Ein betongbil på veg nordover i retning Undheim køyrde av Undheimsvegen laurdag ettermiddag.
Sjåføren skal ha tatt ein unnamanøver for å unngå eit dyr som sprang ut i vegen, opplyser Geir Inge Byberg i Sandnes & Jærbetong til Jærbladet.
– Han fekk sleng på bilen. Då han såg at det kom bilar imot, såg han ingen annan utveg enn å komma seg ut av vegen, seier Byberg.
Sjåføren kom uskadd frå hendinga.
– Han var ved godt mot då eg snakka med han, seier Byberg.
Pumpebilen kom òg relativt uskadd frå hendinga, og blei raskt henta opp på vegen igjen av ein bilbergar.
Verst gjekk det ut over kjelva, som fekk eit par djupe hjulspor.
– Me må ta ein dialog med bonden over helga, seier Byberg.