Natt til onsdag tok batteriet fyr i ein elsykkel. På dagtid drog politiet til garasjen på Lyefjell, der dei fann ein bil svart av sot.

Det har brent i gjenstandar rundt elsykkelen. Batteriet skal ikkje ha stått til lading, ifølge politiet, som har avhøyrt eigaren.

Det er oppretta sak.