Nytt testregime, Bondelaget hyrer no inn eksterne testarar for å kartlegge storfetuberkulose.
Nytt testregime, Bondelaget hyrer no inn eksterne testarar for å kartlegge storfetuberkulose. Foto: Alise Lea Tiller (illustrasjon)

I 2022–23 vart det påvist storfetuberkulose i tre besetningar. Sjukdommen hadde då stort sett vore fråverande i Noreg sidan 1953. I september 2025 sette Mattilsynet i gang eit omfattande program for å teste omtrent 1000 besetningar i Rogaland, Agder og Vestland.

Byrda med testinga falt då på bøndene sjølve.

Tar grep

No gjer Rogland Bondelag grep for å letta på situasjonen. Dei er i desse dagar i ferd med å etablera såkalla «Tubeteam». Ordninga har kome i gang etter at dei har fått tildelt middel. I utgangspunktet handlar dette om ein bijobb, kor søkarar helst må har erfaring frå praktisk fjøsarbeid.

Det er ikkje minst tida som er ei utfordring med prøvane. Heile besetninga skal testast to gonger over ein 72 timars periode. Tidlegare har det vore bønder som har uttalt at testinga har medført meirarbeid, og vore ei ekstra byrde i ein travel kvardag.

I Rogaland vert det avløysarkontora på Nord-Jæren og på Haugalandet, som vil stå for koordineringa.

I høve Rogland Bondelag, er det framleis er mogleg å søke om refusjon. Medlemmar treng ikkje dokumentasjon, og kan krevje 3000 kroner for utført testarbeid.

Ingen symptom

Sidan det fyrste utbrotet vart oppdaga i Suldal i 2022, er det enno ikkje klarlagd kva som opphavet til utbrota av storfetuberkulose.

Etter at programmet vart sett i gang, har det vore avgrensa med positive prøvar. Det indikerer at dei fleste besetningar ikkje er ramma av sjukdommen.

Storfetuberkulosen har ingen klare symptom, noko som gjer den vanskeleg å oppdaga. Testane minner litt om «strekane», som dei fleste av oss menneske gjekk gjennom i barneskulen.

Falsk alarm i Tysvær

Jamvel om testinga har vore i sving i nærare trekvart år, er det så langt berre funne eit høve av mistanke på ei besetning i Tysvær i november 2025. Tre dyr vart då sendt til slakt, men prøvar synte at dei tre dyra ikkje var smitta av storfetuberkulose.

Sidan mistanken i november, er det ikkje meldt om nye høve av smitte.

I høve heimesida til Mattilsynet, er årsaka til storfetuberkulose bakterien Mycobacterium bovis, som utviklar seg sakte. Den er oppført på nasjonal liste 2 over dyresjukdommar med meldeplikt.

Den kan òg smitte frå dyr til menneske, då det er ein såkalla zoonose. Det ikkje kjend nokre høve kor menneske har vorte smitta av sjukdommen i moderne tid.

Bondelaget sitt «Tubteam» er venta å begynna sitt arbeid i september. Prøvetakinga vert då kostnadsfri for bønder, som skal få besetninga si testa.

Nokre stadar i artikkelen hadde Jærbladet skrive at det var storfeinfluensa. Det rette skal sjølvsagt vere storfetuberkulose.