Odlandsvegen går mellom Husveg og Varhaug kyrkje og bind saman Nordsjøvegen og Kyrkjevegen. Her køyrer om lag 300 bilar i døgnet.
For å kryssa Jærbanen, går Odlandsvegen over ei bru.
Her har det vore bru sidan seint på 1800-talet men snart er det heilt slutt.
Eigentleg var det heilt slutt for fleire år sidan allereie. Den opphavlege brua blei i 2017 stengt for alle motorkøyretøy, sidan rekkverka ikkje blei rekna som trygge nok. I 2019 blei brua fjerna og erstatta med ei ny.
Men den nye brua var berre ei reservebru på utlån frå Vegdirektoratet, og i 2029 går utlånsavtalen ut.
I fjor haust skreiv Jærbladet at dette neppe ville bli aktuelt å bygga ei heilt ny bru, men at fylkeskommunen, som eig vegen, såg på ulike alternativ.
Eit av alternativa kunne vera ei ny mellombels bru, eit anna kunne vera å legga om vegen slik at han kan nytta seg av ein feundergang under Jærbanen.
Innspelet frå dei involverte partane var at dei ønska seg ei ny bru. Bane Nor ønska derimot ikkje ei slik løysing. Dei var òg skeptiske til at vegen skulle leggast om, slik at han gjekk parallelt med togskjenene fram til undergangen.
I vår vedtok politikarane i fylkeskommunen at brua den mellombelse brua skal fjernast innan 2029. I tillegg blir delar av Odlandsvegen privat.
Fjerning av brua kan gå ut over drifta ved eit par av gardane i området, som i utgangspunktet kan få lange omvegar for å kryssa Jærbanen.
For å bøta på dette vil fylket etablera ein ny gardsveg med innkøyring frå Kyrkjevegen. Vegen skal kopla seg på ein eksisterande gardsveg som går gjennom undergangen. På austsida skal ein ny gardsveg følga skiftet mellom to kjelver, før han treff på ein eksisterande gardsveg som koplar seg på Odlandsvegen vest for togskjenene.
I haust kontakta fylket grunneigarane for å orientera dei om prosessen vidare.
Fylkeskommunen skal sjølv ta på seg arbeidet med å søka kommunen om lov til å etablera gardsvegane. Fylket skal òg bygga dei, samtidig som dei skal utbetra dei allereie eksisterande gardsvegane.
Arbeidet, skriv fylkesadministrasjonen, skal gjennomførast så snart det lar seg gjera og seinast innan 1. mars 2029.