Eit nytt tilbygg skal gje rom for 20 fleire barn i Breidablikk barnehage. Det gule huset i bakgrunnen er i dag ein del av barnehagen. Det skal selgast.
Eit nytt tilbygg skal gje rom for 20 fleire barn i Breidablikk barnehage. Det gule huset i bakgrunnen er i dag ein del av barnehagen. Det skal selgast. Foto: Håvard Ovesen

Torsdag vedtok kommunestyret i Hå ny barnehagebruksplan. I same møte vedtok dei òg budsjett for neste år og økonomiplan for dei neste fire åra.

Tilbygg på Nærbø

Ein av postane der, er Breidablikk kulturbarnehage på Nærbø. Barnehagen får 10,5 millionar kroner til å utvida med 20 nye plassar. Målet er å setta opp eit nytt tilbygg på det store uteområdet.

Tilbygget skal òg gje rom for grupperom og arbeidsrom for dei tilsette. Det har ikkje barnehagen i dag.

I dag eig kommunen Vestkroken 18 på nabotomta. Der vert første etasje nytta til dei minste ungane. Bygget er i dårleg forfatning, ikkje utforma i forhold til regelverk for barnehage, og må rehabiliterast.

Når tilbygget er på plass, er er planen å omregulera Vestkroken 18 til boligformål og selga han.

Utvidinga på Breidablikk skal vera ferdig i 2025.

Breidablikk kulturbarnehage skal få plass til fleire barn.
Breidablikk kulturbarnehage skal få plass til fleire barn. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Som før på Varhaug

Det har vore snakk om å legga ned Gråtassen og Trekøveren barnehage på Varhaug til fordel for ein ny barnehage på Bratlandsmarka. Det vert ikkje noko av, i alle fall ikkje i denne omgang. Inntil vidare held ein på barnehagestrukturen på Varhaug slik han er i dag.

På sikt kan det likevel verta ein monaleg overkapasitet på Varhaug. Barnehagebruksplanen opnar difor for at ein bør sjå på om ein skal legga ned ein eller fleire barnehagar etter at Breidablikk på Nærbø har blitt utvida.

Det kjem òg an på framskrivingane av behovet. Dei er usikre.

44 millionar til ny barnehage på Brusand

På Brusand har ein i mange år venta på ny barnehage, som skal erstatta Askeladden barnehage. Askeladden ligg i det gamle kommunehuset på Brusand, ei midlertidig løysing som har vart i over 20 år. Prosjekteringa er allereie i gang.

Håpet er at den nye barnehagen skal stå ferdig i 2024. I økonomiplanen er det satt av 44 millionar kroner til ein barnehage med seks avdelingar, men problematikk rundt arealet gjer at kommunedirektøren tilrår at ein barnehage med fire avdelingar.

Den vil få plass til rundt 60 barn, noko som, ifølgje barnehagebruksplanen, vil syte for tilstrekkeleg kapasitet i lang tid framover, ikkje berre for Brusand, men òg for Ogna og Vigrestad.

Pepperkakeby på Nærbø for første gang: – Vi hadde aldri trodd på så god respons