Kommunen har henta inn prisar frå to entreprenørar og er klare for å starta opparbeidinga når stillasa til leilegheitsprosjektet Jær:bu blir tatt ned i midten av februar.
– Me reknar to–tre månader på dette arbeidet. Tanken er at me skal gjera det så fort som mogleg slik at me får opna gata for dei næringsdrivande så raskt me kan, seier Ole Bjørn Maråk, leiar for kommunalteknikk i Time.
Grunn-Service er rimelegaste tilbydar på prosjektet, som har ein kostnad på 8 millionar kroner inkludert meirverdiavgift.
Nettokostnaden blir dermed litt høgare enn dei 5 millionar kronene som i handlings- og økonomiplanen for 2025–2028 ligg inne til kjøp av granittstein til strekninga Jær:bu-torget, av same steintypen som ligg i Reevegen.
Reknestykket stemmer fordi Jær:bu-utbyggaren skal bidra med mellom 1,5 og 2 millionar kroner gjennom anleggsbidrag og utbyggingsavtale med kommunen – og fordi det blir brukt importert stein.
Tar steg for steg
«Det vil verte nytta asiatisk stein, då norsk stein vert omlag to millionar kroner dyrare», står det i den nyaste i Time kommune.
– Steinen som ligg i Reevegen, er òg frå Asia, opplyser Maråk.
Leveringstida er tre til fire månader. Det blir ikkje handla inn meir stein enn det som er budsjettert til strekninga Jær:bu-torget.
Dermed blir ikkje inngangen til Storgata – den korte vegstubben mellom torget og Jernbanegata – opparbeidd nå.
– Me hadde eit ønske om det, men me ser ikkje at det er økonomi til å gjera nå, slik stoda er nå. Det ville ha kosta cirka 1,5 million kroner ekstra, så det har me sett på vent, seier Maråk.
I Storgata nedanfor Jær:bu ligg nokre av dei eldste røyra i heile Time, frå 1940-talet. Opparbeidinga av denne delen skjer saman med eit VA-prosjekt som er planlagt gjennomført i 2027–28, innanfor ei kostnadsramme på 16 millionar kroner.
Opparbeidinga av gågata blir derfor avgrensa til nytt steindekke og nye lys. Då blir det òg tid til planlegging.
Teikna av gammal kjenning
I slutten av april var Jærbladet med då Time kommune og Bryne næringsforening vandra gatelangs saman med Norconsult.
Landskapsarkitekt Margrét Backman stod bak oppgraderinga av Mølledammen og var den kommunen hadde i tankane då Norconsult vart beden om å utarbeida ein .
Dokumentet skulle koma med anbefalingar til material- og fargeval, og føreslå møblering av ulike soner:
«Veilederen skal sikre at ulike bruksområder og funksjoner i gata samordnes på en estetisk, funksjonell og praktisk måte som samtidig hensyntar Brynes og Storgatas historie. Veilederen skal gi klare retningslinjer for hvordan ulike soner i gata kan utformes og hvordan disse sonene kan integreres på en helhetlig måte som bidrar til et velfungerende, trygt og estetisk tiltalende byrom.»
Dokumentet var ferdig i august og har kosta cirka 134.000 kroner, som Rogaland fylkeskommune har løyvt 50.000 kroner til.
Norconsult skriv i rettleiaren at barn er ein viktig ressurs for Storgata når målet er å skapa ei levande og attraktiv bygate.
Målet er ei gate som ikkje berre er ei gjennomfartsåre, men også ein destinasjon i seg sjølv, der folk ønsker å opphalda seg.
Del av M44-løysing
For å koma i mål med detaljplanen for M44-utvidinga, og innfri krav til leikeareal som utbyggaren ikkje greidde å løysa på eiga tomt, vart det føreslått å plassera leikeapparat i Smieparken.
Arkitekt Reier Carlsen reagerte sterkt på forslaget, og skulda kommunen for å gå frå ein avtale med han og kompanjongen Rune Underhaug. Dei to har samla og sett i stand to ærverdige bygningar i eit nytt kulturhistorisk miljø.
I kjøpesenterplanen som vart lagt fram for politikarane var det ikkje lenger aktuelt å opparbeida Smieparken med leikefunksjonar.
Administrasjonen, som ikkje la skjul på at dei les avtalen med Smieparken AS annleis enn Carlsen, hadde like fullt tatt initiativ til ein siste runde med Statsforvaltaren i Rogaland, for å finna ei alternativ plassering for leikeapparata.
Samstundes som kommunedirektøren gjorde klar M44-planen til endeleg vedtak i kommunestyret 17. september, fekk kommunen aksept frå Statsforvaltaren i Rogaland for at forslaget i formingsrettleiaren kan løysa kravet til leik.
Leikeplass i gata
Formingsrettleiaren peikar ut fleire område i sjølve gateløpet til Storgata, som kommunedirektøren hevda kan løysa kvartalsleikefunksjonane like godt som Smieparken.
Statsforvaltaren stadfesta at det alternative forslaget kunne aksepterast, men skulle helst hatt forslaget under høyringsrunden, for å kunna gå god for detaljane.
Plassering, storleik og solforhold, med meir, kjem Statsforvaltaren til å følga opp når gågateplanen kjem på høyring.
«Det er viktig at arealene hver for seg er store nok til å få en utforming med god kvalitet, og at det sikres et tilbud for varierte aldersgrupper», har plankoordinatoren deira presisert.
– Noko i gata må bli leik, slik me har lova. Det som er kopla mot M44, skal opparbeidast som leikeareal. Me kan ikkje gå vekk frå det. Planen skal leva lenge og det skal vera mogleg å legga til noko, viss det er ønske og behov for det, seier plansjef Ingvild Kjosavik.
Soneinndelt gate
I formingsrettleiaren er det føreslått følgande prinsipp:
- «Privat» møblering: Gårdeigarar og næringsdrivande på begge sider av gata får disponera eit areal på 3 meter.
- Ferdsel: Arealet der folk flest ferdast, 3 til 3,5 meter breitt. Blir brukt til varelevering og av utrykkingskøyretøy.
- Offentleg møblering: Samankoplande areal, opptil 3 meter breitt, med møblar, leik, kunst og vegetasjon.
Den «private» sona skal følga formingsrettleiaren, men gjer at til dømes ein kafé kan setta ut stolar og bord til kundane sine.
Den offentlege sona skal oppfordra til lengre opphald og aktivitet. Uttrykket er meint å vera tydeleg åtskilt frå ferdselssona.
Stadene for opphald er føreslåtte der solforholda er best i Storgata: ved torget, Erlandsbakken, Smiekleivå, Øgaardsbakken, Smieparken og Reevegen.
I tillegg til endringa frå trafikkert gate til gågate, argumenterer Margrét Backmann i Norconsult for at Storgata bør utvikla eit særpreg som understrekar stadkjensla.
Ho har konkretisert kva type gatedekke som skal nyttast – same steinheller som Reevegen og same beleggingsstein som rundt Mølledammen.
Ho har laga ein palett med primære og sekundære fargar, og føreslått retningslinjer for møblering, belysning og vegetasjon.
Høyring på nyåret
Gågateplanen er planlagt med eit lågt detaljeringsnivå, som formingsrettleiaren skal supplera.
– Me arbeider med planforslaget internt i kommunen, men me har ikkje noko konkret ennå. Forhåpentleg kan me legga fram ei sak rundt årsskiftet, seier planansvarleg Tore Ueland.
Han er i ein tidleg fase av utarbeidinga. Det er ikkje klart kor mykje av formingsrettleiaren som blir innarbeidd i plandokumentet.
Rogaland fylkeskommune har i eit varsel til planoppstarten lagt til grunn at formingsrettleiaren skal gjevast juridisk verknad, og etterlyst meir detaljering, av omsyn til stadsidentitet og medverknadsperspektiv.
– Nokre av grepa vil me ta inn i planen, men det er ikkje alt som kan detaljerast i ein reguleringsplan. Ein må sjå på korleis rettleiaren kan vera ei støtte til saksbehandlinga. Planen dekker i stor del kommunalt eigde areal, og rettleiaren vil kunna nyttast i samband med leigeavtalar og liknande, seier plansjefen.
Planavdelinga ser fram til at planen skal sendast på høyring.
– Me håper at alle i Time, eller som bruker Bryne, kan meina noko. Me håper at det skal bli eit godt byrom, som er betre enn i dag. Me ønsker at mange skal engasjera seg, og trur det vil vera enklare når me har eit forslag til plan, seier Kjosavik.