Brynhild Grødeland Winther
Brynhild Grødeland Winther jobba tolv år i oljebransjen før ho vart kunstnar på heiltid. Foto: Håvard Ovesen

Brynhild Grødeland Winther hadde trygg og god jobb hjå IKM. Ho var «sleggemekanikar» i oljeindustrien, trakk boltar, trykktesta røyr, bytta dei ut, og så bortetter.

Ikkje udødeleg

Slik gjekk dagane. Ho jobba mykje. Når ho ikkje var på jobb, gjekk ho i fjellet.

Då ho vart mor, var det noko som endra seg.

– For første gong forstod eg at eg ikkje er udødeleg. For første gong registrerte eg at tida går, fortel Winther til Jærbladet.

Ho hadde alltid hatt eit ønske om å ta kunstutdanning, men tenkt at det var noko ho kunne gjera seinare. Ho innsåg at skulle det verte noko av, måtte ho ta grep.

Winther melde seg opp på kunstfagskulen i Ålesund. Seinare tok ho bachelor- og mastergradsutdanning ved Kunsthøgskolen i Bergen.

– Eg tok sju års utdanning for å gå ned i lønn, seier Winther og ler.

Ho fortel at ho alltid har tenkt i bilete. Omset ho bileta til ord, forsvinn noko av meininga og breidda på vegen.

– Når eg tenkar på ord, ser eg for meg eit tog. Toget er alt det ein klarar å seia med ord. Alt det som ligg til sida for togskjenene er tankar. Teikningane mine ligg mest utanfor toglinja, utanfor språket, seier Winther.

Ho meiner språket har distansert mennesket frå naturen – ved å setja namn på dei ulike dyra, har mennesket posisjonert seg over dei, ei rolle Winther meiner menneska ikkje fortener.

– Eg vil riva mennesket ned frå den sjølvpåtatte sjefsrolla det har tatt i universet, seier Winther.

Under overflata

Laurdag opnar ei utstilling med teikningar ho har laga på Hå gamle prestegard. Den har fått namnet «Kunne ikkje forstå deg flytande ...»

– Ser du noko flytande, ser du berre det som ligg i overflata. Skal du til bunns i noko, må du drukne, seier ho.

Teikningane ber preg av det maritime; det er mykje fiskar, sjødyr og sjømonster å sjå. Her og der dukkar det opp ei hand, eit auge, ein tiss eller ein pupp, kan hende òg ein menneskeskikkelse eller to, men stort sett er det dyr og fantasifoster som har hovudrolla, heilt i tråd med Winther sin filosofi om å jekka menneska ned frå trona.

Trass i at ho etter eige utsegn har ei problematisk relasjon til ord, har Winther skrive på fleire av teikningane.

– Det er eit paradoks. Før, når eg teikna, hadde eg ei notatblokk ved sida av som eg tok notater i. Nå har eg byrja skrive rett på teikningane, seier ho.

Orda er ikkje dei einaste spora etter menneske. Busstopp, båtar og anker går igjen i fleire av dei. Og kikkar ein nærare, kan ein finna detaljar som røper litt om bakgrunnen hennar: Ein rullestein her, eit jærhus der.

– Når eg jobbar med ei teikning, vert alt eg tenker på ein del av teikninga, fortel Winther.

Ho fortel at det siste året har ho tatt til å lengta heim, sjølv om ho ikkje har budd på Jæren sidan siste året på ungdomsskulen. Winther vaks opp på ein gard på Grødaland, eit par små kilometer sør for Hå gamle prestegard.

Dette er ein av teikningane Brynhild Grødeland Winther stiller ut på Hå gamle prestegard i vinter.
Dette er ein av teikningane Brynhild Grødeland Winther stiller ut på Hå gamle prestegard i vinter. Foto: Foto: Brynhild Grødeland Winther

Ho synest det er fint å koma att som kunstnar, men innrømmer at heile heimlengselen er litt rar.

– Eg har aldri følt at eg passa inn. Eg har alltid vore ho løgne jenta i klassen. Når eg har lengta heim, har det for det meste vore naturen, strandlinja, rullesteinane og vinden. Men nokre av mine beste vennar bur her framleis, seier ho.

Asperger

Winther har alltid kjent seg annleis. I 2017 fekk ho ein diagnose som stadfesta noko ho eigentleg har visst heile vegen: Ho har asperger syndrom.

For henne gjer det seg utslag i at det sosiale kan vera vanskeleg. Det er fort gjort å seia «feil» ting.

– Ein gong eg var på Haustutstillinga, fekk eg skryt for noko eg hadde utstilt. Men eg berre gjekk. Det er først i ettertid eg skjønnar at det eg heller skulle gjort, var å seie takk, fortel Winther lattermildt.

Det var først i samtale med psykologen ho oppdaga at for folk som ikkje har asperger, kan tanken bak vera viktigare enn sjølve orda dei faktisk seier.

– Det har mykje å seie for kva ein svarar når nokon til dømes spør om kva ein synest om den nye frisyren deira. Dette var ei stor oppdaging for meg, fortel Winther.

Ein del av diagnosen er at ho er sensitiv når det kjem til mat, både når det gjeld smak og konsistens. Ho slit òg med enkelte typar lydar.

– Det er fysisk slitsamt, fortel ho.

Samstundes finst det òg nokre fordelar med asperger.

– Absolutt. Det sosiale kan vera vanskeleg. Det positive er at eg ikkje er så oppteken av det. Det er kjempefint. Det gjer mykje tid til å jobba. Når guttane mine er hos faren sin, jobbar eg tolv til seksten timar dagleg. Det er akkurat som då eg jobba i olja, seier Winther.

– Du fekk ikkje diagnosen før du var i slutten av trettiåra, sjølv om du hadde dine mistankar. Har det å få ein diagnose endra på noko?

– Eg har heile livet fått høyre at eg gjer meg vanskeleg. Eg trudde at alle var som meg, at alle hadde like store problem med til dømes lydar, bare at dei var betre til å handtera det. Før følte eg at eg måtte lyga og sei at eg var sjuk for å unngå ting som var for slitsame. No er det lettare for meg å seie at «dette klarar eg ikkje, for eg vert utsliten». I tillegg har det vorte lettare for meg å le av meg sjølv. Eg seier jo så mykje løye.

Brynhild Grødeland Winther foran ei teikning ho brukte fjorten sekstentimarsdagar på å fullføra.
Brynhild Grødeland Winther foran ei teikning ho brukte fjorten sekstentimarsdagar på å fullføra. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Winther seier at samfunnet har bruk for alle slags folk. Ho er oppteken av mental helse, og går jamleg til psykolog. Det er noko ho eigentleg tilrår alle.

– Om eg til dømes ikkje får nok tid til meg sjølv, vert eg deprimert. Knekk du foten, går du til legen. Knekk du sjela, må du gå til psykologen. Det er greitt å snakka med nokon. Det er godt for helsa, seier ho.

Blod, tårer og kaffi

Opphavleg er ho venstrehendt.

– Men då eg kom på skulen, skjønna eg at det var den høgre handa som var den «rette», fortel ho.

Winther ville vera som dei andre, og gjorde derfor høgrehanda til førstevalet, både til skriving og teikning. Men ein dag på jobb for IKM, brakk ho ein finger på høgrehanda. Det tvang ho til å vekka til live gamle kunstar.

No teiknar ho med begge hendene. Winther viser fram teikningane ho er i ferd med å henga opp på veggane i Hå gamle prestegard.

– Alt med blyant er teikna med høgrehanda. Alt med tusj er teikna med venstrehanda, seier ho.

Winther byttar òg hender basert på kva ho teiknar.

– Venstrehanda vil teikna maskinar og smådyr. Eg anar ikkje kvifor, seier ho og ler.

Kor mykje tid ho brukar på kvar teikning varierer, alt etter teknikk og kor mykje detaljar det er på han. Winther viser fram ein av dei større teikningane som ho enno ikkje har fått hengt opp.

– Denne brukte eg fjorten dagar på. Men det var sekstentimarsdagar, seier ho.

Ho kan bruke mange forskjellige teknikkar på same teikning, ikkje berre blyant og tusj, men òg fargestiftar. Og ser ein nøye etter, kan ein òg sjå spor av andre ting, som blod, tårer og kaffi – sentrale ingrediensar i eit kunstnarliv.

– Her kan du sjå blod. Det er frå då eg prøvde å opna ein pakke med tusjar med saks og skar meg, peikar Winther.

Kva så med tåreflekkane? Ikkje meir avansert enn at det hender ho er deprimert når ho teiknar.

Kaffiflekken passa berre inn.

Tre av verka ho stiller ut, er ramma inn på ein spesiell måte. Ein venn av henne, Jan Fjermestad, lurte nemleg på om ho kunne ha bruk for nokon sauegjerder til rammer. Det hadde ho. Fjermestad hadde nok opphavleg tenkt at nettingen skulle vera bak sjølve teikningane, men Winther ville heller ha han foran.

– No er ramma ein del av verket, seier ho.