Ein ukjent person – som presterte å ta av seg balaklavaen – vart filma laurdag morgon.
Ein ukjent person – som presterte å ta av seg balaklavaen – vart filma laurdag morgon. Foto: Privat

Tidleg laurdag morgon i Floen, ein gatestubb på Kvernaland. Klokka er akkurat passert 4:39. Det er allereie lyst som dagen.

Ein mann med finlandshette kjem trillande på ein elsparkesykkel. Han stoppar og kikkar ned i postkassene.

Han er ikkje åleine. Han drar ned finlandshetta og snakkar til kameraten, som sjekkar postkassene på andre sida av gata.

Dei stoppar utanfor huset til Bjarne Skaraas, peikar litt i ulike retningar, før kameraten listar seg på tå.

Han går inn i carporten og rekk akkurat å fjerna balaklavaen frå ansiktet, før lyset i taket går på.

Fanga på film

Mannen ser seg litt rundt, dekker seg til igjen og raskt går ut.

Skaraas trur personen i garasjen oppdaga kameraet og bestemte seg for å gå derfrå tomhendt.

– Ut frå det eg har filma, ser det ikkje ut til at dei fann noko. Men dei hadde visstnok eit lite raid lenger nord på Kvernaland.

Skaraas er ikkje heilt ukjent med ubedne gjester, som er ein av grunnane til at han har installert kamera.

Han ønsker merksemd om raidet, som han har delt på bygdesida til Kvernaland.

Der meiner éi å kunna kjenna att elsparkesykkelen til sonen. Éi anna skriv at ei pakke har forsvunne frå postkassa.

Ein tredje har delt ein video av ein person som tar seg inn i garasjen, akkurat som hjå Skaraas.

Meldt til politiet

Han har delt opptaka sine med politiet. På bygdesida oppmodar han til at fleire melder saka for å få fram alvoret.

– Eg har meldt det til politiet, og eg har sendt inn filmane i nettløysinga deira. Naboen min, som kunne namngjeva i alle fall den eine, har òg gjeve beskjed, fortel han.

Operasjonsleiar Steinar Knutsen stadfestar at politiet har fått melding om ein observasjon på Kvernaland. Politiet drog ikkje ut.

Melde saker går til Felles straffesaksinntak (FSI), som truleg vil be Jæren politistasjon om å ta saka.