Politi og ambulanse var på staden klokka 20:30. Brannvesenet drog frå staden.
Politi og ambulanse var på staden klokka 20:30. Brannvesenet drog frå staden. Foto: Snorre Standish Norheim

Måndag kveld rykte politiet ut til Hognestadvegen på Bryne, der ein personbil hadde køyrt av vegen.

Berre det eine køyretøyet var involvert. Det vart ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Dei to personane som var i bilen, vart sjekka av helsepersonell. Føraren vart tatt med til legevakta.

– Ingen framstår som skadde av trafikkuhellet, opplyser politiet.

Hendinga skjedde på Håland, ved rundkøyringa mellom Bakehuset, Planum, Rema 1000 og Jem & Fix.

Idet redningsbilen frå NAF kom rundt 20:35, var politiet i ferd med å dra frå staden. Då hadde helse og brannvesen dratt.

Trafikken i området vart ikkje påverka.

Personbilen måtte hentast med bergingsbil.
Personbilen måtte hentast med bergingsbil. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim