nok til å husa heile flokken sjølv om dei har flytta frå einebustad. – Det er stort nok til at me kan triksa det til. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim