Når Bane Nor skal gjera arbeid på togskjenene, må Go-Ahead finna ein alternativ måte å frakta passasjerar på.

Kollektivtrafikkselskapet Nobina leverer buss for tog på oppdrag for Go-Ahead. Nobina igjen, hentar inn underleverandørar.

Laurdag ettermiddag kolliderte ein av dei innleigde buss for tog-bussane med jernbanebrua i Nubbebakken på Bryne.

Nobina har tidfesta samanstøyten til cirka 13:25 ved hjelp av sporing av bussen, opplyser dei til Jærbladet.

Go-Ahead fekk rask beskjed

Tidspunktet stemmer med opplysingane avisa har fått frå ein passasjer som raskte dokumenterte hendinga med bilde.

Bussen køyrde lokalruta på Jærbanen og var erstatning for toget som skulle forlate Nærbø stasjon klokka 13:18.

Nobina opplyser at dei informerte Go-Ahead klokka 13:38 om at bussen sat fast. Etter relativt kort tid kom det ein erstatningsbuss.

Det var ikkje Nobina, men underleverandøren som kontakta politiet, opplyser kommunikasjonsansvarleg Jonatan de Koter laurdag kveld.

«Vi har ikke fått bekreftet det nøyaktige tidspunktet for denne henvendelsen», skriv han til Jærbladet.

Mange skreiv til Jærbladet på laurdag og sende bilde av bussen i Hognestadvegen. Det første tipset kom 13:28 – som er før Go-Ahead. Og lenge før politiet.
Mange skreiv til Jærbladet på laurdag og sende bilde av bussen i Hognestadvegen. Det første tipset kom 13:28 – som er før Go-Ahead. Og lenge før politiet. Foto: Foto: Lesarfoto

Skreiv at det ikkje var passasjerar

Sundag ettermiddag snakkar Jærbladet med operasjonsleiar Roger Litlatun for å få veta når politiet vart kontakta om kollisjonen.

Passasjerar som var om bord då bussen krasja, reagerte då politiet klokka 15:54 opplyste at dei rykker ut til melding om trafikkuhell.

Særleg reagerte dei på opplysninga om at ingen personar var i bussen då uhellet skjedde.

I ei ny melding klokka 16:17 retta politiet den opplysninga, og skreiv i staden at hadde vore passasjerar i bussen då uhellet skjedde.

Nobina skriv til Jærbladet at om lag 20 personar var om bord. Den er registrert med 51 sete og var med andre ord nesten halvfull.

Sundag ettermiddag stadfestar Litlatun at dei først fekk melding frå sjåføren rett før klokka fire laurdag ettermiddag.

Det er cirka 2,5 time etter samanstøyten og lenge etter at Go-Ahead og Nobina fekk melding frå sin underleverandør.

Sjåføren einaste som melde frå

Operasjonsleiaren uttrykker overrasking over at det gjekk cirka 2,5 timar utan at nokon kontakta politiet om at bussen blokkerer vegen.

– Då kan det ikkje ha vore store trafikale problem. Folk plar vera raske med å ringa til oss.

Forklaringa kan ligga i at Hognestadvegen berre blir brukt av lokaltrafikk fordi brua er så låg at ho ikkje tillèt større køyretøy å passera.

Bilar på Hognestadvegen som skulle i retning sentrum, var nøydde til å snu ved brua og køyra ein annan veg. Men ingen vart stoppa frå å koma fram dit dei skulle:

Innringinga til politiet kom rett før fire. Litlatun stadfestar at meldinga frå sjåføren gjekk ut på at det ikkje var nokon personar i bussen.

Det var rett då politiet kom dit rett før fire, men altså ikkje då samanstøyten skjedde.

Han stadfestar at politiet ikkje snakka med andre enn sjåføren.

– Det har ein truleg heller ikkje sett noko behov for, sidan det ikkje er gjort.

Trafikken flaut greitt, trass i bussen som i fleire timar blokkerte Hognestadvegen.
Trafikken flaut greitt, trass i bussen som i fleire timar blokkerte Hognestadvegen.

La raskt vekk saka

– Politiet har vore der, snakka med sjåføren og tatt ei vurdering. Ingen skadar – då er det ikkje ei prioritert sak for politiet.

Litlatun seier at bussjåføren sjølv kontakta politiet, og at han fortalde at bergingsbilen Viking var kontakta for å fjerna bussen.

– Her er det tatt ei vurdering: ingen personskadar og ingen store skadar på materiell. Då blir det ikkje oppretta sak frå politiet si side.

Med mindre det dukkar opp heilt spesielle opplysingar, vil ikkje politiet sjå meir på saka. Og det er det ingen som tyder på, seier han.

– Det me har av opplysningar er at han har ringt og sagt at han har køyrt seg fast, at han har varsla busselskapet og ringt etter bilberging. Politiet reiste ut, snakka med han, og det var ingen merknader på førarkort og slikt. Det er det som er gjort.

Nobina henta inn Kongsberg Tur og Transport som underleverandør for å køyra buss for tog på laurdag. Brua har ei skilta høgd på 3,2 meter. Bussmodellen er 3,77 meter høg, ifølge produsenten Setra.
Nobina henta inn Kongsberg Tur og Transport som underleverandør for å køyra buss for tog på laurdag. Brua har ei skilta høgd på 3,2 meter. Bussmodellen er 3,77 meter høg, ifølge produsenten Setra. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Følgte ikkje retningslinjer

Tysdag ettermiddag svarer dagleg leiar i Kongsberg Tur og Transport, som eig bussen, med å visa til oppdragsgjevaren:

«Vi kjører denne strekningen på oppdrag for Nobina. Etter avtale med dem er det Nobina som svarer på henvendelser fra media om hendelsen, så all dialog om dette må taes med de», svarer Jan Erik Engedahl.

Jonatan de Koter og Nobina har tidlegare opplyst at sjåføren ikkje følgde oppsett køyrerute.

Onsdag gjentar han at det er sjåføren som skal varsla politiet:

«Våre retningslinjer er at sjåfør varsler politiet, samt Nobina og eget selskap når et avvik oppstår. De to sistnevnte ble gjort på lørdag, vi jobber nå med å undersøke hvorfor politiet ikke ble varslet umiddelbart etter hendelsen.»

Sakna nettverk

Jonatan de Koter forklarer korleis rutinane deira er for å følga opp passasjerar etter ei ulukke:

«Det viktigste er å sørge for og kontrollere at alle om bord er i god behold. Dersom det er behov for helsehjelp, skal dette tilkalles. Deretter ordner vi alternativ transport, slik at kundene kan fortsette sin reise. Kundene som var om bord i bussen ble håndtert i løpet av 10 min av en annen buss.»

Sundag snakka Jærbladet med Ørjan Karlsen (31) frå Sirevåg, som skulle til Bryne for å sjå Rosseland Ballklubb rykka opp. Han tok dette bildet før han måtte stikka til fots for å rekka kampstarten klokka 14. Han måtte sjå kampen utan solbrillene som vart liggande att i bussen.
Sundag snakka Jærbladet med Ørjan Karlsen (31) frå Sirevåg, som skulle til Bryne for å sjå Rosseland Ballklubb rykka opp. Han tok dette bildet før han måtte stikka til fots for å rekka kampstarten klokka 14. Han måtte sjå kampen utan solbrillene som vart liggande att i bussen. Foto: Foto: Privat

Den siste opplysinga er oppdatert frå i helga, då Nobina opplyste at det gjekk 17 minutt. Uavhengig av eksakt tidspunkt er siste setning uansett ikkje heilt korrekt.

Ronja Lindmo (13) og Eline Håland (12) vart sitande og venta på mora til Eline. Ho måtte køyra frå Nærbø der veninnene eigentleg skulle ha gått av.

Bussjåføren parkerte på feil side av stasjonen på Nærbø, utan å sleppa av passasjerar, og tok feil rute vidare mot Bryne. Det siste er forklaringa frå de Koter på korleis bussen enda opp i Nubbebakken.

Både jentene og foreldra deira reagerte på korleis jentene vart behandla, og etterlyste på sundag eit nettverk som ivaretek passasjerane når ei ulukke skjer.

Ein tredje person skal også ha forsøkt å gå av på Nærbø. Ifølge jentene måtte han gå éin kilometer til Bryne stasjon og ta buss for tog tilbake til Nærbø.

Lovar erstatning

Nobina svarer at dei har hatt dagleg kontakt med Kongsberg Tur og Transport sidan laurdag, og seier at dei jobbar saman om å kartlegga kva som skjedde og følga opp sjåføren.

Selskapet svarer òg dei har hatt dagleg kontakt med Go-Ahead, og at dei samarbeider om å følga opp kundane som var om bord.

Jonatan de Koter seier at Nobina har kontaktinformasjonen til alle som var om bord og at Go-Ahead er i dialog med desse kundane.

«Vi ønsker å beklage for ulempene hendelsen påførte våre kunder og gjør det vi kan for å følge opp kundene på en best mulig måte. Eventuelle erstatninger vil selvfølgelig dekkes.»

Sundag møtte Jærbladet to unge passasjerar, Ronja Lindmo og Eline Håland, som fekk øydelagt fleire av tinga sine av oljehaldig væske. Jentene opplevde kollisjonen på laurdag som skummel.
Sundag møtte Jærbladet to unge passasjerar, Ronja Lindmo og Eline Håland, som fekk øydelagt fleire av tinga sine av oljehaldig væske. Jentene opplevde kollisjonen på laurdag som skummel. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim