– Då me køyrde ned bakken, tenkte eg ikkje over at brua var lågare enn bussen. Plutseleg høyrde eg ein smæsjelyd.

Eline Håland (12) hadde vore og besøkt Ronja Lindmo (13) på Varhaug. Laurdag ettermiddag skulle begge til Nærbø, der Eline bur.

Fordi sjåføren ikkje stoppa på den vanlege plassen på Nærbø stasjon, måtte dei følga bussen vidare til Bryne. Begge ringde til mor og fortalde at sjåføren ikkje hadde opna bakdøra for å sleppa dei av.

På veg mot Bryne reagerte dei på at sjåføren ikkje køyrde den vanlege ruta frå Nærbø. Dei hugsar at sjåføren senka farten før jernbanebrua på Nubben, som ligg ved ei uoversiktleg rundkøyring.

Likevel kom bussen eit langt stykke før han sette seg fast under brua. Ronja seier ho fekk noko i hovudet som ho ikkje veit kva var.

– Eg fekk eit veldig stort sjokk. Akkurat då bussen krasja, datt det noko ned, og så rann det olje nedover håret og kleda mine. Det gjorde vondt då tingen trefte meg, men så kjende eg det ikkje meir på grunn av sjokket.

Alt som er større enn ein varebil, må ta fylkesveg 44 for å unngå jernbanebrua på Nubben, som har ei skilta høgd på 3,2 meter. Busstypen Setra S 515 HD er 3,77 meter høg, ifølge tal frå produsenten. Modulen på taket er ein del av bussens klimaanlegg.
Alt som er større enn ein varebil, må ta fylkesveg 44 for å unngå jernbanebrua på Nubben, som har ei skilta høgd på 3,2 meter. Busstypen Setra S 515 HD er 3,77 meter høg, ifølge tal frå produsenten. Modulen på taket er ein del av bussens klimaanlegg. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fekk olje på kleda

Eline trur gjenstanden kan ha vore ein del av eit vindauge. Ho seier Ronja vart dekt av ei slags rosa olje, som også kom på kleda hennar.

– Alle tinga våre vart oljete, seier ho.

For Ronja sin del inkluderer det ein fin ryggsekk, som kosta over 2000 kroner då ho kjøpte han for eigne pengar.

Jentene hugsar at passasjerane stokk, men at dei fleste heldt seg rolege. Alle prøvde å koma seg ut så fort som mogleg. Dei måtte gå ut framme fordi bussjåføren ikkje fekk opna døra bak.

Sidan jentene var dei einaste ungane på bussen, kom mange av medpassasjerane bort og spurte om det gjekk fint.

Jentene seier at sjåføren spurte om dei var «ok». Etter det skal dei ikkje ha sett meir til nokon frå buss- eller togselskapet.

Jærbladet fekk kontakt med den daglege leiaren i busselskapet på laurdag, før han hadde oversikt over kollisjonen på Bryne. Han har ikkje svart avisa sundag – me kjem tilbake med ei oppdatering når han svarer.

Ronja sov over på Nærbø slik at veninnene fekk god tid til å snakka saman. Mora til Eline gjorde eit tappert forsøk på å gjera reint tinga til jentene. Men den nye douchebagen er ennå flekkete og luktar av olje, særleg gjeld det det polstra stoffet inn mot ryggen.
Ronja sov over på Nærbø slik at veninnene fekk god tid til å snakka saman. Mora til Eline gjorde eit tappert forsøk på å gjera reint tinga til jentene. Men den nye douchebagen er ennå flekkete og luktar av olje, særleg gjeld det det polstra stoffet inn mot ryggen. Foto: Foto: Privat

Følge ikkje oppsett rute

Kollektivtrafikkselskapet Nobina leverer buss for tog på oppdrag for Go Ahead. Nobina bruker underleverandørar.

Kommunikasjonsansvarleg Jonatan de Koter sa til Jærbladet i 17-tida laurdag at Nobina jobbar med å undersøka kva som er skjedd.

– Det me kan seia, er at det står bra til med sjåfør og passasjerane som var om bord. Me veit også at bussen har køyrt ei anna rute enn det som var planlagt. Me jobbar nå med å finna ut av kvifor.

I eit e-postsvar seint laurdag kveld skriv de Koter at førebelse opplysingar tyder på at sjåføren har brukt navigasjon som har føreslått å ta indrevegen, i staden for å følga den oppsette ruta via fylkesveg 44.

Ifølge han, var det om lag tjue personar då bussen køyrde inn i brua. Det skal ha skjedd cirka 13:25, ifølge Nobina sine sporingsverktøy.

Jentene fekk ikkje med seg skiltet, men er klare på at det burde sjåføren gjort. – Eg tenker at han burde visst kor høg buss han køyrer. Han burde hatt meir kontroll, seier Ronja. Eline er samd: – Viss han ikkje er sikker på kor høg han er, så må han følga med.
Jentene fekk ikkje med seg skiltet, men er klare på at det burde sjåføren gjort. – Eg tenker at han burde visst kor høg buss han køyrer. Han burde hatt meir kontroll, seier Ronja. Eline er samd: – Viss han ikkje er sikker på kor høg han er, så må han følga med. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Sat bak jentene

Ørjan Karlsen (31) skulle frå Sirevåg til Bryne for å få med seg opprykkskampen til Rosseland Ballklubb. Han såg jentene gå på på Varhaug, der dei sette seg framfor han, eit stykke bak i bussen.

På Nærbø såg han at jentene halvvegs reiste seg, men at dei og ein mann ikkje kom seg av, fordi bakdøra aldri vart opna.

Ved hjelp av GPS-sporing på bussen kan Nobina stadfesta at sjåføren ikkje stoppa på rett stad på Nærbø stasjon.

Akkurat som jentene reagerte Karlsen på ruta sjåføren tok. Han seier sjåføren stoppa på feil side av stasjonen og forstod lite då han valde å ta til høgre ved Loen, og altså køyra indrevegen til Bryne.

Ørjan Karlsen tok dette bildet og delte med vener på Snapchat. – Det begynte å renna noko veldig frå taket, inn i bussen. Det var der jentene sat.
Ørjan Karlsen tok dette bildet og delte med vener på Snapchat. – Det begynte å renna noko veldig frå taket, inn i bussen. Det var der jentene sat. Foto: Foto: Skjermdump frå Snapchat

Han reagerte òg på at politiet melde at bussen hadde vore tom for passasjerar – sjølv såg han over tjue personar.

– Det gjekk godt for alle, men eg såg at i alle fall ei av jentene grein. For dei var det sikkert traumatiserande. Det begynte å renna noko veldig frå taket, der jentene sat.

– Korleis var det for deg?

– Det var spesielt. Rett før såg eg skiltet med 3,2 meter og tenkte at han sikkert har kontroll. Eg håpte i alle fall det.

Frivillige kom med kaffi

Karlsen reagerte òg på klokkesletta til politiet. Ifølge operasjonsleiaren rykte politiet ut 15:54, og følgde opp med ei melding om at dei var ferdige på staden 16:17.

Jentene og foreldra er svært takksame for hjelpa frå Eilert Auestad og Nubben AS, som skunda seg med å setta på kaffitraktaren då bussen sette seg fast. (Bildet er tatt av ein kollega av Auestad.)
Jentene og foreldra er svært takksame for hjelpa frå Eilert Auestad og Nubben AS, som skunda seg med å setta på kaffitraktaren då bussen sette seg fast. (Bildet er tatt av ein kollega av Auestad.) Foto: Foto: Privat

Det er fleire timar etter at bussen sette seg fast, og då hadde alle passasjerane dratt – anten med erstatningsbuss eller på eiga hand.

Opplysningane frå politiet fekk mora til Eline til å kontakta Jærbladet for å retta opp inntrykket meldingane skapte.

Ho fortalde at det var tilsette ved jakt-, fiske og friluftsbutikken på Nubben som kom og tok seg av passasjerane – ikkje nokon frå busselskapet.

Dei vaksne fekk servert varm kaffi, og jentene fekk kvar sin slikkepinne.

– Det var bra. Det gjorde dagen betre, smiler Ronja og Elines.

Såg ikkje behov for oppfølging

Jærbladet har spurt de Koter korleis passasjerane vart ivaretatt. Han svarer at det gjekk raskt – 17 minutt – frå samanstøytet til ein annan underleverandør kom og henta passasjerane.

Han skriv vidare:

«Vi fikk tilbakemelding fra sjåføren som hentet at dette foregikk uten noen dramatikk. Både passasjerene og sjåføren kom fysisk uskadd fra hendelsen. Opplysninger vi har fått fra stedet tilsa at det ikke var behov for noen spesiell oppfølging av passasjerer.»

Politiet opplyste først at ingen var om bord då bussen køyrde inn i brua. Dette måtte dei seinare retta. Nobina opplyser nå at det var om lag tjue personar i bussen.
Politiet opplyste først at ingen var om bord då bussen køyrde inn i brua. Dette måtte dei seinare retta. Nobina opplyser nå at det var om lag tjue personar i bussen. Foto: Foto: Lesarfoto

Erfaringa sit i kroppen

På laurdagskvelden ringde Monica Lindmo, mora til Ronja, som hadde fått oljesøl og ein gjenstand i hovudet.

Då fortalde ho at jentene var opprørte og blitt redde for å køyra buss, og at ho ikkje likte måten dei var behandla på.

– Nå er eg redd, stadfestar Eline overfor Jærbladet.

– Det kjem til å vera skummelt å køyra buss, og eg kjem til å tenka på det, seier Ronja.

Mens dei andre passasjerane vart plukka opp, vart jentene sitande og venta på mora til Eline.

Ho seier det er bra at dei som skulle vidare raskt fekk ein erstatningsbuss, men seier det er rart at ingen tok vare på jentene.

– Dei skulle ikkje eingong vore på den bussen til Bryne. Eg synest òg at det er rart at det ikkje er noko nettverk som ivaretek passasjerane når en ulykke skjer. Éin ting er å handtera det som vaksen, og det gjekk jo bra, men det sit jo i kroppen til ungane.

Ronja og Eline på staden dei sat dagen før, då bussen kolliderte og sette seg fast. Sundag formiddag luktar vegbanen ennå av olje.
Ronja og Eline på staden dei sat dagen før, då bussen kolliderte og sette seg fast. Sundag formiddag luktar vegbanen ennå av olje. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim