Obrestad, Hå gamle, hå gamle prestegard, hå gamle prestegård,
Hå gamle prestegard er ikkje godt nok sikra mot brann. Nå viser det seg at den summen politikarane har sett av til å utbetra forholda, ikkje er nok. Foto: Simon Hobberstad

Hå gamle prestegard er ein kommunalt eigd kunst- og kulturinstitusjon i Hå. Prestegarden består av to anlegg: Sjølve prestegarden og Obrestad fyr, ein kilometer unna.

Begge stader har status som verna kulturminne.

Aktiviteten i området kan sporast heile 9.000 år tilbake i tid. Det har vore prestegard på staden sidan tidleg på 1600-talet.

Hå kommune kjøpte anlegget i 1977, og opna det for publikum i 1983.

Obrestad fyr vart bygd i 1873. I 2006 vart det kjøpt av Hå kommune. Fyret er i dag eit fyrmuseum.

Turistattraksjon

Hå gamle prestegard er ein av dei mest besøkte utfartsstadane på Jæren. Her er det utstillingar av norsk og internasjonal samtidskunst, kulturhistoriske utstillingar, kunstsal, kafé og utleige av lokale. På fyret er det òg tilbod om overnatting.

Vidare vert det arrangert konsertar og konferansar og litteratur- og temakveldar.

Under ei orientering for kommunestyret i juni i år, fortalde dåverande dagleg leiar Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug at dei mangla god nok brannsikring av dei særmerkte, gamle bygningane.

– Særleg er hovudhuset frå 1787 utsett, sa Nord-Varhaug.

Nær dobling av prisen

I 2021 løyva politikarane 4,8 millionar kroner til brannsikring av Hå gamle prestegard. Så langt har kommunen brukt 800.000 kroner av dette på å planlegga og prosjektera ei løysing for sprinklaranlegg.

I planleggingsarbeidet har det komme fram at prisen kan verta langt høgare enn det politikarane først såg for seg. Det nye anslaget er 8,5 millionar kroner. Det kjem fram i tertialrapporten lagt fram for kommunestyret 17. oktober.

Der står det òg at kommunedirektøren, i samband med forslag til ny handlings- og økonomiplan og budsjett for neste år, vil komma nærare tilbake til framdrifta i prosjektet.

Jærbladet har vore i kontakt med eigedomssjef Arne Birkeland for å spørja om kvifor sprinklaranlegget har vorte så mykje dyrare og korleis branntryggleiken på prestegarden er i dag.

Eigedomssjefen ønsker ikkje å kommentera, ut over å visa til at kommunedirektøren kjem med meir informasjon i samband med budsjettforslaget som vert lagt fram 5. november.

Politikarane har òg løyvd 3,5 millionar kroner til nytt sprinklaranlegg ved Obrestad fyr, men dette er nå sett på vent mens ein ventar på løysing ved Hå gamle prestegard. Det er grunn til å tru at kalkylen er for låg òg for brannsikring av fyret.