Kvassheim fyr er ein av stadane kor mange i dag stoppar opp for å kikke på fuglelivet.
Kvassheim fyr er ein av stadane kor mange i dag stoppar opp for å kikke på fuglelivet. Foto: Helena Kverneland

Med over 300 ulike fugleartar er Jæren eit av dei mest fuglerike områda i heile Noreg.

– Eg fekk spørsmål frå ein som hadde arbeidd med fugleturisme om kvifor ikkje dette er meir utbredt på Jæren, fortel Bjørn Moi.

– Så då stilte eg meg spørsmålet: Kvifor ikkje her?

Med dette i tankane har Moi teke saka i eigne hender, og har det siste halvanna året arbeidd med eit prosjekt som skal betre strukturane kring fugleturisme på Jæren.

Vil auke kunnskapane

Prosjektet «Fugleturisme på Jæren» famnar om dei tre jærkommunane, Sola og Randaberg samt Region Stavanger. Målet er å få ulike krefter til å samarbeide om betre tilrettelegging for fugleturisme i området.

Dette, fortel Moi, vil til dømes inkludere kommunane, transport og grunneigarar. Førre månad fekk prosjektet tildelt stønad frå Rogaland fylkeskommune sitt regionale næringsfond, for vidare arbeid og gjennomføring.

– Me ønskjer å pakketere tilbod som kan nyttast av reiselivsnæringa for turistane som kjem til regionen, fortel han.

Bjørn Moi har fått stønad av Rogaland fylkeskommune til eit prosjekt for å auke og tilretteleggje for fugleturismen på Jæren. Med seg på laget har han fugleekspert Sveinung Hobberstad.
Bjørn Moi har fått stønad av Rogaland fylkeskommune til eit prosjekt for å auke og tilretteleggje for fugleturismen på Jæren. Med seg på laget har han fugleekspert Sveinung Hobberstad. Foto: Foto: Helena Kverneland

Vidare har òg han som mål å lage opplegg kring fuglar for skulane i nærleiken. Dette håper Moi på sikt vil kunne vere med på å byggje meir kunnskap blant lokalbefolkninga.

– Me har nok sett oss litt blinde på kor unikt nærområdet vårt er for fuglekikking, meiner han.

Enormt potensiale

– I andre land er fuglekikking ein særs utbreidd aktivitet, fortel Sveinung Hobberstad.

Han er sjølv svært aktiv i det ornitologiske miljøet, og vart kontakta av Moi om prosjektet for over eit år sidan.

Berre i Storbritannia og USA er det høvesvis heile 6 millionar og 96 millionar innbyggjarar som aktivt driv med ei form for fuglekikking. Moi fortel at fugleturisme globalt vert estimert å vere verdt over 400 milliarder kroner. Det er med andre ord moglegheiter for både eit stort besøksgrunnlag og inntekter.

– Det er jo mange som ofte stoppar opp og ser på både natur og fugleliv når dei køyrer langs jærkysten, seier han.

Likevel er det altså fåe stader i Noreg kor ein har valt å satse på fuglekikking som ein del av grunnlaget for turismen.

Er ein heldig, kan ein få sjå havørn ved Kvassheim fyr. Måkene er kanskje ikkje så eksotiske.
Er ein heldig, kan ein få sjå havørn ved Kvassheim fyr. Måkene er kanskje ikkje så eksotiske. Foto: Foto: Sveinung Hobberstad

Berekraftig

Ifølgje Moi og Hobberstad er fuglekikking rekna for å vere ei særs berekraftig form for turisme.

– Interessa krevjer lite infrastruktur, og jamt over er dei som held på med det ofte medvitne om å ha respekt for både naturen og lokalsamfunnet generelt, fortel Moi.

Det er allereie nokre moglegheitar for å lære meir om fuglelivet og om det jærske våtmarksystemet generelt gjennom våtmarkssentera på Orre, Kvassheim og Mostun. Desse vil vere knytt opp til det overordna prosjektet.

– Ved å auke kunnskapen kring fuglelivet og legge tilrette for ei meir organisert form for fugleturisme, vil ein kunne betre forholda for fuglane på Jæren i endå større grad, meiner Moi.

Dette, avsluttar dei samstemt, er særs positivt.