Når telefonen ringjer hos ein prest, er det sjeldan for småting.

I mange år har Stein Ødegård svara når folk har trengt ein å snakka med – ofte når livet har vore på sitt tyngste.

– Du må våga å tru at det du er, og det du gjer, betyr noko. Det å vita at «no treng dei meg». Det er kanskje gullet i heile prestetenesta.

Stein har følt det sånn nokre gonger. Det skal me koma tilbake til.

Han har vore «Bryne-presten» i over 17 år. Profilert i media. Alltid svart på spørsmål – vanskelege som dei kan vera til ein prest.

Jærbladet skal stilla fleire slike spørsmål i dette intervjuet.

– Men først: Du sluttar? Korfor?

– Av og til tenkjer eg at folk kanskje er meir opptekne av at eg skal slutta enn eg er sjølv. Eg prøvar å ikkje sleppa det så veldig innover meg.

– Men?

– Eg har lyst å kjenna på at eg har alle kreftene mine og kan stå løpet fullt ut med full kraft, så gler eg meg veldig til å sleppa ansvar og tidsfristar.

Han har sagt at han løyver seg eit sabbatsår.

– Eg har arbeidd mykje og lenge, men eg har aldri tenkt at dette skulle eg ikkje ha gjort – eg er enormt takknemleg, seier Stein Ødegård.

Det er i mars han skal ha sin siste arbeidsdag. Den turglade presten er begeistra for vår – og trur han kjem til å takla overgangen til pensjonisttilværet litt betre på den årstida.

At han pensjonerer seg nå, har vore hans avgjerd. Fullt og heilt, seier han. Han blir 69 år til sommaren.

Ødegård si forklaring på korfor han blei prest samsvarar nok med mange andre si.

Han kjende det som eit kall. Han vaks opp i ein kristen heim på Løge.

Ei som har vore sentral i oppveksten, er mora, Aud, som han to veker før jul følgde til grava.

– Hennar tru var på ein fin måte ein del av heimen – ho hadde ein veldig varme i oppdraginga og i heile livet.

Ei tid for alt, men ikkje dette

Som sokneprest, i alle fall over så lang tid, får du røynt deg. Og du lærer mykje om sorg.

Nokre gonger skjer det som det ikkje finst ord for, som då Maren Ueland (28) frå Bryne blei brutalt drepen i Marokko i 2018.

Jobben med å finna orda fekk Stein Ødegård – som var prest då Bryne tok farvel med Maren.

«Det er ei tid for alt. Men det skulle ikkje ha vore ei tid for dette!» blei overskrifta i Jærbladet etter gravferda.

Ødegård sa det var tid for å markera kva me står for – når verdiar og liv er angripne og truga, må me sei kva me står for, sa han.

«Det har mange gjort i Marokko. Det har me gjort på Bryne med fakkeltog. Markeringane har vore viktige i lokalsamfunn og nasjon. Det skal vera kjærleiken som seirar, ikkje hatet. Nå er det tid for å løfta fram det gode og håpet, ikkje frykta. Det er betre å tenna eit lys enn å forbanna mørket. Me markerer med hjarta vårt, ikkje hatet vårt», sa presten.

Jula etter, blei Sigbjørn Sveli (44) frå Bryne, funne drepen på Regestranda.

– Korleis møter ein prest slike tragediar?

Ødegård tar nokre sekund.

– «Hoppa i det med begge bein», sukker han.

Då Maren Ueland blei drepen, vart heile byen stille, og det skaka heile landet.

– Då det kom til meg, så var tanken «den ballen må du ta, Stein».

– Eitt steg om gongen. Eitt besøk om gongen. Ein samtale om gongen.

Stein Ødegård måtte gjera det som den gamle klokkaren på Bryne lærde han:

«Du må berre vera i det!»

Og det er nå me kjem tilbake til «gullet» i prestetenesta. Å våga å tru at det du er, og gjer, har betydning.

At det er nokon som treng deg.

Foto: Simon Hobberstad
Foto: Simon Hobberstad Foto: Foto: Simon Hobberstad

– Dette var store saker med mykje omtale i media. Dei var brutale. Men som prest møter du rett som det er botnlaus sorg. Korleis klarar ein det?

– Personar er forskjellige. Erfaringar er forskjellige.

– Men eg lurte ei stund på om det var psykisk sunt, dette her. Å hoppa frå den fælaste sorg til vanleg kvardag – og til fest og glede.

Tøyar du følelseslivet for mykje? Er det vald mot sjela, spurte han seg.

– Eg la det vekk. Det er ikkje sånn. Det er faktisk livet, og ein prest får livet sine enorme kontrastar veldig tett innpå seg. Men så får eg berre vera i det, då.

Nå trur han ikkje det er psykisk usunt.

– Eg har stort sett kunna gå frå ein situasjon til ein annan og tilbake igjen – for det er det same livet.

Kyrkja og politikk

Stein Ødegård meiner kyrkja ikkje kan tia med dei etiske verdiane ho har.

– Det ville vore eit svik mot evangeliet, seier han.

Han seier det vanskelege er når den etikken, som kyrkja òg må bruka stemme på, blir oppfatta politisk.

– Der er skiljelinjene forholdsvis tynne, men eg trur kyrkja skal våga å gjera det.

– Ein kan kanskje vere litt betre til å kommunisere at sjølv om dette kanskje har politiske implikasjonar, så er det ikkje dermed gitt at det er partipolitikk.

Sjølv har han kanskje vore mest engasjert i klimasaka. I ei salme skreiv han at det «blør ei sorg av vårt avtrykk på jord» og at «vårt ego er grådig».

– Det går på skaparverket. Eg trur på eit skaparverk som me har fått ansvaret å forvalte. Det er den teologiske motivasjonen for det, som gjeld oss alle – uavhengig av kor me står politisk.

– Tenkjer du noko på dei i kyrkjelyden som kanskje vil vera ueinige i eit slikt klimaengasjement?

– Du kan ikkje tenkja for mykje på kva folk vil tenkja. Då stoppar du engasjementet i stemma di.

Stein Ødegård, Heidi Strand Harboe, Ida Gilbert og Torvald Hadland under ein panelsamtale i Bryne kyrkje under Jorddøgnfestivalen. – Me har alle svikta, sa Ødegård.
Stein Ødegård, Heidi Strand Harboe, Ida Gilbert og Torvald Hadland under ein panelsamtale i Bryne kyrkje under Jorddøgnfestivalen. – Me har alle svikta, sa Ødegård. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ei sak som for mange utanfor kyrkja nesten har blitt ein lakmustest, er om presten vigslar likekjønna par eller ikkje.

Det enkle svaret er: Ødegård gjer det ikkje.

Det litt meir avanserte svaret er at haldninga hans har vore at han gjerne svarar ja også til likekjønna til den kyrkjelege handlinga «forbøn for borgarleg inngått ekteskap».

– Dette gjer eg i djup respekt for likekjønna sitt val om å leva i forpliktande kjærleik. Og fordi forbøn og velsigning er ei kjerneoppgåve for kyrkja, har Ødegård forklart.

Men han seier sjølve ekteskapsinngåinga burde vore ein statleg oppgåve, og ikkje blanda inn med kyrkja si forbøn.

– Det hadde vore enklare for alle partar.

I oktober sa Den norske kyrkja unnskyld for å ha påført skeive smerte og skade.

«Nokon kan tenkje at det er for seint. Nokon meiner det er for tidleg. Vi meiner det er rett å ikkje vente lenger. Den norske kyrkja har påført skeive skam, stor skade og smerte. Det skulle ikkje ha skjedd», sa Olav Fykse Tveit.

– Eg kjem ikkje til å seia eit stygt ord om det.

– Du støttar den?

– Ja. Eg synest det var... Ja, eg støttar den.

– Korfor?

– For eg synest det var på sin plass. Eg tenkjer at det betydde enormt mykje for dei det gjeld.

– Kyrkja hadde ein grunn til å beklaga?

– Ja.

Foto: Simon Hobberstad
Foto: Simon Hobberstad Foto: Foto: Simon Hobberstad

Ei anna sak der kyrkja sin rolle har blitt diskutert er då det i august ringde i kyrkjeklokkene for Gaza.

– Det var ein konkret grunn til at kyrkjeklokkene kima i den fasen, svarar Ødegård med dempa stemme.

– Det var grufulle bilde som sveiv over TV-skjermen for oss alle.

Markeringa var i Ødegård si ferietid.

– Så eg registrerte det berre med «Ja, fint. Fint at det vart gjort».

– Kva med dei som meinte kyrkja har eit ansvar i å vise medkjensle med liding alle stadar? Kva med til dømes Kongo og Sudan?

– Ja... Hm.

– Det er eit godt spørsmål. Du kan ikkje køyra jamt og trutt klokkeringing ut frå ei topp 10-liste. Det seier seg sjølv at det blir voldsomt.

– I overført betydning er det jo mange klokker som burde ringt, men... Nei, eg får meg ikkje til å seia at dei ikkje burde ringt akkurat der og då.

– Dette prega nyheitsbilde, og det prega folk sine hjarte så sterkt. Kan henda at det kunne vore kommunisert endå litt tydelegare at klokkene ringde for alle som lir. Det vart kanskje kommunisert litt betre i etterkant, trur eg.

Stein Ødegård seier at han stort sett er einig med og stiller seg bak utsegna Den norske kyrkja kjem med.

Brubyggar

– Kva skal du nå?

– Nå skal eg snusa litt fritt på korleis livet vil vera utan den faste yrkesrolla. Eg håper helsa er så god at eg kjem i endå betre form, og driv mykje natur- og friluftsliv.

Han seier også det er masse kultur på Bryne til å oppleve og engasjera seg i.

Foto: Simon Hobberstad
Foto: Simon Hobberstad Foto: Foto: Simon Hobberstad

– Det er også ei enormt stor frivilligheit og eit fellesskap me vil vera ein del av her, men eg skal ikkje gå i vegen for den nye Bryne-presten. Det er viktig.

– Kva rolle skal ein prest ha i eit lokalsamfunn, og kva rolle har du hatt?

– Eg har nok vore i ei brubyggar-rolle i byen og i møte med folk og kultur her. Eg kom tilbake til Bryne her eg har røter og forstår kulturen og humoren, så eg har hatt ein fordel med den bakgrunnen. Eg har forma kyrkjelivet her i mi tid, og det skal den nye presten få gjera i si tid.

– Råd til den nye soknepresten?

– Eg vil heller gi råd til folk. Ta han imot med opne armar. Viss det skal vera noko til han, så er det: Ver deg sjølv.