Stadig fleire turistar kjem for å oppleva heimbyen til Erling Braut Haaland. Er det grunnlag for eit eige museum på Bryne i framtida? Det trur Lars Enevoldsen, Frode Hagerup og Kenneth Lia.
Stadig fleire turistar kjem for å oppleva heimbyen til Erling Braut Haaland. Er det grunnlag for eit eige museum på Bryne i framtida? Det trur Lars Enevoldsen, Frode Hagerup og Kenneth Lia. Foto: Snorre Standish Norheim

Veggmåleria av Erling Braut Haaland er blitt selfiemagnetar for turistar som har funne vegen til Bryne sentrum, for å sjå kor det 23 år gamle spissfenomenet voks opp.

Men ønsker dei å få historia om korleis oppveksten og den tidlegare fotballkarrieren var, må dei fram med mobilen eller prøva lukka med ein forbipasserande jærbu.

«Vi ser at folk kommer til Bryne for å se fotsporene hans allerede, uten at reiselivet har gjort noen ting», fortalde Frode Hagerup nyleg i samband med ein stor reportasje i Morgenbladet.

Turistsjefen i Opplev Jæren har store visjonar om å synleggjera Haaland på Jæren, melde avisa, og nemnde konkret eit besøkssenter.

Føreslår fotballmuseum

Jærbladet møtte turistsjefen, sentrumssjefen på Bryne og sjefen på Forum Jæren, under Jærtreffet som vart arrangert i Høghuset onsdag.

Der oppfordra Innovasjon Norge jærske industribedrifter til å jekka opp ambisjonsnivået. Frode Hagerup nyttar moglegheita til å røpa at han tenker større enn eit besøkssenter.

– Eg har løfta blikket litt, og meiner at me skal bruka merksemda som Bryne får til å spela inn til NFF at me kan ha eit norsk fotballmuseum på Bryne stadion.

Fotballmuseet på Ullevål stadion i Oslo er lagt ned, minner Hagerup om, mens avdelinga i Fredrikstad berre held ope etter avtale.

– Det er ein ball som det går an å sparka i gang. Det går an å tenka litt større, og å kunna fortelja den sterke fotballhistoria om Bryne og norsk fotballhistorie, med draghjelp frå verdas beste fotballspelar.

Pasning til næringslivet

Turistsjefen er opptatt av ikkje å utnytta merkevaren Haaland, eller Team Haaland. Han vil heller at næringslivet «rir på bølgja» som Erling Braut Haaland skaper.

Han ønsker å bruka merksemda som Haaland gjev Bryne, på ein måte som kan løfta heile Jæren. Derfor heiar han på dei i næringslivet som speler aktivt på kvar fotballspelaren kjem frå. Eitt eksempel er Haaland-suiten i den nye fløya på Hotell Jæren.

Vidare, meiner Hagerup, kan du formidla byutvikling på Bryne og landbrukshistorie på Jæren, ved å bruka kunstverka som er måla på tidlegare møller, meieri og slakteri på Bryne. Eller bruka bilda av mjølkeflasker og traktorar som Haaland legg ut i sosiale medium.

Det konkrete museumsutspelet er meint som ei oppfordring til aktørar innan reiselivet eller idretten. Hagerup presiserer at rolla hans er som tilretteleggar, og at ingenting er konkret.

– Det er ein lang prosess, men eg meiner at nokon må våga å snakka om det. Han er så enorm svær i utlandet. Derfor må reiselivet begynna å rigga seg, meiner han.

Frode Hagerup trekk parallellar til Madeira, som nå ikkje er kjent for sin gode vin, men også Cristiano Ronaldo, fotballspelaren som fekk eit eige museum eit stykke ut i karrieren. På «CR7 Museu» i fødebyen Funchal kan publikum lesa fankorrespondanse, sjå trofé og personlege utmerkingar, og interagera med ei digital utgåve av spelaren.
Frode Hagerup trekk parallellar til Madeira, som nå ikkje er kjent for sin gode vin, men også Cristiano Ronaldo, fotballspelaren som fekk eit eige museum eit stykke ut i karrieren. På «CR7 Museu» i fødebyen Funchal kan publikum lesa fankorrespondanse, sjå trofé og personlege utmerkingar, og interagera med ei digital utgåve av spelaren. Foto: Foto: Ap Photo / Helder Santos

På lag med Team Haaland

Kenneth Lia i Bryne Næringsforening trur at eit museum eller besøkssenter kan skapa merksemd og turisme, som vil styrka nærings- og kulturlivet.

Han meiner det blir viktig å finna den rette plasseringa på Bryne, og å skunda seg sakte.

– Det må gjerast rett, og i respekt for Team Haaland. Å ha kommunikasjon med dei, blir kjempeviktig. Éin gong skal me ha eit museum, for så stort er dette. Men me må ha rett balanse i prosessane, slik at det ikkje på nokon måte blir vulgært, seier Lia.

Ordføraren i Time, Andreas Vollsund, er også opptatt av å lytta hovudpersonen.

– Eg er mest opptatt av kva 23 år gamle Erling sjølv vil. Viss han ønsker noko, så skal me få det til. Er det éin plass me får det til, så er det på Jæren. Her snur me oss rundt, og får til mykje løye, seier Vollsund.

Time-ordførar Andreas Vollsund er opptatt av kva Braut Haaland vil sjølv. – Det er ingen tvil om at eit fotball- eller Haaland-museum ville ha trekt turistar, og vore ein attraksjon for Bryne og Jæren.
Time-ordførar Andreas Vollsund er opptatt av kva Braut Haaland vil sjølv. – Det er ingen tvil om at eit fotball- eller Haaland-museum ville ha trekt turistar, og vore ein attraksjon for Bryne og Jæren. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ledige lokale i Forum Jæren

Lars Enevoldsen sluttar seg heilhjarta til ønsket om eit museum på Bryne stadion, men ser at det ligg eit stykke fram i tid. Han er utolmodig etter å koma i gang, og kan som ny styreleiar i Forum Jæren tilby mellombelse lokale.

– Me har moglegheita til å begynna å rigga eit rom, slik at dei ressursane som jobbar med dette, har noko å jobba ut frå.

Både i første og andre etasje finst det lokale som på kort tid kan gjerast om til eit besøkssenter.

Enevoldsen fortel at det har vore dialog med Alfie Haaland, faren til Erling. Jærbladet har kontakta Alfie Haaland om korleis Team Haaland stiller seg til planane, men har ikkje fått svar.

I slutten av juni opna Forum Jæren kontorfellesskapet Fusst, med eit eige «Haaland»-møterom som familien har samtykt til. Her knipsar Inge Brigt Aarbakke eit bilde på opningsdagen. Drakta på veggen er signert.
I slutten av juni opna Forum Jæren kontorfellesskapet Fusst, med eit eige «Haaland»-møterom som familien har samtykt til. Her knipsar Inge Brigt Aarbakke eit bilde på opningsdagen. Drakta på veggen er signert. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim