Klokka 22:23 torsdag kveld melde Sør-Vest politidistrikt at dei hadde fått melding om ein bil som hadde køyrt av vegen på Rongavegen i Hå.

Føraren skal ifølge operasjonsleiar Rune Tallaksen ikkje vera skada.

Det var berre denne eine personen som var i bilen.

Det var heller ikkje trafikale problem på staden, som ikkje er langt unna krysset med Opstadvegen mellom Nærbø og Varhaug.

Litt etter klokka 23 hadde politiet køyrt frå staden.

Bilen sto då framleis i ei grøft, og var ikkje til hinder for passerande trafikk.