I 15-tida laurdag ettermiddag kom det inn melding til politiet om at det hadde vore konfrontasjon mellom ei svane og ein bil i Hetlandsgata på Bryne.

– Det førte til ein bulk i bilen, fortel politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Svana skal ha klart seg greitt.

Ifølge meldaren er svana ein hissig type som jamleg lagar skadar på bilar.

– Ho er visst berykta i Bryne sentrum, seier Slettebø, som må innrømma at det er første gong han høyrer om denne svana.

– Så det er ikkje grunnlag for å kalla svana ein kjenning av politiet?

– Nei, det er ikkje det.

Slettebø understrekar at politiet ikkje rykka ut i samband med konfrontasjonen, og at informasjonen som har komme inn frå meldaren dermed ikkje er stadfesta.