– Eg må få sei noko om media frå min ståstad. Me fekk eit spesielt forhold. Me etablerte eit samspel med media, seier Geir Magne Aanestad.
Som me har sett i denne serien, så var media, og særskild VG, tidleg ute med å ta kontakt med folk som Alv Hetland, som var sjefen til Gunn Merete Lode.
Nokre av dei stod òg utanfor Jæren Everk, då dei skulle halde orientering for dei tilsette, måndag etter drapet.
– I starten var det tilløp til at media sprang føre oss. Dei ringde på dører, før me hadde samla oss. Jærbladet og Aftenbladet kjente me. Eg kalla media inn, og me vart samla omtrent dagleg i starten. Då sa eg at me ikkje kunne ha det slik, av di det forstyrra etterforskinga, seier Aanestad.
Dialogen med media
For å kontre utfordringa, lova han å orientere media så tett han kunne.
– Det skal få så mykje at det ikkje skal vere naudsynt å banke på dører. Og dei aksepterte det.
Det var spesielt eitt media som var utfordringa, seier Aanestad utan å ville gå nærare inn på kven det var.
– Me sat saman med media. Me drøfta med dei om kva dei meinte om den og den tingen.
For media var det fyrst og fremst Geir Magne Aanestad som vart andletet ut til omverda.
Den gongen var det to aviser som hadde kontor på Bryne, Jærbladet og Stavanger Aftenblad.
Biologiske spor
Petter Olsen, opphaveleg frå Karmøy, hadde vore lokaljournalist på Aftenbladet sitt Bryne-kontor. Han hadde mellom anna ansvar for å dekke Jæren tingrett og av og til politisaker.
Journalisten kjende difor godt til lensmannen frå tidlegare. Han begynte å dekke saka frå måndag 27. august.
Sett på 25 års avstand skildrar han hendinga slik:
– Det var ein plass me ikkje var vane med at det skjedde slike ting som dette. Bryne tapte uskulda over natta.
Olsen hadde òg dekka drap tidlegare, då han jobba i Flekkefjord.
– Den store skilnaden frå den gongen, var at det no var ein ukjend gjerningsmann.
Olsen fortel at han hadde dagleg kontakt med Aanestad, og at dei hadde god kontakt:
– Han sa ting til meg, men la til at eg ikkje fekk skrive det enno. Det gjekk eg med på, så lenge eg visste at han ikkje sa det til andre.
Samstundes hende det òg at Olsen sjekka opp ting han hadde høyrt «på bygda» på tomannshand. Då kunne han sei at: «Dette er eit villspor» eller «vent med det». Eg kjende han, så eg hadde tillit til han, seier Olsen i dag.
I pressesamanheng er Petter Olsen mest stolt av at han var den fyrste som skreiv at det var funne biologiske spor etter drapsmannen. Det skreiv han om 19. oktober 2001.
– Aanestad nytta ikkje ordet DNA, og han sa til meg at eg skulle «gøyme det litt». Eg er ikkje sikker på at eg heilt forstod omfanget av den opplysninga den gong. Det var fyrst i slutten av oktober at Aanestad nytta uttrykket DNA.
Frå heimen på Rosseland skildrar Petter Olsen det same inntrykket av Bryne som dei fleste andre har peika på. Det var ein frykt i starten. Når han blar i gamle artiklar, ser han at det var eit ganske stort trykk frå pressa ut 2001.
Eit hav av arbeid
Den 20. juni 2003 kjem det ei slags oppsummering av saka. Då vart etterforskingsgruppa oppløyst, men saka var ikkje lagt vekk.
I oppsummeringa skildra han det enorme omfanget saka hadde hatt til då:
– Saka hadde 1634 dokument, 1252 tips, 939 utfylte spørjeskjema og 1240 spyttprøver. Kontakt var gjort med 356 einslege menn og 460 utlendingar. Og dei hadde snakka med 191 menn som hadde vore i Kaffibaren drapsnatta – siste stad Lode var ute før ho gjekk heim. 1400 personar hadde nytta telefon drapsnatta.
På den tida var det altså ingen som visste kven drapsmannen var. Olsen trudde at det kanskje ville kome ei løysing gjennom DNA-sporet.
Då gjerningsmannen vart tatt, skreiv han ein kommentar kor han stilte spørsmål om politiet hadde jobba for breitt. Han stilte då spørsmål om nokre av arbeidsgruppene burde ha fanga opp gjerningsmannen.
Under rettssaka jobba Olsen som kommentator frå rettssalen. Han hadde då skifta beite frå Bryne-kontoret til hovudkontoret i Stavanger.
Der jobba han på desken i avisa. I dag er Petter Olsen redaktør for Indremisjonsforbundet si avis, Sambåndet.
Kjende uhygga
Det var særleg to journalistar frå Jærbladet som kom tett på saka. Brit Romsbotn, som døydde i fjor, og tidlegare redaktør, Kjell Olav Stangeland. (Underskrivne jobba med begge to i 2008).
Stangeland budde nær åstaden. Kvelden før drapet hugsar han var ein fin sommarkveld. Og gjennom det opne vindauget i heimen kunne han høyre at det var mange folk ute den kvelden.
– Eg høyrde om drapet på riksnyhendene, og eg skulle gå opp å fotografere på åstaden. Det var ei veldig uhyggestemning.
Stangeland meiner at det gjekk litt over ein månad før Bryne begynte å kome tilbake til ei litt normal stemning.
– Etterforskinga var særs brei. Det var ein periode kor ein var ganske sikker på at det måtte vere ein frå mottaket på Nærland, men det synte seg jo i ettertid at det ikkje var. På meg verka det som om politiet famna totalt i blinde, seier han i dag.
Tagnad i Jærbladet
Noko som skildrar litt av stemninga den gong var ei hending som skjedde i setteriet på Jærbladet.
– Kort tid etter at dei hadde gått ut med fantomteikninga, kom det inn ein mann i setteriet. Han var prikklik mannen på teikninga. Då vart det heilt stilt. Personen var ein mann som hadde tilhald på Nærland, seier han.
For Jærbladet, som òg for Aftenbladet, så handla det om å ikkje vere til byrde for dei pårørande:
– Me var klare på at me ikkje ville legge stein til byrda og hadde ikkje kontakt med familien. Me gjekk heller ikkje å banka på dører.
Stangeland opplevde òg ei litt anna side av journalistane frå VG enn det nokre av dei andre har skildra.
– Dei tok kontakt, og me hadde eit visst samarbeid. Det som slo meg med dei, var kor nøye dei var med arbeidet med kjelder. Det var ikkje nok at ein person hadde sagt noko. Dei sjekka med fleire kjelder. Me var mykje meir slumsete slik.
Det høge trykket i dekkinga hald seg nokre månadar, før det ebba litt ut:
– Det vart med tida ikkje så mykje nytt.
Stopp pressa!
Fram til DNA-treffet kom i april 2004, såg det ut som om saka ikkje ville få nokon løysing. Om kvelden 15. april fekk han ein telefon frå journalist Åge Bjørnevik, medan han var på eit redaktørmøte i Stavanger.
– Eg hugsar det veldig godt. Då telefonen kom hadde Jærbladet alt gått i trykken, og eg sa at ein måtte stoppa pressen. Det er den einaste gongen me stoppa pressa i Jærbladet, slik at med fekk ned ein notis på framsida.
Notisen som kom fredag 16. april hadde overskrifta: «Siktet for Lode-drapet.»
Det viste seg at gjerningsmannen no var tatt. Stangeland dekka òg rettssaka tett i etterkant.
Sidan han gjekk av med pensjon har den tidlegare redaktøren skrive bøker, mellom anna om Bryne.
I så måte er han den rette mannen til å spørje om drapet endra byen.
– Det er nok ikkje så mange som snakkar om det i dag. Men eg går forbi åstaden ofte, på veg til og frå heimen. Eg tenker veldig ofte på saka når eg går forbi, avsluttar Kjell Olav Stangeland.