En kriminaltekniker i arbeid på Nærbø søndag kveld.
Ein kriminalteknikar i arbeid på Nærbø søndag kveld. Foto: Heidi Karin Gilje Skog

– Familien er jo i sjokk. Dei opplever hendinga som forferdeleg og grotesk, seier Brage Nordgård.

Sandnes-advokaten er oppnemnt som bistandsadvokat for dei etterlatne etter kvinna i 30-åra som døydde på sjukehus mandag.

Det var dagen etter at ho blei funnen hardt skada i bustaden på Nærbø.

Der arresterte politiet også ein mann i 30-åra, som først blei sikta for drapsforsøk og mandag ettermiddag for drap.

Han nektar for å ha brukt vald mot kvinna.

Familien hennar vil ifølge Nordgård ikkje uttala seg konkret om kva dei veit om det som har skjedd i relasjonen mellom dei to, som Nordgård oppfattar har vore eit kjærasteforhold.

– Det er mindre enn eit døgn sidan ho gjekk bort, og dei har meir enn nok med seg sjølv, seier advokaten.

Tirsdag ettermiddag var den sikta mannen til stades i fengslingsmøte i retten i Stavanger, ifølge bistandsadvokaten.

Møtet gjekk for lukka dører, og han vil derfor ikkje gi andre opplysningar om kva som skjedde der.

Forsvarar for mannen er Arvid Sjødin, som til Jærbladet har opplyst at den sikta avviser å ha brukt vald mot kvinna.

– Verken Sjødin eller eg har vore til stades. Hans oppgåve er å representera sin klient. Men retten får bedømma bevisa til slutt, seier Brage Nordgård til Jærbladet.