– Me var her òg ei stund den dagen dødsbodskapen kom, for å signera kondolanseprotokollen, fortalde Astrid Nåvik Braut og Jarle Braut.
Dei var mellom dei første til å benka seg i Bryne kyrkje før gravferda til kong Harald onsdag.
Storskjerm og fellesskap
Staben i kyrkja hadde montert to storskjermar, ei på kvar side av det store glasmaleriet.
Akkurat som langs ruta i Oslo sentrum, der tusenvis følgde NRK si overføring av prosesjonen og av sjølve gravferda, baud Brynekyrkja folk inn til å oppleva denne historiske dagen saman med andre.
Ekteparet Braut kjente på vemod over tidsskiftet som kong Haralds gravferd markerer.
– Han har vore ein tydeleg konge, med stor K. Veldig jordnær, ein konge som dukka opp i gummistøvlar og gammal boblejakke når folk hadde det vanskeleg, sa Astrid Nåvik Braut, med minnet om Haralds besøk til dei orkan-ramma i Møre og Romsdal i 1992 i tankane.
– Samstundes har han behalde verdigheita og den fine balansen, meinte Jarle Braut.
Tre kongar, tre gravferder
Dei to har opplevd dødsfallet til tre kongar. Då kong Haakon VII døydde i 1957, var Nåvik Braut fem år, fortel ho.
– Eg hugsar eit bilde av ein død mann i ei seng; han låg på likstrå. I staden for Barnetimen på radio, var det sørgjemusikk. Eg hugsar eg syntest det var trasig.
Då kong Olav døydde i 1991, var dei begge vaksne. Jarle Braut var i Oslo og la ned blomar på Slottsplassen, ein skikk som i Norge begynte den gongen. Han opplevde det sterkt.
– Det var vinter, dystert og mørkt, med Golfkrigen som bakteppe.
Spelte for kongen
Også Cato Myklebust hadde funne vegen til Bryne kyrkje i tide til å få med seg gravferda. Han hadde fått fri frå vaksenopplæringa ved Bryne vgs. for anledninga.
Sjølv om han ikkje har hatt noko personleg forhold til kong Harald, var det ein viktig dag, meinte han.
– Eit slikt skifte gjer noko med ein.
Han vil hugsa Harald som ein konge med mange gode råd.
– Han hadde fin humor og omsorg for land og folk, særleg for minoritetar. Han såg kvar enkelt, sa Myklebust.
Og éit spesifikt minne vil stå igjen: Då kong Harald og dronning Sonja besøkte Hå i 1995 og signerte Kongesteinen nedanfor Obrestad fyr.
– Då gjekk eg i Varhaug skulemusikkorps og spelte tenor, og me spelte for kongen, sa Myklebust.
– Har berørt mange skikkeleg
Sokneprest Trond Inge Tappel var til stades i kyrkja, der nokre titals personar var på plass då klokka blei 13. Folk reiste seg, og det var eit minutts stille i Bryne kyrkje, så vel som i Oslo domkyrkje og mange andre stader i landet.
631 personar hadde rukke å skriva seg inn i sørgjeprotokollen som har lege ute sidan kongens død 28. august. Mange som elles ikkje går i kyrkja, har vore og skrive namnet sitt der, ifølge Tappel.
– Eg har merkt på fleire at det har betydd mykje å kunna komma og skriva seg inn i protokollen og tenna lys. Særleg dei første dagane var det tydeleg at dette berørte mange skikkeleg.
Minne frå ei anna gravferd
Å sjå folkehavet i Oslo sentrum og utanfor domkyrkja vekte personlege minne, også i soknepresten. I 2011, etter terroren i regjeringskvartalet og på Utøya, var han ung prest og fekk ei bratt oppgåve – i Oslo domkyrkje.
– Eg og ein annan heldt gravferd for ein 14-åring som mista livet på Utøya. Stortorvet var smekkfullt av folk, og trikken sto stilt. Eg gjenopplever det nå, sa Tappel mens bilda frå gravferdsfølget fylte skjermane i kyrkja.
– Svima av framfor kongen
Eit litt lysare minne for presten, er at han svima av framfor kong Harald i Normandie i 2004.
– Eg spelte tromme i signaltroppen i Garden, og me var med på 60-årsmarkeringa for D-dagen i Normandie. Det var varmt, eg hadde eit bandolær som ikkje sat, og me hadde stått i over ein time. Eg svima av framfor pressetribunen, og Rogalands Avis publiserte stort bilde av det.
Men om kvelden var det middag med kongen og krigsveteranar. Då sat eg med Joachim Rønneberg, som var med og sprengde tungtvassanlegget ved Rjukan, og kongens adjutant – og kongen sat på bordet ved sida av.
Gravferda var den offisielle avskjeden med kong Harald V. Kong Haakon VIIIs tid er i gang. Foto: Lise Åserud
– Får tola nokre riper i lakken
Jarle Braut var i mange år fylkespolitikar for partiet Venstre. I verva deltok han iblant på middag med dei kongelege. Slik har han sett både kong Olav, kong Harald og kronprins Haakon, som er Norges nye konge, på ganske nært hald.
Dei har merkt seg skandalane rundt kongehuset dei siste åra. Men så langt har dei ikkje mista trua på kongedømmet som styringsform i landet.
– Me seier vel som alle andre: Så lenge me har ein konge som er slik, så går det bra. Då får me tola nokre riper i lakken, sa Astrid Nåvik Braut.
– Når me toler riper hos oss sjølve, får me tola det hos andre òg, meinte Jarle Braut.