Det var heilklaff i 2018, hugsa Ola Helland under ein avskjedsfest ein laurdag i juni. Uteserveringa var full av gamle kollegaer, vener og samarbeidspartnarar.
– Ein gild og vemodig kveld, spådde Helland at det ville bli, og bilda frå seint på kveld viste at det vart det.
For åtte år sidan var han smått irritert på Stavanger Aftenblad, som hadde fått nyss om planane for dei gamle avislokala sine, og vore så frekke å dela dei med lesarane. Sjølv om brygghuset ikkje eingong hadde ein bryggmeister.
Historia om korleis Sven Austel (51) hamna på Jæren, har vore fortalt før. Svigerfaren delte notisen med dottera, som fekk kjærasten i Danmark til å dela CV-en sin med folka på Bryne.
Overbevisande intervju
Ola Helland søkte han opp og fann ut han er frå Sør-Tyskland, der Helland drar på årlege studieturar for å smaka øl. Både han og kona Hilde Steen Helland har studert i nærleiken av heimstaden til Austel.
På facebooken hans såg Helland eit bilde av Lemmy, frontfiguren i hardrockgruppa Motörhead. Både øl- og musikkstil klaffa, såg det ut til, og det vart stadfesta under eit møte på ølpuben Melkebaren i Sandnes.
Innehavar Mikal Berge Tengesdal er den andre medeigaren i Brix Brygghus. Han var med Helland under det uvanlege intervjuet som enda med at Austel fekk jobben som bryggmeister våren 2018 – eit godt halvtår før brygghuset opna.
Austel kom med ei kasse full av øl han hadde komponert sjølv, og sa tydeleg at han er rett mann. Under avskjedskvelden sa Tengesdal at han hadde vore med på fleire hundre intervju, men at dette skilde seg ut.
Kombinerer mat og øl
Heilt frå starten gjorde også Brix det – skilde seg ut. Austel hadde jobba elleve år på Bryghuset Møn i Danmark og veit ølet må passa til maten.
Han hadde ein god alliert i Ola Helland, som var klar på at Brix måtte dyrka lager og klassiske tyske øltypar – «keisame» typar som ikkje var på moten for åtte år sidan, då fruktøl, surøl, IPA og NEIPA hadde si stordomstid.
Tengesdal, som driv Melkebaren, var i aller høgste grad ein eksponent for dette synet. Han føreslo det for Sven Austel: Å brygga det som «alle» andre brygger for tida.
Ikkje fillern, var tilbakemeldinga frå dei to andre. Ola Helland fortalde historia under avskjedskvelden, og det same gjorde Tengesdal.
Men nå var begge samde i at stilvalet Brix gjorde den gongen, var det rette. Nå er det desse øltypane som er i vinden.
Hjå publikum på Bryne har utvalet slått an frå første stund. Avishuset Bryggeri AS er ei lønsam bedrift med eit årsresultat på 1,9 millionar kroner i 2025, som tilset mellom tretti og førti personar.
Flyttar til Fyn
Sven Austel har vore med nesten frå starten, og sluttar ikkje med lett hjarte. Det er berre moglegheita som opna seg i Årslev, der ekskona og tvillingane bur, som gjer at han flyttar til den danske øya Fyn.
I vinterferien besøkte han Midtfyns Bryghus, for å handla inn drikkevarer av ein gammal kjenning. Under ei omvising kom dei i snakk om at han kunne jobba der, noko ungane hadde nemnt. Sjølv vil han gjerne vera meir enn ein helge- og feriepappa.
– Derfor må eg reisa frå eit åtte år gammalt barn, og heim til mine eigne barn i Danmark. Det er berre fordi eg har fått moglegheit til å brygga øl i byen der ungane mine bur, forklarte Austel under avskjedsfesten tidlegare i juni.
Arvtakar frå Rocky Mountains
Erstattaren, som vart presentert under seansen tidlegare i juni, er allereie kjent for publikummet på Brix. Dustin Zimmerman frå Calgary har jobba deltid dei siste par åra, som bryggeassistent og servitør.
Kanadiaren var begynt å utdanna seg til elektronikkingeniør, men raskt forstod at det ikkje var for han. Han søkte seg inn på ein bryggeriskule i Chicago, og kom til Norge rundt 2012, på eit tre månader langt inspirasjonsopphald hjå Nøgne Ø i Grimstad.
Han rakk å forelska seg i landet før han fekk jobb i Chicago. Den mista han heilt utan førevarsel, ein dag sjefen på amerikansk vis sa at dei ikkje hadde råd til å ha han der lenger, og då såg han igjen mot Norge.
Møtet med norsk arbeidsliv var heller ikkje så profesjonelt. Etter eit kjapt videointervju med Lervig-bryggeriet, høyrde Zimmerman ingenting. Etter ei veke sende han ein e-post for å høyra om stoda, og fekk då stadfesta at jobben var hans.
I Stavanger møtte han ho som vart kona. Dei bestemte seg for å satsa på eit eventyr i Trøndelag, og etablerte eit destilleri som laga gin og akevitt. Etter åtte år og ein liten son, ønskte dei å flytta tilbake til vener og familie i Stavanger.
Publikummet bestemmer
Zimmerman hadde blinka seg ut Brix Brygghus som ein stad han godt kunne tenka seg å jobba. Skilnaden er stor frå eit kommersielt bryggeri med store tappelinjer til mikrobryggeriet på Bryne, som må dela plassen med ein serveringsstad.
– Eg liker ølen dei lagar, eg liker stilen her. Eg synest det er kjekt med ein mindre bryggeripub, atmosfæren her er heilt annleis enn i ein produksjonshall.
36-åringen utdanna seg i perioden då humlete øltypar var i vinden – dei same sortane som Ola Helland og Sven Austel stolt har tatt avstand frå.
Zimmerman har fått med Austel til å brygga ein surøl med blåbær og yuzufrukt, som hans aller siste. Likevel er ikkje den avtroppande bryggerisjefen bekymra.
– Viss eg kjenner Dustin godt, og det gjer eg, så veit eg at det kjem til å gå same veg her: Dei klassiske øltypane, men sjølvsagt også nokre nye.
I Chicago lærte Zimmerman å brygga dei klassiske belgiske sortane, som ikkje ligg langt frå dei tyske. Dessutan kjenner han det lokale publikummet, poengterer husmor Hilde Steen Helland.
– Han har arbeidd tett på kollegaer og gjester, og det er viktig for å forstå kva Bryne faktisk vil ha. Det nyttar jo ikkje å stå her og brygga øl du liker sjølv, om ikkje Bryne vil ha det.