Lokalpolitikar Jone Fosse (Sp) foreslår å gje Geir Tore Skårland ei handsrekning: – I heile Undheimsbygda er det han som er mest berørt. Som kjenner det mest på kroppen.
Lokalpolitikar Jone Fosse (Sp) foreslår å gje Geir Tore Skårland ei handsrekning: – I heile Undheimsbygda er det han som er mest berørt. Som kjenner det mest på kroppen. Foto: Snorre Standish Norheim

– Det tvingar seg på, veit du. Då må du gjera det beste ut av det. Det er det det handlar om – elles får du ingenting, resonnerer Geir Tore Skårland.

I fjor investerte bonden i nytt fjos langsmed Undheimvegen, nedanfor tomta der entreprenør Backe bygger for Green Mountain.

Tunet hans, med driftsbygningar og bustadhus, ligg eit par hundre meter unna og har felles avkøyrsel med datasentertomta, der breiddfulle lastebilar køyrer ut lausmassar gjennom heile døgnet.

Om få månader, når byggearbeida startar for alvor, kan fleire hundretals arbeidarar bli frakta hit med buss. Tomta er nemleg ikkje stor nok til ein kantinerigg og fjorten bustadbrakker.

Lastebilane køyrer i eitt bankande, døgnet rundt.
Lastebilane køyrer i eitt bankande, døgnet rundt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Grunngjev Lye-alternativ med jordvern

Sidan starten av året har entreprenøren og Job Arkitekter jobba intenst med å finna ein plass å busetta arbeidarane.

Førstevalet var i LNF-området utanfor datasentertomta, alternativt på området til vindmølleparken til Høg-Jæren. Ein søknad om dispensasjon til å etablera brakkebyen her vart seinare trekt.

Time kommune hjelpte med å blinka ut fleire alternativ på Bryne, før entreprenør Backe valde å konsentrera seg om Larheia i botnen av Lyefjell, på eit område sett av til bustadbygging i kommuneplanen.

I høyringsrunden har både Statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune støtta dette alternativet.

Dei meiner at jordbruksinteressene ikkje blir vesentleg skadelidande, og at bukvaliteten er betre for arbeidarane enn dersom dei skulle bu ved næringseigedommen.

Slik er brakkebyen illustrert i den eine søknaden som er til behandling hjå kommunen. Søknaden om å legga brakkebyen til Undheim vart trekt.
Slik er brakkebyen illustrert i den eine søknaden som er til behandling hjå kommunen. Søknaden om å legga brakkebyen til Undheim vart trekt. Foto: Foto: Job Arkitekter

Naboskepsis på Lyefjell

Utanom dei offentlege instansane, har fire naboar kommentert brakkebyen som i ein periode kan auka innbyggartalet på Lyefjell frå cirka 2400 til nærmare 3000.

Éin åtvara mot tidlege planar om å gjerda inn brakkeområdet. Saman med kontrollar og vakthald frykta naboen at det kunne skapa eit lukka gettosamfunn.

Ein annan nytta moglegheita til å retta skytset mot næringsbygningane ned mot Ålgårdsvegen, som er ein lite triveleg velkomst til bygda. Naboen meinte brakkebyen vil skjemma området ytterlegare.

Eigaren av éin av næringsbygningane meiner ein brakkeby like ved kan bety meir støy, trafikk og potensielt hærverk, som kan gå utover den daglege drifta.

Politiet i Sør-Vest ønsker ei plassering så nær arbeidsstaden som mogleg. Fordi det gjev ein meir føreseieleg kvardag for arbeidarane, reduserer behovet for dagleg transport og minimerer risikoen for konfliktar med etablerte bustadområde.

Larheia er dels fulldyrka, dels beitemark av god kvalitet. Området er i aktiv bruk.
Larheia er dels fulldyrka, dels beitemark av god kvalitet. Området er i aktiv bruk. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Positiv kommunedirektør

Kommunedirektør Trygve Apeland anbefaler at lokalpolitikarane godkjenner Lye-alternativet:

«Det vurderes at plasseringen i Larheia vil være den mest fordelaktige plasseringen med tanke på bokvalitet, og viser da særlig til nærhet til butikk, kollektivtransport og tilbud i Bryne sentrum, og det bør derfor gis dispensasjon som omsøkt.»

Han legg mindre vekt på at arealet i dag blir nytta til aktivt landbruk, sidan det er regulert til framtidig utbygging.

I saksframlegget presiserer kommunedirektøren, slik òg Statsforvaltaren gjer, at dispensasjonen er mellombels og ikkje til hinder for det komande bustadfeltet.

Sjølv om tiltaket vil ha visuelle og driftsmessige ulemper for omgjevnadene, inneber forslaget til vedtak at brakkene skal fjernast og at arealet skal førast tilbake til landbruk etter to år.

Tarald Magne Oma og Jone Fosse sit i kommunestyret for Senterpartiet. Dei vil avslå søknaden om å innkvartera datasenterarbeidarane på Lyefjell. Då kan den gode jorda bli liggande ei stund til i Larheia, og så kan jorda til Geir Tore Skårland kan få ei skikkeleg oppgradering.
Tarald Magne Oma og Jone Fosse sit i kommunestyret for Senterpartiet. Dei vil avslå søknaden om å innkvartera datasenterarbeidarane på Lyefjell. Då kan den gode jorda bli liggande ei stund til i Larheia, og så kan jorda til Geir Tore Skårland kan få ei skikkeleg oppgradering. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Leik med tal?

Tarald Magne Oma og Jone Fosse deler fleire av synspunkta som kjem fram i høyringsrunden, men er mest opptatte av landbruket.

I motsetnad til kommunedirektøren og Statsforvaltaren, meiner dei at det er betre å gje dispensasjon frå landbruksføremålet i to år, slik at Geir Tore Skårland kan få utbetra jorda på Undheim.

Dei meiner Statsforvaltaren legg opp til ein «leik med tal». Problemstillinga dei legg fram, er denne:

  • Jorda til Skårland er dårleg og ligg rett ved datasenteret. Ho er derfor eigna å setta ein brakkebyen på, men ho er regulert til LNF.
  • Jorda i Larheia er god og ligg langt frå datasenteret. Sidan ho er regulert til framtidig utbygging, treng ikkje utbyggaren dispensasjon frå LNF-formålet til å busetta folk her.

Tarald Magne Oma meiner problemstillinga vitnar om ansvarsfråskriving.

Sjølv om alternativet på Undheim i to år legg beslag på eit LNF-område, er det dette alternativet som på kort og lang sikt gjev best utteljing i form av matproduksjon.

– Jord er ikkje jord, slår Tarald Magne Oma fast. For han er poenget med jordvern å sikra størst mogleg matproduksjon.
– Jord er ikkje jord, slår Tarald Magne Oma fast. For han er poenget med jordvern å sikra størst mogleg matproduksjon. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kan mangedobla avlinga

For å setta opp ein brakkeby på Undheim, må topplaget leggast til sides. Terrenget må opparbeidast og drenerast skikkeleg.

Jorda er skrinn nå, men etter opparbeidinga, kan området fulldyrkast. Då kan avlinga på området mangedoblast, seier Oma og Fosse.

– Nå er det mat nok til fem kyr på dette jordet. Når dette blir dyrka opp, kan det vera mat nok til 15–20. Det er ganske beskrivande.

Fosse sit i utval for lokal utvikling, som førstkomande torsdag skal behandla søknaden om brakkebyen i Larheia.

– Der kjem me til å legga fram eit alternativt vedtak. Det vil vera mykje betre å legga han hit, og sikra at området skal leggast tilbake til dyrka jord etterpå, seier han.

Teigen til Skårland er på cirka 30 dekar, der om lag halvparten skal vera godkjent til nydyrking. Infrastruktur med vatn og kloakk ligg allereie i køyrevegen, heilt fram til jordet.
Teigen til Skårland er på cirka 30 dekar, der om lag halvparten skal vera godkjent til nydyrking. Infrastruktur med vatn og kloakk ligg allereie i køyrevegen, heilt fram til jordet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vil sikra landbruk fram til utbygging

Tarald Magne Oma meiner forslaget er enkelt: Vinn–vinn i alle retningar.

Men i Larheia er det éin aktør som potensielt kan ha mykje å vinna på at bussalternativet blir realisert. Det er Jæren Tomteutvikling Holding, som står bak bustadplanane i Larheia.

Jone Fosse seier at han kjem til å fremja endå eit anna forslag, viss han ikkje får fleirtal for Undheim-alternativet.

Sidan det kan gå mange år frå brakkebyen blir fjerna, til det blir bygt bustader, vil han sikra at det blir drive landbruk på delfeltet.

– Viss det blir Lye, skal jorda leggast tilbake. Den dyrka jorda skal vera akkurat like god, og beitet skal vera like godt, eller helst endå betre, enn det er i dag, seier han.

Presiseringa understrekar det som allereie ligg i innstillinga frå kommunedirektøren: at matjorda skal leggast tilbake etter to år.

Det betyr at området skal vera slik det var før, og at infrastrukturen til brakkebyen ikkje kan nyttast til ei seinare bustadbygging.

Delfeltet der brakkebyen er planlagt (i hovudsak B4), kan ifølge områdeplanen ikkje byggast ut før dei øvre delfelta er nær bygde ut. Det kan bli mange år til.
Delfeltet der brakkebyen er planlagt (i hovudsak B4), kan ifølge områdeplanen ikkje byggast ut før dei øvre delfelta er nær bygde ut. Det kan bli mange år til. Foto: Foto: Time kommune